Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg har alltid vore interessert i spel, og fekk min første Nintendo då eg var 5 år. Vi skal jo jobbe store delar av livet, så derfor hadde eg lyst til å gjere noko eg brenn for. Å ha det moro på jobb er viktig. 

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Her utviklar vi PC-, mobil- og konsollspel. Nokre spel er våre eigne, andre lagar vi for kundar som ikkje har eigne programmerarar. Som programmerar lagar eg kodane i spela. All teknologi er bygd opp av kodar som gjer noko. Det er som eit språk – når du kodar, fortel du PC-en kva han skal gjere. Då er det viktig å vere presis, viss ikkje blir det fort tull. 

Dagen min avheng litt av kva slags prosjekt eg jobbar med. Vi har eit «task management program» kor vi ser kva for oppgåver som er høgast prioritert, og går i gang med det. Kl. 10 har vi eit fast «stand up-møte», kor vi fortel kva vi driv med og kva som er planen for dagen. 

Arbeidsdagen er hovudsakeleg framfor PC-en. Arbeidstida er åtte timar pluss ein halvtime lunsj – eg jobbar frå 8 til 16.30. I innspurten på prosjekt kan det bli meir. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Det er ikkje noko krav til ei bestemt utdanning – portfolioen din har alt å seie, altså at du kan vise til ting du har laga. Sjølv har eg gått 3D og spilldesign på Noroff fagskole, som er eit toårig studium. Her lærte eg det grunnleggande – men det meste har eg lært etter at eg begynte i jobb. Det er ikkje så mange eigne spel-utdanningar i Noreg, men det finst spellinjer på ein del folkehøgskolar. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Du må vere villig til å lære nye ting heile tida, for programma blir stadig oppdatert. Då må du sette av litt av fritida til å tileigne deg ny kunnskap. Du må også vere villig til å sjå nye løysingar, for det er alltid fleire måtar å gjere ting på, og då er det om å gjere å finne den løysinga som gir best yting. Du må i tillegg kunne samarbeide godt med både kollegaer og kundar.

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Det er eit veldig kreativt og givande yrke. Det å vere med på å lage eit univers som folk kan leve seg inn i – og å sjå folk på nettet spele noko du har vore med på å lage – er veldig moro. Det er gøy å kunne følgje spelet si utvikling frå start til slutt. 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– I spelindustrien er det ofte lange arbeidsdagar. Særleg i innspurten av eit prosjekt hopar arbeidsoppgåvene seg ofte opp. Det er også frustrerande når ting ikkje funkar, og du ikkje heilt skjønar kvifor. 

Image
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Programmering gir mange moglegheiter. Når du først kan eitt kodespråk, er det enkelt å lære seg andre. Spel er eit smalt felt i Noreg, men det finst teknologi over alt som du kan jobbe med. Erfarne programmerarar er veldig ettertrakta i Noreg. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Med erfaring kan du tene bra. Snittlønna til programmerarar er på rundt 700 000 kroner, og det er mogleg å tene rundt ein million når du har jobba deg opp. Ei typisk startløn vil eg tru ligg på rundt 400 000 kroner i året. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Det er vanskeleg å få jobb innanfor spelindustrien. Eg var den einaste frå klassen min som fekk jobb som spelprogrammerar. Du må sette av mykje tid til å bli den beste i klassen, og verkeleg gå for det. Men viss det er noko du har lyst til, så køyr på. Viss du ikkje får jobb som spelprogrammerar, og kan koding, har du uansett mange andre moglegheiter. 

All teknologi er bygd opp av kodar som gjer noko. Det er som eit språk – når du kodar, fortel du PC-en kva han skal gjere. Då er det viktig å vere presis, viss ikkje blir det fort tull. 
Det er vanskeleg å få jobb innanfor spelindustrien. Du må sette av mykje tid til å bli den beste i klassen, og verkeleg gå for det.