Nøkkelinformasjon
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120.00Studieform
SamlingsbasertStudietempo
HeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Noreg som energinasjon har lange tradisjonar innan produksjon og forbruk av elektrisk kraft basert på vasskraft. Det vil seie at ei utdanning innan elkraft er ei utdanning innan eit fagområde som har ein dominerande posisjon både nasjonalt og internasjonalt. Alt frå den daglege drift og vedlikehald av elektriske anlegg til utvikling og forsking på dette fagområdet har i alle år inngått i kvardagen til ein elkraftteknikar. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Stord.
Undervisningsopplegg
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til to år på fulltid. På studiestad Stord tilbyr vi et toårig samlingsbasert heiltidsstudium. Da er det samling frå måndag til fredag kvar tredje veke, så kan ein jobbe ved sida av studiane. Samlingane på skulen vil innehalde mykje praktisk arbeid, bedriftsbesøk og demonstrasjonar.