Friluftsliv / Bu og fritid favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Kristen folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Nye vener. Nye aktivitetar. For deg som treng spesiell tilrettelegging. Eit inkluderande fellesskap og ein trygg start på livet heimafrå. Og eit godt miljø for ny læring og ny meistring.

PÅ EIGNE BEIN

Nye vener. Nye aktivitetar. Nye erfaringar. Som elev på Friluftsliv/Bu og fritid er du ein del av eit inkluderande fellesskap. Du får lære å vere på tur, å kle deg til tur og å vere mykje ute. Du får lære at her som andre stader, er det lurt å vere på rett plass til rett tid. Du får ansvar for å halde rommet ditt reint, ryddig og koseleg. Du vil fort erfare at skitne klede ikkje blir reine av seg sjølv. Du har fri frå undervisning på ettermiddag, men kan fylle tida med aktivitetar som du allereie er glad i, eller du kan prøve noko nytt. Dei tilsette på folkehøgskulen vil passe på at du får den hjelpa du treng. Når du er på skulen og når du er på tur, har du mange ungdomar å dele opplevinga med.

Dette året vil bety mykje for deg. Og for alle oss andre som blir kjende med deg. 

Litt meir om dette tilbodet: Maksimalt seks elevar. Spesielt tilrettelagt for ungdom med lett utviklingshemming. Skulen har åtte stipendiatar som miljøarbeiderar/støttekontaktar. Undervisninga blir organisert i einetimar og gruppetimar. Nokre valfag og fellesfag har du saman med elevar frå dei andre linene. Tilbodet vårt krev ekstra økomiske ressursar frå NAV Forvalting eller fylkeskommunen.

Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/linjer/bu-og-fritid/