Saksbehandlar Håkon Presthus ved dataskjermen

YrkesintervjuSaksbehandlar favoritt ikon

- Som saksbehandlar må du vere nøyaktig og effektiv, seier Håkon Presthus. Han trivst med å finne gode løysingar for kundane sine.

Håkon Presthus
23 år
Saksbehandlar
Danske Bank
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å bli saksbehandlar?

- Eg har alltid vore fascinert av bankyrket, så da eg fekk tilbod om jobb i Danske Bank, takka eg ja med det same. Eg var nyutdanna innan økonomi og administrasjon frå Handelshøgskulen BI, og tenkte at dette ville gje meg verdifull erfaring innan utdanningsområdet mitt.

 

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Eg jobbar backoffice, altså ikkje ved skranke. Banken sine kortplattformar er mitt arbeidsområde. Arbeidsdagane mine er særs varierte og avdelinga mi tek imot førespurnader både internt i banken og direkte frå kundar. Storparten av førespurnadene er e-postbasert, men eg har også ein del kontakt med kundar på telefon. Førespurnadene er avgrensa til alt som har med bankkort å gjere, og kan vere alt frå problem ved bruk, til spørsmål om fakturering og kortbestillingar, både for privat- og bedriftskundar.

 

Kva utdanning og eigenskapar bør ein ha for å bli saksbehandlar?

saksarbeidar_hakon_presthus_2.jpg

All rights reserved.

 

- Sjølv har eg ein bachelor i økonomi og administrasjon. Det er viktig å ha eit solid fagleg fundament, men ein opparbeider seg ny kunnskap gjennom god opplæring i banken, samt eigne erfaringar. Ein stilling som saksbehandlar krev høg grad av nøyaktigheit og effektivitet i arbeidet for å kunne levere ei god kundeoppleving. Det krevjast også at du er smidig og evnar å finne gode løysingar for den einskilde kunde.

 

Kva er det beste ved yrket ditt?

- Det beste med yrket mitt er at eg alltid kan vente meg varierte arbeidsdagar med nye saker og problem som må løysast. Det skjer mykje på bankkortfronten, og eg tykkjer det er artig å vere med på utviklinga.

 

Kva mislikar du mest ved yrket ditt?

- Somme gonger står me ovanfor krevjande situasjonar, der det kan vere frustrerande at ein ikkje har moglegheit til å kunne hjelpe kunden "der og då". Systemtekniske utfordringar tek gjerne noko tid, men dei fleste har forståing for dette. 

 

Kva andre arbeidsområde/ moglegheiter finst innan yrket?

- Som backoffice saksbehandlar har ein mange varierte arbeidsområde. Ein kan ha ei saksbehandlarstilling innan lån, daglegbank og betaling, både på privat- og bedriftssida. Danske Bank er eit stort konsern med gode moglegheiter for å bygge ein karriere vidare i banken, då med god kunnskap om prosessar og system å vise til.

 

Kva lønn kan ein vente seg innan yrket ditt?

- Lønna blir i stor grad bestemt ut frå utdanning og tidlegare arbeidserfaring. Lønna mi er konkurransedyktig og eg har moglegheit til høgare løn gjennom vekst i erfaring og ansvar.

 

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt?

- Bank- og finanssektoren er i rask utvikling, og stadig fleire arbeidsoppgåver blir handtert digitalt. Dette set krav til at saksbehandlarane må vidareutvikle eigen kompetanse. Det er elles hard konkurranse om dei mest attraktive jobbane i dei største og mest sentrale bankane.

saksarbeidar_hakon_presthus_3.jpg

All rights reserved.
    • Det er viktig å ha eit solid fagleg fundament.
    • Ein stilling som saksbehandlar krev høg grad av nøyaktigheit og effektivitet i arbeidet.
    • Som backoffice saksbehandlar har ein mange varierte arbeidsområde.
    • Lønna blir i stor grad bestemt ut frå utdanning og tidlegare arbeidserfaring.

Yrkesbeskrivelser