Kvifor valde du dette yrket?

– Eg tok lektorutdanning i samfunnsfag og matematikk, og skulle bli lærar. I samband med at eg spesialiserte meg i sosiologi på mastergraden min, blei eg tatt med på ein bedriftspresentasjon her på Sentio. Eg syntest det verka så spennande at eg sende ein mail til dei etterpå der eg skreiv at eg var interessert i jobb. Eitt år seinare kontakta dei meg, og her sit eg. Plana mi var heile tida å bli lærar, men det var ikkje før eg starta med å studere sosiologi eg merka at eg syntest det var veldig spennande med metode, datainnsamling og -behandling.

Image
Lisens
1

Kva oppgåver består arbeidsdagen din av?

– Vi jobbar med oppdrag frå forskjellige kundar. Vi samlar inn data, analyserer desse og skriv rapportar som vi leverer tilbake til kunden. Somme gonger held vi også presentasjonar. Det kan vere ganske stor variasjon etter kva for oppdrag vi jobbar med og kor langt vi er frå tidsfristen. Det er møter med kundar, der vi utarbeider intevjuguide eller spørjeskjema i samarbeid, vi kan vere ute og presentere ferdige data til kunden og eg kan vere ute for å gjennomføre intervju og fokusgrupper. Mest sit eg likevel her på kontoret og jobbar med rein statistikk i analyseprogram. 

Arbeidstida er åtte til fire, men det er ganske fleksibelt i og med at vi jobbar mykje på eige hand og kan styre tida sjølv. Vi må rette oss etter datoane kundane skal ha resultata sine, så somme periodar er det mykje å gjere, og andre periodar lite.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er nødvendig for å bli statistikar?

– Alle vi som jobbar her hos oss har master i sosiologi eller statsvitskap med spesialisering i kvantitativ og kvalitativ metode. Du må vere sterk i metode, utan at det nødvendigvis betyr at du må vere spesielt god i matematikk. Du må greie å ha ei praktisk tilnærming til det å gjennomføre undersøkingar frå A til Å: Planlegging og forarbeid, gjennomføring av datainnsamling, analyse og rapportering.

Det er også ein fordel dersom du har gode skrivekunne og greier å framstille resultata på ein lettfatteleg måte. Dei fleste kundane våre har jo ikkje utdanning i statistikk, så det handlar om å gjere resultata enkle å forstå og bruke.

Av personlege eigenskapar er det ein fordel om du er strukturert og god til å planlegge.

Kven passar ikkje dette yrket for?

– Eg tenker at du ikkje passar dersom du har totalt talangst. Du kan heller ikkje vere veldig ukomfortabel med å ha kundekontakt, møter og presentasjonar.

Kva er det beste ved yrket ditt?

– Eg likar godt at det er veldig variert. Vi er jo ganske få her på min arbeidsplass, så vi har ikkje så veldig avgrensa arbeidsområde kvar og ein av oss. Det er dermed litt flytande på den måten at vi gjer litt av alt, og at vi får moglegheit til å vere delaktig i alle fasar av eit prosjekt. Da får vi også litt ekstra eigarskap til prosjekta. 

Ein annan ting er at vi har så stort spenn i kundegruppa, og da er veldig mange tema eg får jobbe med. Eg får moglegheit til å bli litt ekspert i mykje forskjellig. Eg oppdagar at ting eg aldri har tenkt over plutseleg blir litt interessant.

Kva misliker du mest ved yrket ditt?

– Det kan hope seg opp og bli veldig travelt i periodar. Spesielt før feriar når mange kundar skal ha resultata sine. Det handlar mykje om å planlegge og strukturere, men somme gonger er det ikkje til å unngå at det blir mange tidsfristar på ein gong. Det løyser seg jo alltid, men det kan vere litt stressande innimellom.

Image
Lisens
1

Kva slags type folk vil du anbefale jobben for?

– Eg vil anbefale jobben for deg som er glad i samfunnsvitskapelege metodar og synest det er artig å jobbe med dette i praksis. Men også viss du er samfunnsinteressert og likar å finne ut meir om samfunnsaktuelle tema.

Kva andre arbeidsområde/moglegheiter finst innanfor ditt yrke?

– Mange eg kjenner som er sosiologar og statsvitarar jobbar gjerne i det offentlege, som i kommune og fylkeskommune, NAV og i utdanningssektoren. Mange statistikarar jobbar også med å hjelpe forskarar på ein eller annan måte, og eg ser at somme av kundane våre har eigne statistikkavdelingar som jobbar vidare med dei tala og resultata vi legg fram for dei. Med ei statistikkutdanning får ein kompetanse som kan kombinerts med mykje anna, og dette bør vere attraktivt. I tillegg blir ein jo litt som ein potet, for ein kan jo jobbe med mykje forskjellig mange stader.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Eg trur det kjem an på kor du jobbar, om det er offentleg eller privat sektor og kva bransje det er. Eg jobbar som rådgjevar/konsulent og får derfor lønn etter dette. 

Korleis ser du på sjansane for å få jobb innanfor yrket?

– Da eg fekk jobben her hadde dei vore dei same folka i ein del år. Tilfeldigvis var det ei som slutta, så eg hadde litt flaks. Det vil kanskje handle litt om kontaktnettverk, det at nokon kjenner til deg og kva du kan. Men med tanke på at det finst folk som jobbar med statistikk i mange bedrifter, kan det absolutt dukke opp noko. Det bør absolutt vere gode moglegheiter for å få seg jobb.

Tekst: Sunniva Neraas Bue

Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter intervjuet ble publisert.