Reiseleiar Malene Kleive

YrkesintervjuReiseleiar favoritt ikon

Som reiseleiar og reisespesialist får Malene Kleive hauste kunnskap om nye kulturar og lære om verdas destinasjonar.

Malene Kleive
28 år
Reiseleiar
KILROY
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du dette yrket?

— Eg valde yrket som reiseleiar fordi eg elskar å reise, samt oppleve nye kulturar og lære meir om ulike destinasjonar. Eg motiverast av å jobbe med kundeservice og vere i konstant  kontakt med andre menneske.

reiseleiar_malene_kleive_2.jpg

Malene Kleive
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

— På ein vanleg arbeidsdag svarar eg på mange mail, snakkar med kundar på telefon eller chat, og av og til har møter i butikken. Me jobbar tett med samarbeidspartnarane våre og er i jamn kontakt med dei. Målet vårt er å avdekke kunden sine behov og ynskjer, for så å inspirere, rettleie og tilby eit produkt som passar kvar enkelt person. Når det oppstår uventa situasjonar hjå kundane våre undervegs på reise må me også assistere dei best mogleg  og finne gode løysningar.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket? 

— Det aller viktigaste er at ein har reiseerfaring til destinasjonar bedrifta tilbyr reiser til, og med den kunnskapen kunne inspirere og rettleie på best mogleg vis. Det krevjast ikkje reiselivsutdanning innan bedrifta eg arbeidar i, men det er ynskjeleg at ein kan vise til arbeidserfaring innan sal og service. I KILROY leitar dei fyrst og fremst etter den rette personen med dei rette eigenskapane. Ein får så full opplæring innan system og verktøy ein treng. Det er viktig at ein er komfortabel med å snakke engelsk, då ein er i dagleg kontakt med samarbeidspartnarar og flyselskap der samtalen går på engelsk. Ein reiseleiar bør vere serviceorientert, kreativ, sjølvstendig og løysningsorientert.

Kven vil du seie ikkje passar til å jobbe innan yrket ditt?

— Det vil vere tider med høgt tempo og det oppstår ofte uventa situasjonar. Dersom ein ikkje er komfortabel med det, så er ikkje dette riktig yrke å velje. Det er viktig å vere klar over at ein ikkje nødvendigvis får reist særs mykje i jobbsamanheng sjølv, men fleire velgjer å ta ut permisjon slik at ein kan reise.

reiseleiar_malene_kleive_3.jpg

Reiseleiar i Kilroy, Malene Kleive
Lisens: 
All rights reserved.

Kva likar du best med yrket ditt?

— Eg elskar å kunne bruke eigne reiseerfaringar og historier til å inspirere og skape godt nøgde kundar. Å ha moglegheit til å jobbe med det eg brenn mest for, er ein luksus eg er særs takksam for.

Kva likar du minst med yrket ditt?

— Eg har verkeleg draumeyrket, så her kjem eg til kort!  

Kva slags type folk vil du anbefale dette yrket for?

— Eg vil anbefale yrket til folk som sjølv har reist ein del, er interessert i å lære meir om destinasjonar eller reiseliv, og som elskar å jobbe med sal og kundeservice.

Kva andre arbeidsmoglegheiter finst innan yrket ditt?

— Det finst fleire moglegheiter for andre jobbar innan reiseliv både i Noreg og i utlandet. Dette er mykje takka vere det store kontaktnettverket ein byggjer seg opp.

Kva kan ein vente seg i lønn innan yrket ditt?

— Ein kan vente seg 320.000 — 400.000 kr i lønn.

Korleis ser du på sjansane for å få seg jobb innan yrket ditt?

— Dersom ein jobbar seg opp nok reiseerfaring og genuint brenn for reiseliv, sal og service, så er sjansane gode for å få seg arbeid. Det er derimot avgrensa med arbeidsplassar innan yrket, så det kan vere mange om beinet.

 

Tekst: Sigrid Hesjevoll

    • Det er viktig å vere klar over at ein ikkje nødvendigvis får reist særs mykje i jobbsamanheng sjølv, men fleire velgjer å ta ut permisjon slik at ein kan reise.
    • Ein reiseleiar bør vere serviceorientert, kreativ, sjølvstendig og løysningsorientert.

Yrkesbeskrivelser