Nøkkelinformasjon

Logo Fagskulen Vestland
Logo Fagskulen Vestland

Lærested

Studiested

Førde

Nivå

Fagskolestudium

Studiepoeng

30.00

Studieform

Nettstudium

Studietempo

Deltid

Søknadsfrist

15. april

Godkjenninger

  • Nokut
  • Lånekassen

Antall semester

2

Opptakskrav

F-INF-VFT0001

Antall studieplasser

25

Søknadskode (SO)

20084-34

Om studiet

Dette studiet er tverrfagleg, og skal gje eit felles heilskapleg fagleg grunnlag for studentar både frå helse-, omsorgs- og velferdsyrka og frå teknologiyrke.

Erfaringar frå kommunar som har jobba systematisk med innføring og bruk av velferdsteknologi, peikar på at kunnskapsbasert samarbeid og samhandling er nøklar til å lykkast med velferdsteknologi.

Utdanna studentar frå studium i velferdsteknologi skal kunne delta i planlegging, vurdering, innkjøp, implementering, utvikling og bruk av velferdsteknologiske løysingar i kommunale tenester, i samarbeid med brukarar og pårørande.

Undervisningsopplegg

Utdanninga passar for dei som vil jobbe med velferdsteknologi i institusjonar som barnehage, skule, SFO, barnebustad, omsorgsbustad, sjukeheim, heimeteneste, psykiatri, rusomsorg. Den passar for dei som er vaktmeister og byggdriftar, på tenestekontor og i responssenter. I tillegg i alle andre samanhengar der velferdsteknologi er ein vesentleg del av arbeidsområdet til ein fagarbeidar.

Gjennomføring av utdanninga

Studiet er tilpassa deg som er i jobb. Det vert nettsamlingar, 3 ettermiddager kvar 3. veke. Studiet er halvårig nettbasert over 1 år, 30 studiepoeng.

Du kan studere på følgjande måtar:
- Frå pc i din eigen heim, der du bur i landet.
- Utdanningshub i din eigen kommune. Ein utdanningshub er eit fysisk læringsmiljø i eit lokalsamfunn der læringsressursar blir tilført digitalt frå Fagskulen Vestland

Opptakskrav

  1. fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.

  2. realkompetanse.

  3. søkjarar som kan dokumentere at de skal gjennomføre relevant fagbrev/sveinebrev etter opptaksfristen, kan tildeles plass på vilkår om bestått prøve.

Alle utdanninger innen