Pikkolo Johan Gehrken Bøuym i arbeid ved The Thief

YrkesintervjuPikkolo favoritt ikon

Johan Gehrken Bøyum har ein variert arbeidsdag som pikkolo/ bellboy ved The Thief.

Johan Gehrken Bøyum
22 år
Pikkolo - bellboy - runner.
The Thief, Oslo
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å bli pikkolo?

- Noko av årsaka var eg trengde ein jobb ved sidan av studiane mine. Eg har tidlegare arbeida som slottsordonnans for det kongelege hoff, der oppgåvene kan minne litt om det å vere pikkolo for eit hotell. Dermed hadde eg litt erfaring som bellboy eller pikkolo. Då eg seinare høyrde at dei hadde behov for arbeidskraft ved The Thief, bestemte eg meg for å søke på jobb der. 

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av? 

- Arbeidsoppgåvene mine handlar hovudsakeleg om å hjelpe til der ein har bruk for meg. Ein vanleg dag består av at eg hjelper resepsjonen med innsjekking og utsjekk, samt at eg hjelper gjester med bagasje og/eller bilar. Dersom frukosten er travel, gir eg ei hjelpande hand og ryddar til dømes av bord. Elles består dagen av å sjå til at alle fjernsyn fungerer som dei skal, ta meg av romservice og yte service ved konferansar. Dagane er varierte og ein kan trygt seie at ingen dag er lik. 

Kva utdanning og kvalifikasjonar bør ein ha for å bli pikkolo? 

- For å arbeide som pikkolo løner det seg å ha relevant jobberfaring. Sjølv om arbeidet er nokså enkelt, er det likevel viktig at alle oppgåver blir gjort skikkeleg. Målet er alltid at gjestane skal ha eit så fint opphald som mogleg. Ein bør elles vere omgjengeleg og serviceinnstilt, samt interessert i å omgi seg med og bli kjent med nye menneske. 

pikkolo_johan_gehrken_boyum_red.jpg

All rights reserved.

Kva er det beste ved yrket ditt?

- Det beste med å vere pikkolo er at ingen arbeidsdag er lik. Alle dagar på jobb skil seg frå den andre, og dette bidreg til at arbeidsdagane alltid er spennande. I tillegg er det særs givande å sjå at gjestene ved hotellet har eit flott opphald og at dette er noko du sjølv bidreg til. 

Kva mislikar du mest ved yrket ditt?

- Det kan sjølvsagt komme dagar der ting går litt skeis og ein ikkje klarar å gjere alle oppgåver slik ein gjerne ynskjer. Sjølv visste eg kva arbeidsoppgåver eg gikk til, og derfor var eg førebudd på at ikkje alle dagar kan gå på skjener. 

Kva andre arbeidsområde / moglegheiter finst innan yrket ditt? 

- Ein kan blant anna arbeide som konferanseansvarleg. På The Thief har ein diverse møterom som bedrifter kan leige, og då trengst det alltid ein person til å klargjere alt det tekniske, servere kaffi og mat og utføre andre oppgåver. Dette er ein jobb som handlar om å sørge for at gjestene på eit møterom har alt dei treng og ynskjer. 

Kva løn kan ein vente seg innan yrket? 

- Som pikkolo kan ein vente seg tariffløn. 

Korleis ser du på sjansane for å få seg jobb innan yrket ditt? 

- Eg meiner at alle hotell har behov for og derfor burde tilsetje ein bellboy eller pikkolo. Det vanlege på fleire hotell er at resepsjonen tek seg av oppgåvene til pikkoloen, og at ein derfor ikkje tilset ein pikkolo. Dette kjem sjølvsagt an på kvar i landet og kva hotell det er snakk om. Dersom ein har dei rette kvalitetane, samt føler at yrket som pikkolo verkar kjekt, meiner eg at ein bør søke på ein jobb som pikkolo så raskt som mogleg. Dersom du kunne tenkje deg eit yrke der arbeidsdagane er varierte og ein arbeidsplass der ein får sjansen til å møte mange forskjellige menneske, då er det ingen tvil om at pikkolo er eit godt alternativ.

    • Arbeidsoppgåvene mine handlar hovudsakeleg om å hjelpe til der ein har bruk for meg.
    • For å arbeide som pikkolo løner det seg å ha relevant jobberfaring.
    • Det beste med å vere pikkolo er at ingen arbeidsdag er lik.

Yrkesbeskrivelser