Portrettfoto av trevaresnikkar Freja Kristensen.

YrkesintervjuTrevaresnikkar favoritt ikon

– Det er gøy å lage kvalitetsmøblar, for det er noko folk kan ha med seg resten av livet, seier trevaresnikkar Freja Kristensen. 

Freja Emilia Rybjerg Kristensen
20 år
Trevaresnikkar
Lien og Lian, Barkåker i Vestfold

Kvifor valde du dette yrket? 

– Det var i 10. klasse at eg fann ut at det var dette eg ville. Vi hadde ein snikkarverkstad på skolen, kor eg alltid syntest det var spennande å vere. I tillegg var eg klar for å gjere noko anna enn å sitte på skolebenken. 

trevaresnekker2.jpeg

Trevaresnikkar Freja Kristensen ståande ved eit arbeidsbord kor ho held ein pussemaskin på ein bit materiale. Ikledd svart hettejakke og briller, avbilda frå livet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Her lagar vi alt av møblar og innreiing – det går mykje i kjøkken, garderobe og baderomsinnreiing. Alt er bestilt etter skreddarsydde mål for å passe inn ein stad. 

Ein trevaresnikkar gjer mange av dei same arbeidsoppgåvene som ein møbelsnikkar – men møbelsnikkarane går litt meir i detalj. Eg står på ulike arbeidsstasjonar her – som ved saga, pussemaskinen, kantlistmaskinen, tjukkleikshøvelen som høvlar ned materialet til tjukkleiken du skal ha, og avrettaren som lagar rette og fine kantar på materiala. Ofte set eg saman produktet og gjer det klart for transport. Innimellom er eg også med ut til kunden for å montere produktet der det skal stå. 

Arbeidstida er frå 07.15 til 15.30, med to pausar. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du må ha fagbrev som trevaresnikkar. Då går du VG1 Bygg og anleggsteknikk og VG2 Treteknikk, før du går to år i lære. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Det viktigaste er nok å ha interesse for faget. I tillegg må du vere interessert i nye utfordringar. Du må vere positiv og sjå løysingar – i staden for å tenke «dette går ikkje», må du tenke «korleis kan eg fikse dette?». Det er mange tunge løft, men vi har hjelpemiddel for å flytte ting og for å få gode arbeidsstillingar – og du jobbar jo ikkje aleine. Likevel kjem du ikkje unna tunge løft innimellom, så viss du ikkje klarer dei, kan det bli vanskeleg. Det er også mykje støv i denne jobben, så viss du har veldig sterk astma eller støvallergi, kan det bli ubehageleg. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Eg liker at det stadig er nye utfordringar, og at eg får lov til å finne løysingar på eiga hand – samtidig som eg får hjelp når eg treng det. Så synest eg det er gøy å lage møblar. Møblar er noko du kan ha med deg når du flyttar, og det kan gå i arv. Sveinestykket mitt var ein skjenk, og den kan eg ha med meg for resten av livet. Vi lagar veldig fine produkt her, i høg kvalitet, og vi prøver stadig å forbetre oss. Så er det sjølvsagt også gøy når vi får gode tilbakemeldingar frå kundane.

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Dei tunge løfta. Har eg løfta mykje tungt ein dag, kan eg ha vondt den neste dagen.

trevaresnekker3.jpeg

Trevaresnikkar Freja Kristensen ståande bøygd over ei sag, ikledd svart hettegenser og briller.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Som trevaresnikkar kan du jobbe i verksemder som lagar det meste av det du finn inni huset: møblar, vindauge, dører og trapper. Du kan også jobbe for deg sjølv, men då kan du ikkje ta på deg like store oppdrag. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det varierer frå bedrift til bedrift – nokon har tarifflønn, andre ikkje. Er du flink og har mykje ansvar, får du meir lønn. Medianlønna for snikkarar generelt er mellom 400 000 og 450 000 kroner i året. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Dei er gode. Det er behov for fagutdanna snikkarar. Det kan likevel vere litt utfordrande å finne læreplass, så viss det er mange lærlingar i området, kan det hende du må reise litt.

Tekst:
Signe Steinnes
    • I staden for å tenke «dette går ikkje», må du tenke «korleis kan eg fikse dette?».
    • Vi lagar alt av møblar og innreiing. Alt er bestilt etter skreddarsydde mål for å passe inn ein stad. 

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser