Nøkkelinformasjon

Om studiet

Sport og friluftsliv er linja for deg som syns det er vanskeleg å velje vekk noko, og som vil ha litt meir av alt. Eit år der du får dyrke gamle interesser, eller la nye interesser blomstre.

DU KAN GLEDE DEG!

Sport og friluftsliv er spekka med alt som er gøy, i eit fantastisk område.

Vestlandet er vår læringsarena og leikeplass. Du vil få utfordra deg med elvekajakk i brusande elver i Nordfjord, surfebrett i rullande bølgjer i Hoddevik, ski i vakre Sunnmøresfjell, og sykkel på flytstiar i Nesbyen. Samtidig vil du få opp pulsen i Crossbu, testa konkurranseinnstinktet i ulike nettidrettar som volleyball og padel, og utforska nye spennande vannsportar som wakeboard og dødsing. Det blir også mogleg å øve inn saltoen i turnhallen, og mykje mykje meir. Eit år med Sport og friluftsliv blir rett og slett eit år med alt!

FAKTA

 

FRILUFTSLIV

Surfing i Hoddevik3 dagar

Elvepadling2 dagar

Terrengsykling2 dagar

Klatring3 dagar

Tinderangling3 dagar

Skianlegg og topptur6 dagar

Via Ferrata1 dag

SPORT

Vegen til golf, kurs3 dagar

Ballsport4 dagar

Vannsport4 dagar

Nettsport2 dagar 

Crossfit5 dagar

Sportar du ikkje har prøvd før, feks. leirdueskyting, ishockey, go-kart, paintball 4 dagar

Havkajakk 2 dagar Segltur med Statsraad Lehmkuhl (fellestur for heile skulen) 5 dagar Kokelagstur 3 dagar Førstehjelpskurs 2 dagar Skredkurs 3 dagar Felles snøholetur 3 dagar Skiveke i Hemsedal 5 dagar Åleinenatt 2 dagar Pilegrimsvandring 3 dagar  

Les meir om linja på vår heimeside: https://friluftslivskulen.no/linjer/sport-og-friluftsliv/

 

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.