Telefonseljar Marianne Ekker.

YrkesintervjuTelefonseljar favoritt ikon

I jobben som telefonseljar opplever Marianne Ekker at ho får spelerom til å vere seg sjølv.

Marianne Ekker
25 år
Telefonseljar
Adresseavisens telefontenester, Trondheim

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har alltid likt å jobbe med folk, og eg ville ha ein jobb der eg hadde moglegheit til å vere meg sjølv. Eg tenkte at telefonseljar verka spennande. Eg fekk prøve meg, og eg fann ut at eg likte det veldig godt.

Kva oppgåver består arbeidsdagen din av?

– Her jobbar vi frå ni til fem. Vi startar klokka ni med å ha ein liten brifing. Da snakkar vi litt om kven som var best i går, planane for dagen og litt om dei avisene vi skal selje – så vi får førebudd oss. Vi ringer mellom 1,5 – 2 timar. Så har vi pause med ein liten brifing igjen – før vi går på ein ny økt.

Her sel vi mange forskjellige aviser – samt medlemskap, laussal og annonsesal for Adresseavisen. I tillegg jobbar vi med oppfølging av eksisterande kundar. Avisene vi sel varierer frå små lokalaviser til store regionaviser. Abonnementsløysingane dei forskjellige avisene tilbyr er ofte ganske like, men kundebasen og prisane forandrar seg for kvar økt. Vi rullerer oppdragande vi sitt på for kvar økt sånn at det er lettare å halde trykket og engasjementet oppe. Med andre ord, dersom eg selde abonnement for Adresseavisen sist økt, kan eg sitte på sal for ei anna avis neste økt. 

telefonselger4_sunnivanb_1.jpeg

Telefonseljar Marianne Ekker snakker i telefonen med hodetelefonar på.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er nødvendig for å bli telefonseljar?

– Du må ha gode kunnskapar i norsk, og vere gjennomsnittleg god i engelsk. Du møter ein del kundar som ikkje kan snakke norsk, eller som ikkje forstår dialekt. Eg veit ikkje om engelsk er eit formelt krav, men det er ein fordel med gode språkkunnskapar. Eg trur nok ikkje dei bryr seg om du har 2 eller 6 i matematikk og samfunnsfag, det er viktigare å vise at du er ein person med stå-på-vilje og litt bein i nasen.

Kven passar ikkje dette yrket for?

– Dersom du slit med å distansere deg og har litt tynn hud, vil denne jobben kanskje ikkje passe deg så godt. Somme kundar blir sinte og ufine, og du kan ikkje ta det for mykje innover deg.

Kva er det beste ved yrket ditt?

– For meg er det samtalen eg trivast best med. Eg likar veldig godt å snakke med vidt forskjellige menneske og avdekke eit behov. Eg må da prøve å finne eit produkt som dekker dette behovet, eller kanskje finn eg ut at det ikkje er noko behov der. Det er ei morosam utfordring. Og somme gonger snakkar eg med menneske som er dødskule, der eg nesten synest det er synd å skulle avslutte samtalen. Å snakke med folk er det beste!

Kva misliker du mest ved yrket ditt?

– Det må vere samtalane med dei som gløymer at du er eit menneske. Somme kan vere regelrett stygge. Eg er ganske god til å ikkje ta ting personleg, men det hender innimellom at ein møter folk som er heilt i hundre, og det er jo ikkje gøy.

Kva slags type folk vil du anbefale jobben til?

– Eg vil anbefale jobben til dei som likar at det skjer ting, og dei som trivast med å ha stor fleksibilitet og stort spelerom. Du vil kunne trivast godt dersom du er ein person som likar å snakke med forskjellige typar menneske.

Kva andre arbeidsområde/moglegheiter finst innanfor ditt yrke?

– Du kan bli teamleiar og salssjef og det finst eksempel på folk som har starta eige firma. Dessutan er det å ha erfaring frå sal ein veldig fin ting å ha med seg inn i mange jobbar. Eg trur du kan bruke det i alle yrke som har noko med menneskeleg kontakt å gjere.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det varierer veldig. Her har vi gode vilkår med fast lønn og provisjon i tillegg. Eg har jobba på plassar som har full provisjon og der kan du både lykkast og mislykkast veldig. Her trur eg vi ligg på nesten 200 kronar timen i snitt. Eg trur fint du kan tene 350 000 kroner i året hos oss.

Korleis ser du på sjansane for å få jobb innanfor yrket?

– Dei siste åra har det blitt litt vanskelegare enn det var før, for det har blitt litt mindre gjennomtrekk. Tendensen er at fleire og fleire blir nokre år. Likevel er det god moglegheit for å få jobb viss du er litt på.

Tekst: Sunniva Neraas Bue

    • Du vil kunne trivast godt dersom du er ein person som likar å snakke med forskjellige typar menneske.

Yrkesbeskrivelser