Portrettbilde av salssjef Berenike Munthe Wulfsberg, avbilda frå brystet og opp, ikledd raud blazer og kvit topp.

YrkesintervjuSalssjef favoritt ikon

– Sal handlar om menneske og menneskelege relasjonar. Som salssjef må du vere god med både kundar og tilsette, seier Berenike Munthe Wulfsberg.

Berenike Munthe Wulfsberg
47 år
Salssjef
Senab Eikeland, Tønsberg

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg blei anbefalt å søke ei stilling som seljar då eg var 23 år, på bakgrunn av personlegdom. Det viste seg å passe veldig godt. Eg jobba som seljer i mange år, og treivst veldig godt i miljøet og med oppgåvene. Eg liker å snakke med menneske, og fekk gradvis fleire leiaroppgåver, i tillegg til at eg haldt kurs for nye seljarar. Etter kvart fekk eg ei stilling som salssjef, som inneber både å leie og coache eit salsteam, i tillegg til å jobbe med sal sjølv. No har eg jobba som salssjef i nærmare 10 år i ulike bedrifter. 

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Jobben min handlar om å balansere mellom å oppnå eigne resultat, samtidig som eg har eit ansvar for avdelinga sine resultat. Det er krevjande å handtere begge delar, men også veldig spennande å skape eit miljø saman med dei andre, og jobbe mot måla bedrifta har sat seg. Seljarane er spydspissen til ei bedrift. Sel du ikkje, har ikkje bedrifta noko å jobbe med. Salssjefen skal både støtte dei som ikkje oppnår resultat, og fortsette å motivere dei som gjer det. Ein typisk dag kan innebere å booke møte, samtale med medarbeidarane, vere ute i kundemøte, eller utarbeide tilbod. Arbeidsdagen er variert, men du jobbar heile tida med menneske. Kommunikasjon er derfor ein veldig viktig del av salssjefsyrket.

Bedrifta eg jobbar i, sel gode arbeidsplassar – enten det er high-end designmøblar eller ein enkel kontorstol. Marknaden vår er alt frå det offentlege, som skole og helsevesen, til nye restaurantar eller store kontorlandskap kor omgjevnadane påverkar resultata. Dei eg møter, kan vere alt frå ei enkeltmannsbedrift til store, internasjonale selskap som skal innreie eit heilt bygg med ulike sonar. Sal er på mange måtar omsorg – vi skal vere ein rådgjevar som gir dei beste løysingane for kundane våre.

Omsetninga skal heile tida følgast med på, samtidig som det er viktig å ha ting på gang med potensielle kundar. Det må aldri vere tomt i kalenderen. Det krev at ein følger med i marknaden, snakkar med menneske, møter andre næringsdrivande og får gode relasjonar til dei. 

fullsizeoutput_25ce.jpeg

Salssjef Berenike Munthe Wulfsberg står ved eit bord og pratar med ein sittande kollega.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du må like å snakke med menneske – men du må ikkje nødvendigvis vere utåtvend. Du må også ha ein viss form for struktur, i alle fall nok til å kunne følge opp kundane dine. Det er også fint å ha ei viss forståing for tal, og å vere nysgjerrig. For mange er ein salsjobb ein veg inn i arbeidslivet, fordi du ikkje treng formell utdanning for å klare oppgåvene. Du kan også gå sal og service på vidaregåande. Mange organisasjonar har kurs for tilsette når dei begynner, slik at du får kunnskap om tenestene eller produkta dei sel. Krav til forkunnskap vil variere veldig etter kva for ein bransje ein jobbar i. Arbeidsmetodane lærar du etter kvart. Sal handlar om menneske og menneskelege relasjonar, og som salssjef må du vere god med både kundar og tilsette. Eg har derfor studert psykologi for å lære meir om kva som påverkar slutningar og åtferd. Eg har også tatt studiar innan coaching.

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Eg trur mange kan jobbe med sal, berre du ser verdien av det du sel, og opplever at kunden har behov for det. Sal er eigentleg eit breitt omgrep – kvar dag sel du inn eigne meiningar, for eksempel. Sal er uansett prestasjonsretta, og viss du ikkje liker å bli målt på resultat og jobbe i konkurranse, er det nok ikkje for deg. Det passar heller ikkje viss du ikkje liker å ta kontakt med folk eller snakke i telefonen. 

Kva liker du best med yrket ditt? 

– Eg liker å oppnå resultat, og så liker eg veldig godt å vere i møte – å prate med kundane, kartlegge korleis dei har det og gi råd om løysingar. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Når ein ikkje har oppnådd resultat over tid, er det ikkje noko gøy. Då føler du ikkje at du bidrar inn til fellesskapet. Eg liker heller ikkje så godt å ta samtalane når det ikkje går bra for seljaren – men det er ein del av jobben, og då må ein prøve å finne ei løysing. 

fullsizeoutput_25cc.jpeg

Salssjef Berenike Munthe Wulfsberg sit framfor to dataskjermar og pratar i ein mobiltelefon.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Det finst mange moglegheiter. Som salssjef er du ikkje nødvendigvis knytt opp mot eitt fagområde. Er du god som seljar, kan du jobbe i veldig mange ulike bransjar og med ulike typar bedrifter. Då blir det variert. Eg har også jobba som konsulent og med salstrening i bedrifter.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det vil variere etter kor i Noreg du bur. Dei fleste ligg nok ein stad mellom 600 000 og ein million kroner i året, fordi ein ofte har bonusordningar basert på resultata. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Har du erfaring som salssjef og kan vise til resultat, får du lett jobb. I privat næringsliv er det stort sett alltid behov for gode seljarar og salssjefar, fordi det er så viktig for bedriftene.

Tekst:
Signe Steinnes
    • For mange er ein salsjobb ein veg inn i arbeidslivet, fordi du ikkje treng formell utdanning for å klare oppgåvene.
    • Salssjefen skal både støtte dei som ikkje oppnår resultat, og fortsette å motivere dei som gjer det.

Yrkesbeskrivelser