Plastmekanikar Alexander Hansen avbilda frå brystet og opp, ikledd gul refleksvest og svart lue.

YrkesintervjuPlastmekanikar favoritt ikon

Plastmekanikar Alexander Hansen lagar tankar frå grunnen av. Då er både teknisk innsikt og nøyaktigheit nødvendig.

Alexander Hansen
43 år
Plastmekanikar
Vestfold Plastindustri AS, Andebu

Kvifor valde du dette yrket? 

– Det var litt tilfeldig. Eg utdanna meg eigentleg til skipselektrikar – men på slutten av studietida fekk eg vite at ein ikkje får lov til å seile dersom ein har diabetes, noko eg har. Ein kamerat av meg jobba her, og ringde og fortalde at dei trong folk. Sidan har eg jobba her, og tok fagbrev som plastmekanikar etter kvart. 

img_9646.jpg

Plastmekanikar Alexander Hansen som bruker ein sprøytepistol til å fordele plaststoffet utover ei metallform.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanlig arbeidsdag for deg? 

– Her produserer vi tankar i plastmaterialet GRP – glasfiberarmert polyester – frå grunnen av. Desse blir brukt til mellom anna vatn, kloakk, kjemikaliar, olje og bensin. Ved hjelp av sprøytepistolar fordeler vi materialet i former som er laga etter teikning, og monterer dei til eit ferdig produkt.
Eg er formann for to skift ute i produksjonen. Det inneber å sikre at vi lagar produkt av god kvalitet. Eg kjem òg med innspel til ingeniørane som teiknar produkta, sidan eg har kunnskap om korleis det er å bygge tankane i praksis. Vi har ein produksjonsplan som vi følger, og produserer rundt ti tankar per skift. Vi har ulike hallar kor det blir produsert ulike typar tankar, i tillegg til ein monteringshall. Eg har arbeidd i alle hallane, og kjenner dei ulike arbeidsoppgåvene, noko som er ein fordel.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du må ta fagbrev som plastmekanikar, noko eg gjorde som praksiskandidat gjennom jobben. Då måtte eg ha jobba her i fem år, og tok eit toårig kurs ved sida av jobben. Ein teoretisk og ein praktisk prøve førte fram til fagbrev.
Ein plastmekanikar bør ha teknisk innsikt, for ein skal kunne lese teikningar og gjere dei om til produkt. Ein bør òg vere litt uthaldande, for det er eit fysisk yrke. Det er også ein fordel å vere nøyaktig, så ein ikkje må gjere arbeidet om att. Hos oss har alle i tillegg enten truckførerbevis eller kranførerbevis. 

Kva liker du best med yrket ditt?

– Eg synest eg jobbar med eit bra og lett materiale. Du kan bygge veldig mykje forskjellig av plast – og gjer du ein feil, går det an å rette opp i det utan å måtte kaste alt saman. Så er det i tillegg eit veldig bra miljø her.

Kva liker du minst med yrket ditt? 

– Det er ein skitten jobb med mykje smuss, og nokon synest glasfiberstøvet klør fælt. Men eg blir ikkje plaga av det, og det er eigentleg ikkje noko eg misliker med jobben min. 

img_9631.jpg

Plastmekanikar Alexander Hansen avbilda frå brystet og opp, peikande på arbeidslister som heng på veggen.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Plast blir brukt i ulike industriar, for eksempel på båtstøyperi. Store vindmøller blir òg laga av det same materialet som vi brukar her.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket? 

– Startlønna her er på rundt 350 000 kroner i året. Så stig timelønna med to kroner i halvåret i fem år. Ved å ta fagbrev får ein hos oss 15 kroner meir i timen.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Eg kan ikkje svare for heile industrien – men vi treng jamleg folk, og har lenge slite med å finne norsk arbeidskraft. Det har likevel begynt å betre seg nå. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • Du kan bygge veldig mykje forskjellig av plast – og gjer du ein feil, går det an å rette opp i det utan å måtte kaste alt saman.
    • Det er ein skitten jobb med mykje smuss, og nokon synest glasfiberstøvet klør fælt. Men eg blir ikkje plaga av det.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser