Portrettbilete av rekneskapsførar Hanne Hæhre, avbilda frå brystet og opp, iført mørk bluse.

YrkesintervjuRekneskapsførar favoritt ikon

– Eg liker å hjelpe kunden til å nå gode resultat, og å lage system og struktur, seier rekneskapsførar Hanne Olsen Hæhre.

Hanne Olsen Hæhre
53 år
Rekneskapsførar
Dekon Regnskap AS, avdeling Larvik 

Kvifor valde du dette yrket?    

– Eg har alltid vore glad i tal og å vere systematisk, og liker også å vere i kontakt med kundar. Eg begynte eigentleg med revisjon, men det dreiar seg meir om å kontrollere kva andre har gjort. Rekneskapsføraren produserer rekneskapen sjølv, og det hadde eg lyst til. 

fullsizeoutput_2cca.jpeg

Rekneskapsførar Hanne Hæhre sittande ved kontorpulten, saman med ein kvinneleg kollega som bøyer seg over bordet. Dei ser begge mot dataskjermen.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Som rekneskapsførar skal eg sørge for at kundane våre alltid har oppdaterte og korrekte rekneskap, og at dei gjer det som er lovpålagt til riktig tid. 

Vi bokfører utgifter og inntekter, og avstemmer. Det vil seie å samanlikne talla i rekneskapen med andre rapportar og sjekke at dei stemmer. Vi sender inn månadsoppgåver, a-meldingar og mva-meldingar. Vi lagar rekneskapsrapportar, har møte med kundane og betalar også kundane sine fakturaer. Lønnskøyring og lønnsavrekning er også oppgåver vi gjer. 

Det er ein fleksibel jobb. Datasystema gjer at du eigentleg kan sitte kor som helst og arbeide, enten det er på kontoret, heime eller på hytta. 

Ein dag i veka jobbar eg ute hos kunden. Dette er noko som blir meir og meir vanleg. Bransjen er i endring, og samarbeid med kunden blir nok stadig viktigare framover. 
Mange spår at rekneskapsføraryrket vil bli borte på sikt. Vi trur ikkje det, men jobben vår vil bli annleis. Meir og meir av sjølve bokføringa og registreringa av kvitteringar går automatisk, så det bruker vi stadig mindre tid på. Samtidig går stadig meir i retning av å gi råd. Vi har verdifull kunnskap om økonomi og rekneskap, som kan hjelpe kundane til å gjere det best mogleg ut frå føresetnadane dei har. 

I tillegg til å vere rekneskapsførar er eg også avdelingsleiar, noko som inneber at eg har personalansvar for ni tilsette her i Larvik. Eg har også ansvar for møte med nye kundar, og for å sette opp rekneskapssystema slik at dei fungerer. I tillegg har eg ansvar for økonomien i avdelinga vår. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?    

– For å vere autorisert rekneskapsførar må du først ha ei bachelorgrad i revisjon og rekneskap. I tillegg må du ha to års erfaring med rekneskap og ha vore med på eit årsoppgjer. Då kan du søke om autorisasjon frå Finanstilsynet. Etter det må du ha eit årleg påfyll av kursdagar, for å vere oppdatert på regelverket. Du må ha 77 timar med oppdatering i løpet av dei tre siste åra. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Eg vil anbefale yrket for folk som liker å jobbe med menneske. Du må også like orden og struktur, og å jobbe med både datasystem og system generelt. Mange trur at rekneskapsførarar jobbar frykteleg mykje, men det har skjedd ei stor forandring samanlikna med fem til ti år tilbake. Meir av talla blir registrert automatisk, og det er ikkje like mykje overtid som før. Rundt årsoppgjera er arbeidsmengda likevel litt større. 

Kven passar ikkje dette yrket for?   

– Det må vere folk som er lite strukturerte, og som ikkje liker stillesitting. Det er ein sosial jobb, men vi sit mykje ved ein kontorpult.

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Det beste er kontakten med kundar og kollegaer. Eg liker å hjelpe kunden til å oppnå gode resultat, og å lage system og struktur. 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Tidsfristane vi har. Det er heile tida fristar vi må rette oss etter, enten det gjeld meirverdiavgift, arbeidsgivaravgift, skattetrekk eller årsoppgjer. Har du mykje å gjere, kan det følast stressande, men det er ein del av jobben. 

fullsizeoutput_2ccc.jpeg

Rekneskapsførar Hanne Hæhre sittande ved ein kontorpult, avbilda frå sida, frå magen og opp. Ho ser mot ein dataskjerm og held hendene på tastaturet.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?    

– I tillegg til å jobbe i eit rekneskapsfirma kan du vere tilsett i eit større selskap, som ofte har eigne rekneskapsførarar. Du kan også ha ein meir generell økonomistilling i ei bedrift, for kunnskapen vår er mykje av den same som økonomar har. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?   

– Eg vil tru at rundt 550 000 kroner er ei vanleg årslønn for rekneskapsførarar. Lønna er ofte høgare i større byar enn på mindre stadar. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Dei er ganske gode, for det er stor etterspurnad etter gode rekneskapsførarar. Det er ikkje alltid like enkelt å få den første jobben, men når du har fått erfaring er du attraktiv på arbeidsmarknaden. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • For å vere autorisert rekneskapsførar må du først ha ei bachelorgrad i revisjon og rekneskap.
    • Det er ein sosial jobb, men vi sit mykje ved ein kontorpult.
    • Bransjen er i endring, og samarbeid med kunden blir nok stadig viktigare framover. 

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser