Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg har alltid vore genuint interessert i kulturhistorie. Eg trur det heng mykje saman med at eg hadde ganske gamle foreldre. Det har gjort at eg har tenkt mykje på korleis livet var for dei, og prøvd å forstå tida dei kom frå. Under oppveksten song eg i Sandefjord jentekor og reiste mykje på turne i Europa og besøkte kyrker, katedralar og bygningar, og eg blei heilt frelst. Då eg blei russ og fekk russebil, begynte eg å køyre rundt til antikvitetsforhandlarar for å kjøpe gamle ting, og eg hadde eit lite museum på rommet mitt. Eg blir aldri lei kulturhistorie, og uansett kor du reiser, er det eit museum du kan besøke. Det diggar eg. Samtidig vil eg gjerne møte folk, noko eg gjer i jobben min. 

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Eg formidlar kulturarv og lokalhistorie for barn og vaksne, og forbereder undervisningsopplegg og utstillingar. Larvik museum består av tre bygg, Verksgården, Herregården og Sjøfartsmuseet. Eg tar imot skoleelevar som kjem hit som ein del av Den kulturelle skolesekken, barnehagar, vaksne elevar frå Norskskolen og pensjonistgrupper. Det er noko spesielt med å komme til eit autentisk kulturminne og oppleve ekte arkeologisk materiale, som kanonkuler, gravtavler og krittpipebitar, samtidig som det krev at du får satt det inn i ein kontekst. Her får elevane sitte på tepper og ligge på golvet medan eg formidlar. Dei lærer mykje om Larvik i løpet av den timen dei er her.

Eg formidlar døde menneske sine historier, så vi kjem ofte inn på liv og død. Nokon har kanskje opplevd å vere i gravferder, eller kjenner nokon som er alvorleg sjuke. Då reflekterer vi saman og har fantastiske samtalar. Kulturhistoria kan også brukast til å reflektere over kor godt vi har det i dag. Eg reiser også ut til skolar og sjukeheimar for å formidle historie. Då kler eg meg gjerne opp i tidsriktige antrekk og lagar mat etter gamle oppskrifter – som lefser eller kaker.

Vi har også innimellom noko som heiter «Kake og kaffe på Larvik museum», kor vi ser på gamle bilde saman med demenspasientar, medan vi et kake og drikk kaffi. 

Øktene med formidling er ganske intense. Det tidspunktet når du har gitt av deg sjølv i tre–fire timar, og berre kan låse døra og fordjupe deg i kjeldene, er heilt magisk. Akkurat nå jobbar eg med ei utstilling om polfararen og larviksmannen Oscar Wisting, som var med Amundsen til Sydpolen. Då les eg dagbøker og går nesten inn i ei transe. Skal eg vere litt tett på Oscar, stikk eg bort på Sjøfartsmuseet, kor vi har anorakken, skia og skistavane hans utstilte. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?    

– Du bør ha utdanning innan kulturhistoriske fag, men mange museum tilsett også folk med annan fagbakgrunn, men som er genuint interesserte i formidling. Det er veldig person- og interesseavhengig. 

Eg har mellomfag i kunsthistorie og etnologi, og har i tillegg studert folkeminnevitskap, PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) og museumsformidling. Eg har også tatt nokre kurs på hovudfagsnivå. Det siste året har eg i tillegg studert økologisk skolehage og bærekraftig undervisning ved NMBU. Det er viktig med faglig påfyll. Eg vurderte å ta opp mastergrada igjen, men har heller landa på at eg vil studere fag som gir meg meir breidde – eg kjem jo til å stå i jobb til eg er 70. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Du må ha eit ønske om å møte publikum og fortelle dei historier og reflektere rundt kulturhistoria. Du må også vere glad i å samtale med både barn og vaksne. Barna merker at eg er veldig opptatt av å formidle til dei. Samtidig må du trivast med å arbeide for deg sjølv når du skal dykke ned i historiske kjelder og førebu formidlingsopplegg.  

Image
Lisens
1

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Det er fantastisk å kunne livnære seg på å prate om noko som er så interessant. Eg har vore museumspedagog i 22 år, og har jobba på ulike museum og med ulik tematikk. Det har vore utruleg spennande. Det å kunne sette seg inn i eit kulturhistorisk tema er heilt rått. Å fordjupe seg i kjeldene, reflektere over dei, vere ein pedagogisk forskar og så kunne fortelle om det, er veldig gøy. 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Eg er veldig energisk og ivrig, men av og til kan formidlinga gå litt på repetisjon, som når vi har faste opplegg med skoleklassar. Då er dialogen med elevane viktig, slik at det ikkje blir heilt statisk. Og heldigvis har eg den eigenskapen at eg går mykje til kjeldene og bruker dei. Det at eg ikkje blir kjent med elevane, er også noko eg saknar. Det kan på ein måte bli litt einsamt.

Eg har også sagt nei til å bli tatt bilde av på jobb, for det blei slitsamt heile tida å bli filma og fotografert under formidlinga. I tillegg er det mykje helgejobbing. Det kan avspaserast, men nokre gonger går det mykje i eitt. 

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?  

– Du kan jobbe med registrering og ordning av samlingar, dokumentasjon av formidlingsopplegg og publisering i sosiale medium og nettsider. Du kan også lage utstillingar, sjølv om det ofte er konservatorar og utstillingsarkitektar som gjer dette.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?  

– Det varierer, for vi museumspedagogar har litt ulik fagbakgrunn. Nokon har også mastergrad, som får konsekvensar for lønna. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Som sommarformidlar er det lett å få jobb. Går du inn på Norges museumsforbund, ser du jobbar som ligg ute for sommarsesongen, og eg anbefaler alle å begynne der. Å bli fast tilsett som museumspedagog kan være litt vanskeleg. Det er få stillingar på landsbasis. 

 

 

 

 

Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter intervjuet ble publisert.
Det er noko spesielt med å komme til eit autentisk kulturminne og oppleve ekte arkeologisk materiale, som kanonkuler, gravtavler og krittpipebitar.
Øktene med formidling er ganske intense. Det tidspunktet når du har gitt av deg sjølv i tre–fire timar, og berre kan låse døra og fordjupe deg i kjeldene, er heilt magisk.