Steinarbeidar Tony Nordholmen i steinbrotet

YrkesintervjuSteinfagarbeidar favoritt ikon

Som steinfagarbeidar nyttar Tony Nordholmen mykje av arbeidsdagen under open himmel.

Tony Nordholmen
44 år
Steinarbeidar
Lundhs AS, Larvik, Avd. Tveidalen
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å bli steinfagarbeidar? 

- Eg ynskte å arbeide med stein. Dette har vore ei interesse sidan ungdomen, så eg byrja på steinfaglinja på yrkesskule i 1989. I 1990 fekk eg læreplass.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av? 

- Arbeidsdagen min finn stad i eit steinbrot. Hovudoppgåva mi er å køyre hjullastar og frakte stein til eit lager med store steinblokker, samt bidra med saging av stein i steinbrotet.  

Kva utdanning og kvalifikasjonar bør ein ha for å bli steinfagarbeidar? 

- Ein kan gå på bygg- og anleggsteknikk på vidaregåande skule, og så gjennomføre læretid. Eit alternativ er å skaffe seg fem år praksis og ta eksamen som privatist, før ein til slutt gjennomfører praktisk fagprøve.

Ein må setje pris på å arbeide utandørs, samt like fysisk arbeid. Interesse for arbeid med stein og stort utstyr er også ein føresetnad.

lundhs_-_larvik_red.jpg

All rights reserved.

Kva er det beste ved yrket ditt? 

- Eg trivast godt i jobben min. Gode arbeidskollegaer er eit stort pluss, samstundes som eg også tykkjer det er spennande å få arbeide med store maskiner og køyretøy utandørs. 

Kva mislikar du mest ved yrket ditt? 

- Harde vintrar med mykje snø og kulde kan vere ei utfordring. Ein hardfør vinter kan føre til problem med maskiner og vatnet me brukar i arbeidsoppgåvene våre, blant anna til saging av stein ute i steinbrotet.  

Kva andre arbeidsområde / moglegheiter finst innan yrket ditt? 

- Som steinfagarbeidar kan ein også arbeide med tilarbeiding av stein og skifer, samt montering av stein. Ein kan arbeide med fasadar på bygg, kjøken, trapper og liknande. Ulike firma tilbyr dette.

Kva lønn kan ein vente seg innan yrket ditt? 

- Lønna hjå oss ligg på om lag 500 000 kroner. 

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt? 

- For vår del tek me stadig inn nye lærlingar, og det er alltid flott å få inn yngre arbeidskraft og energi. Eg har inntrykk av at marknaden er godt for steinfagarbeidarar.

steinarbeidar_tony_nordholmen.jpg

All rights reserved.
    • Hovudoppgåva mi er å køyre hjullastar og frakte stein til eit lager med store steinblokker.
    • Gode arbeidskollegaer er eit stort pluss.
    • Harde vintrar med mykje snø og kulde kan vere ei utfordring.
    • Lønna hjå oss ligg på om lag 500 000 kroner.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser