Reinhaldsoperatør Kari Johanson Sydnes tek ein pust i bakken

YrkesintervjuReinhaldsoperatør favoritt ikon

For å arbeide som reinhaldsoperatør bør ein vere serviceinnstilt og omgjengeleg, meiner Kari Johanson Sydnes.

Kari Johanson Sydnes
52 år
Reinhaldsoperatør
Statoil, Coor Service Management, Bergen
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

 

Kvifor valde du å bli reinhaldsoperatør?

- Eg valde å bli reinhaldsoperatør fordi eg ynskte meg ut i arbeid, og yrket kravde ingen utdanning. Det var også ein fordel at eg kunne arbeide berre på dagtid.

 

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Arbeidsdagen min består av å vaske alle kontor til dei som arbeidar på Statoil der eg er tilsett, samtidig som eg også vaskar toalettfasilitetane. Eg har i tillegg ansvar for oppvask etter kvart måltid og elles bruk av kjøkenutstyr. 

 

Kva utdanning og kvalifikasjonar bør ein ha for å bli reinhaldar?

- Ein treng ingen utdanning for å kunne arbeide som reinhaldsoperatør, så dette er eit yrke ein som er opent for dei fleste. Det løner seg å vere serviceinnstilt, med eit ynskje om å gjere ein god jobb, samtidig som det også er ein fordel at ein trivst rundt andre menneske. 

 

Kva er det beste ved yrket ditt? 

- Den største fordelen for meg er at sjølv om arbeidsoppgåvene ofte er like frå dag til dag, føler eg likevel at dagane er ulike og varierte ut frå korleis eg legg opp arbeidsdagen og kven eg møter og er sosial med i løpet av dagen. 

Kva mislikar du mest ved yrket ditt? 

- Dette er eit yrke der ein ofte ikkje blir sett. Eg utfører eit arbeid som kan bli tatt for gitt, og det er ingen garanti for at alle er takksame for arbeidet ein utfører.

 

Kva andre arbeidsområde / moglegheiter finst innan yrket ditt? 

- Ein kan arbeide som både teamleiar og avdelingsleiar for dei reinhaldsansvarlege, samt at det også er moglegheiter for å bli regionsjef. Som reinhaldsoperatør kan ein få seg jobb ved mange ulike arbeidsplassar. Dei fleste offentlege instansar har behov for ein reinhaldsoperatør. Ein kan jobbe på til dømes hotell, skular og offentlege kontor.  

 

Kva lønn kan ein vente seg innan yrket ditt? 

- Eg tener 182,32 kroner per time, med moglegheit for tillegg. 

 

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt? 

- Sjansane for å få seg jobb er utan tvil gode, då det alltid vil vere behov for reinhaldsoperatørar. Dette er ein stilling som ein har behov for ved tallause arbeidsplassar.

reinhaldsoperator_kari_johanson_sydnes_2.jpg

All rights reserved.

 

    • Ein treng ingen utdanning for å kunne arbeide som reinhaldsoperatør.
    • Det løner seg å vere serviceinnstilt.
    • Eg tener 182, 32 kroner per time, med moglegheit for tillegg.
    • Sjansane for å få seg jobb er utan tvil gode, då det alltid vil vere behov for reinhaldsoperatørar.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser