Portrettfoto av tannteknikar Hilde Jensen Hurum.

YrkesintervjuTannteknikar favoritt ikon

– Eg har pasientar som gret av glede når dei får på plass det eg har laga. Det gir meg mykje, seier Hilde Jensen Hurum.

Hilde Jensen Hurum 
65 år
Tannteknikar
Sjølvstendig næringsdrivande, Tønsberg

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har alltid vore veldig glad i å bruke hendene mine, og opptatt av form og farge. Tannteknikk er ikkje ei utdanning som berre dreier seg om bokkunnskap – du må også bruke hendene. Den kombinasjonen synest eg er veldig fin. Eg liker også å jobbe med menneske. Kommunikasjonen med tannlegane er viktig, og pasienten er heile tida i fokus – det er han som skal bere det eg lagar. Tenner er viktig både for ernæring og det sosiale – tenner, munn og smil har meir å seie enn ein kanskje skulle tru. Eg har pasientar som gret av glede når dei får på plass det eg har laga. Det gir meg mykje. 

fullsizeoutput_2623.jpeg

Tannteknikar Hilde Jensen Hurum ståande i kvit arbeidsuniform ved ein maskin som formar ei protese.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Eg lagar såkalla avtakbar protetikk, det vil seie ting du kan ta ut av munnen. Det er bittskinner, tannbeskyttarar, bleikeskinner, snorkeskinner og protesar – også kalla gebiss. Protesane kan vere heile eller partielle, det vil seie at pasienten har nokre tenner sjølv. Eg lagar òg midlertidige protesar når pasienten ventar på implantatbehandling, i tillegg til protesar som festast på implantat. Implantat er ei permanent løysing som blir skrudd inn i kjeven. Det er primært tannlegen som vurderer pasienten sitt behov, og så snakkar vi saman om kva som er mogleg. Tidlegare har eg også jobba med fast protetikk, som er kroner og bruer.

Eg jobbar med ulike plastmateriale: to-komponent, sjølvherdande og dei som herdar ved koking, i tillegg til termoplastiske materiale, det vil seie dei som kan formast når dei blir oppvarma. Fast protetikk er mykje meir «reint», med mindre støv. Målet er det same: å sørge for at pasientane får den beste løysinga ut frå føresetnadene deira. Pasientane kan vere både unge og gamle. Plutseleg kan eg få inn ein som har slått ut ei fortann og skal konfirmerast om tre dagar. Då er det gøy å kunne svinge seg rundt og fikse det. 

På ein vanleg dag tar eg gjerne først ein runde hos tannlegane for å hente avtrykk eller levere ferdige produkt. Nokre avtrykk er av eit materiale som må handterast med ein gong, mens andre kan vente litt. Eg må heile tida ha oversikt over at eg leverer produkta til rett tid, så ikkje kunden kjem forgjeves til tannlegen. Å ha orden på logistikken er viktig. Det hender også at eg hentar avtrykk og leverer produkt i løpet av dagen. 

Faget står overfor ei rask digital utvikling. Når ei tannerstatning skal lagast, tar tannlegen eit avtrykk av situasjonen i munnen. Ut frå det avtrykket lagar eg ein gipsmodell som eg arbeidar vidare på. I staden for å ta eit fysisk avtrykk, kan tannlegen skanne situasjonen i munnen og overføre det digitalt til tannteknikaren. Vidare kan ein bruke ulike metodar for å frese og printe materialet. Framtida bringar fantastiske moglegheiter, og det er gøy å følge utviklinga. Det er likevel viktig at ein heile tida har i tankane at resultatet må bli minst like bra som når vi brukar tradisjonelle teknikkar. 

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du må ta ei bachelorgrad i tannteknikk ved OsloMet.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– God kommunikasjon er viktig, slik at tannlegane og pasientane veit kva for løysingar som er moglege. Då kjem ein i mål. Det er også viktig å vere tolmodig, for av og til må du gjere ting om igjen – for eksempel viss avtrykket ikkje er godt nok. Er du fingernæm og kreativ, er det også eigenskapar du vil få bruk for. Fargesans og formsans er også ein fordel, samtidig som du må vere nøyaktig. Du kan lage noko som ser heilt fantastisk ut, men viss det ikkje passar, er det ubrukeleg. Du bør også vere god til å planlegge logistikken. Jo betre du klarer å jobbe parallelt med ulike oppgåver, jo meir effektiv blir du, og jo meir tener du.

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Viss du har ti tommeltottar, vil du få problem – men mykje kan innøvast og opparbeidast. Eg har vore instruktør og førelesar ved tannteknikarutdanninga, og opplevd at veldig mykje kan skje med studentane i løpet av dei tre studieåra. Du bør også ha godt fargesyn, for det er viktig å kunne sjå små nyanseforskjellar. Sjølv ein liten fargeforskjell kan gjere at ei tann skil seg veldig ut. 

Kva liker du best med yrket ditt? 

– Eg synest eg har eit fantastisk yrke. Det å kunne hjelpe ein pasient til ein betre kvardag, er veldig fint. Å bli involvert i problema tannlegen står overfor, og vere med i prosessen for å løyse det, er spennande. Det er lærerikt å vere konsulent for tannlegen, og dette blir viktigare og viktigare, i og med at tannteknikk nesten er borte frå tannlegestudiane. Eg liker også at sjølv om eit arbeid kan vere vanskeleg og stressande, kjem du i alltid i mål med det – og då er du ferdig. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Det er ikkje noko eg misliker. Men yrket vårt er inne i ei omstillingsfase både i Noreg og globalt, med aukande konkurranse frå utlandet, noko som kan vere krevjande. Samtidig hadde vi nok ikkje klart å dekke heile marknaden utan import. Myndigheitene stiller også stadig fleire og strengare krav til dei som driv laboratoriene. Økonomien skal sjølvsagt vere i orden, og kvalitetssikringssystem og internkontroll skal vere på plass. GDPR skal vareta dei digitale opplysningane. Alt dette krev ein del tid, og det er noko heilt anna enn å utøve sjølve yrket.

fullsizeoutput_261f.jpeg

Tannteknikar Hilde Jensen Hurum sittande i kvit arbeidsuniform ved eit arbeidsbord, medan ho jobbar med eit gebiss.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket? 

– Du kan jobbe med fast eller avtakbar protetikk, som nemnd tidlegare. Du kan vere tilsett på eit laboratorium, eller du kan drive for deg sjølv. Viss du driv ditt eige føretak, kan du drive lite, som eg gjer, eller samarbeide med andre på eit større laboratorium. Tar du vidareutdanning, kan du undervise. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Eg vil tru at dei fleste har ei ganske gjennomsnittleg lønn etter fullført bachelorgrad, og begynner på rundt 400 000 kroner i året. Går du inn på eigarsida på eit laboratorium, kan du hente ut overskot – eller underskot. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Dei trur eg er gode. Eg veit at fleire kollegaer må hente inn utanlandsk arbeidskraft. Men du må nok vere villig til å flytte på deg. I dei større byane er det meir kamp om jobbane.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Tannteknikk er ikkje ei utdanning som berre dreier seg om bokkunnskap – du må også bruke hendene. Den kombinasjonen synest eg er veldig fin.
    • Plutseleg kan eg få inn ein som har slått ut ei fortann og skal konfirmerast om tre dagar. Då er det gøy å kunne svinge seg rundt og fikse det. 

Yrkesbeskrivelser