Snikkar Stig Rørvik

YrkesintervjuSnikkar favoritt ikon

Stig Rørvik trivst godt som snikkar i Drømmebygg AS. Arbeidsdagen inneber fyrst og fremst å setje opp bygg og interiør.

Stig Rørvik
50 år
Snikkar
Drømmebygg AS, Trondheim
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å bli snikkar?

- Det er nok mest tilfeldigheiter som førte til at eg vart snikkar. Eg flytta til ei lita bygd som ungdom, og då var snikkaryrket ein av få moglegheiter til å få seg jobb. Eg er veldig glad for at snikkaryrket på mange måtar valde meg.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Arbeidsdagen min er særs allsidig. Eg arbeidar hovudsakeleg med bygg og interiør. Vinterhalvåret består i hovudsak av oppussing og innvendig byggingsarbeid. Med fagbrev som snikkar, har eg også ein del oppdrag som inneber bygging av spesialmøblar og spesialløysningar. Eg pleier å ynskje meg utandørs arbeid i sommarhalvåret, og då arbeidar eg i stor grad med å setje opp terrassar, gjerder og utvendig kledning. Ellers arbeidar eg også med kjøkenmontering, bygging av møblar, samt legging av parkett og listverk.

snikkar_stig_rorvik_2.jpg

All rights reserved.

Kva utdanning og kvalifikasjonar bør ein ha for å bli snikkar?

- Ein går fyrst vg1 bygg og anleggsteknikk og vg2 byggteknikk. Etter det gjennomfører ein to år som lærling i bedrift.

Som snikkar bør ein vere praktisk anlagt og meistre fysisk og praktisk arbeid. Det løner seg også å ha evna til å samarbeide godt med andre menneske, samt å skape ein god tone på arbeidsplassen. Ein må sjølvsagt også vere interessert i snikkarfaget.

Kva er det beste ved jobben din?

- Det beste med jobben min er stoltheita eg kjenner over å skape noko med eigne hender, samt ved å ta i bruk godt utstyr. Eg haustar også glede i å oppleve at kundane mine er nøygde med jobben eg har gjort.  

Kva mislikar du mest ved jobben din?

- Eg mislikar i grunn ingenting ved jobben min, men dersom eg må nevne noko, må det bli fliser i hendene.

snikkar_stig_rorvik_3.jpg

All rights reserved.

Kva lønn kan ein vente seg innan yrket ditt?

- Eg driv mitt eige firma og fylgjer ikkje normale lønnsforhold, men lønna ligg nok på 4- 500 000 kroner per år. Med ei tilleggsutdanning som teknikar eller meistar, kan ein gjerne legge til 100 000 kroner i tillegg til vanleg lønn.

Kva andre moglegheiter finst innan yrket ditt?

- Med fagbrev som snikkar kan ein t.d. utdanne seg vidare i ei byggeteknisk utdanning, noko som gir kombinasjonen administrativ kunnskap med ein snikkars kunnskap om detaljar. Med ein aukande kvadratpris for husrom i byane, er det no særs populært å leige inn snikkarar til å bygge hemsar med seng, samt skåp under trapper og skråtak. Dette er ein marknad i vekst.  

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt?

Ein opplev no ein mangel på norske fagarbeidarar i marknaden. Dette gjeld også snikkarar. Ein ser også at kundane stadig stiller høgare krav til kvalitet. Som snikkar er ein derfor attraktiv som interiørarbeidar hjå dei fleste entrepenørar.

    • Eg er veldig glad for at snikkaryrket på mange måtar valde meg.
    • Det beste med jobben min er stoltheita eg kjenner over å skape noko med eigne hender.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser