Nøkkelinformasjon

Om studiet

Nepal- Unik kultur og verdens mest ettertraktede fjell og trekking! Forberedelse med norsk friluftsliv og topptur i Sunnmørsalpene !

Både Norge og Nepal har variert og flott natur, og majestetiske fjell. Kontrastane mellom Norge og Nepal er store, og kontrastane inne i Nepal er store. På denne linja skal vi bruke tid på friluftsliv i Norge og oppleve dei enorme fjella på grensa til Tibet. Vi skal bruke god tid på å førebu reisa til Nepal og bli kjend både historie, sosiale og politiske forhold, kultur og religion. Med solid bakgrunns­kunnskap blir turen både lærerik og spennande. Møte med både fattigdom og ein rik gammal kultur vil bidra til å gje deg eit breiare perspektiv på livet og verda.

Innhald på linja

  • Grunnleggande friluftsliv i Norge
  • Toppturar på barmark
  • Overnatting under open himmel
  • Skiturarar i vinterfjellet i Sunnmørsalpene
  • Yoga og pilates
  • Lære litt nepalesisk språk
  • Møte med nepalesarar frå lokalmiljøet på Sunnmøre
  • Grundig kunnskap om land, folk, kultur, religion og sosiale forhold
  • Tur til Nepal i januar/februar
  • Trekking i høgfjellet i Nepal over fleire dagar
  • Kunnskap om kultur, religion, historie og politikk i eit land svært ulike Norge
  • Prosjekt i samarbeid med «Himalpartner»
  • Møte med menneske som vil bidra til å sette spor i deg for alltid.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.