Portrettbilete av ortopediteknikar Victoria Kristiansen.

YrkesintervjuOrtopediteknikar favoritt ikon

Victoria Kristiansen lagar protesar og andre hjelpemiddel til menneske som er handikappa eller manglar ein kroppsdel.

Victoria Kristiansen
20 år
Ortopediteknikar
Ortopediteknikk, Tønsberg

Kvifor valde du dette yrket?    

– Eg begynte på Vg1 Helse- og oppvekstfag, men fann fort ut at dei mest vanlege helseyrka ikkje var noko for meg. Saman med mor mi søkte eg rundt etter andre yrke innan helse. Eg hadde aldri høyrt om ortopediteknikk før, men då eg las om det, syntest eg det verka spennande og variert – og eg har alltid likt å lage ting med hendene. Eg begynte derfor på Vg2 Fotterapi og ortopediteknikk, og gjekk deretter i lære i to år. 

fullsizeoutput_2cdb.jpeg

Ortopediteknikar Victoria Kristiansen står på verkstaden, bøygd over ein plastortose mens ho held på ei elektrisk sag. Iført høyrselsvern, vernebriller og blå arbeidsskjorte.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Vi lagar protesar, ortosar og andre ortopediske hjelpemiddel til menneske som manglar ein kroppsdel eller er handikappa på ein eller annan måte. Vi lagar til både unge og gamle. 

Arbeidsdagen startar klokka sju. Då loggar eg først inn på PC-en for å starte programma og få ein oversikt over kva for nokre produkt eg skal lage i løpet av dagen. Det er mange ulike typar produkt, alt frå ankelortosar til «body jackets», som er til heile kroppen. For tida jobbar eg med termoplast. Då står vi inne på eit eige rom kor vi varmar opp plasten i omnar, skjer han ut, og trekk ortosane med plast. 

Vanlegvis står eg på éin stasjon i løpet av ein dag. Eg jobbar også mykje med skinn og lêr. Då trekk vi skinnet på utsida av plasten på ortosane, før vi syr rundt.

Vi har også noko som vi kallar bakvakt. Då kjem pasienten inn for å justere på det hjelpemiddelet dei har. Vi har altså noko pasientkontakt innimellom, men stort sett lagar vi produkt ut frå ei bestilling. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket? 

– For å få fagbrev som ortopediteknikar går du Vg1 Helse og oppvekst, Vg2 Fotterapi og ortopediteknikk, og deretter i lære i to år. Du kan også ta fagbrevet som praksiskandidat. Då må du ha fem års arbeidserfaring før du tar fagprøven. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Du må vere kreativ, engasjert, glad i å jobbe med hendene og god til å handtere stress, for innimellom kan det vere mykje å gjere. Det er også veldig viktig å vere nøyaktig. Produktet skal bli pent og kunne brukast av pasientar, så om det er unøyaktig utført, må du gjere det om igjen. I tillegg må du sjølvsagt synast at faget er interessant, viss ikkje får du ikkje så mykje ut av dette. 

Kven passar ikkje dette yrket for?   

– Viss du likar best teoretisk arbeid, passar det ikkje for deg. Det blir også vanskeleg viss du lett blir stressa. Elles er det mykje ståing, og du bruker kroppen ein del når du lagar produkta, så du må ha armar og bein som kan tole det. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Eg liker at det er praktisk arbeid, eg er kjempeglad i å jobbe med hendene. Eg liker også arbeidsmiljøet her, og kjem godt overeins med alle saman.

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Det er ikkje mykje eg misliker med yrket, men det kan vere kjedeleg å halde på med einsformige oppgåver lenge av gongen, som å lage fotsenger. Men om ein gjer det ein gong i veka, gjer det ingenting. 

fullsizeoutput_2cde.jpeg

Ortopediteknikar Victoria Kristiansen på ein ortopedisk verkstad, bøygd over ein plastortose som ho stiftar skinn på. Avbilda frå livet og opp, iført blå arbeidsskjorte.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?    

– Ortopediteknikarar jobbar stort sett på ortopediske verkstader. Men du får praktiske og estetiske ferdigheiter som kan vere aktuelle også i andre kreative yrke. Vårt yrke har for eksempel mykje til felles med møbeltapetseraryrket. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?   

– Ei vanleg lønn for ein ortopediteknikar med noko ansiennitet er mellom 480 000 og 500 000 kroner i året.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Dei er ganske store. Med ei aldrande befolkning er det behov for ortopediteknikarar og ortopediingeniørar. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • For å få fagbrev som ortopediteknikar går du Vg1 Helse og oppvekst, Vg2 Fotterapi og ortopediteknikk, og deretter i lære i to år.
    • Det er mykje ståing, og du bruker kroppen ein del når du lagar produkta, så du må ha armar og bein som kan tole det. 
    • Eg liker at det er praktisk arbeid, eg er kjempeglad i å jobbe med hendene.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser