Portrett av Christine Marie Menne

YrkesintervjuMøbelsnikkar favoritt ikon

– Det beste med jobben er å få skape noko – og meistringsfølelsen eg får når eg løyser problem, seier møbelsnikkar Christine Marie Menne.

Christine Marie Menne
31 år
Møbelsnikkar
Lien og Lian, Tønsberg

Kvifor valde du dette yrket? 

– Pappa er snikkar, og eg syntest alltid det var spennande å vere med han på jobb. Eg har også alltid likt å lage og sette saman ting – om det berre er eit Ikea-møbel som skal monterast. Men eg har ikkje alltid vore sikker på at det var snikkar eg sjølv skulle bli. Eg begynte først på lærarskolen, jobba i daglegvare og var også innom Forsvaret. Som 23-åring bestemte eg meg for å begynne som vaksenlærling i møbelsnikkarfaget. Eg gjekk tre og eit halv år i lære, og tok ein teoretisk eksamen før fagprøven. 

mobelsnekker.jpeg

Møbelsnikkar Christine sager ei lang treplate.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Vi kan lage veldig mykje forskjellig her, men det vi lagar mest av, er kjøkken- og baderomsinnredningar, garderobar og bokhyller i tre. Det er for det meste privatkundar som vil ha noko litt utanom det vanlege som bestiller produkt frå oss, ofte gjennom ein entreprenør.

Eg jobbar både med produksjon og montering. Ein dag kan eg stå i produksjonen og skjære delar, pusse delar, prøvemontere produkt og løyse problem som oppstår på verkstaden. Dagen etter monterer eg kanskje noko heilt anna ute hos kunden – eg ber tinga inn der dei skal stå, set dei opp, justerer slik at det blir riktig og skapar eit sluttresultat som kunden er fornøgd med. 

Av og til lagar vi ganske spesielle produkt – ein gong laga vi for eksempel ein kjøkkenbenk kor det ikkje skulle vere overskap, men i staden ein heis i kjøkkenbenken, slik at hyllene blei heist opp.

Det er gøy å få vere med i heile prosessen, slik at eg også får gleda av å sjå det ferdige produktet på plass. Eg set også pris på å få lage så mange ulike produkt, og føler at eg utviklar meg mykje fagleg når det er så varierte oppgåver. 

Arbeidstida er frå 07.15 til 15.30, med tre kvarters pause. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?    

– Du må ta fagbrev som møbelsnikkar, noko du kan gjere via vidaregåande, som vaksenlærling eller som praksiskandidat.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Dette er ikkje eit yrke du vel berre for å ha noko å gjere. Først og fremst bør du vere fagleg interessert – du bør like å lage ting og å finne løysingar i samarbeid med andre. Viss du har interessa i botn, trur eg du lærer deg det andre som trengst – som å vere nøye og å visualisere ting ut frå ein teikning. 

Når det gjeld det fysiske, har vi mange hjelpemiddel, og vi er alltid fleire her som kan hjelpe kvarandre med dei tyngre løfta. Eg er ikkje spesielt sterk, men du lærer deg nokre triks. Eg trur nok likevel at jobben vil bli nokså einsformig for personar med funksjonsnedsetting, og ein må legge til rette arbeidsoppgåvene veldig. Jobben vil også vere utfordrande for dei med støvallergi – vi har gode avsug, men det vil alltid vere noko støv. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Det er mange ting. Eg liker å skape noko, og eg liker å løyse problem. Vanlege problem er at ting ikkje passar saman, eller at er det noko i vegen der produktet skal stå, som ein stikkontakt, som gjer at produktet må tilpassast. Eg liker ikkje problema akkurat når eg står i dei, men når dei er løyst, liker eg veldig godt meistringsfølelsen. I tillegg liker eg veldig godt kollegaane mine. 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Når ting du har laga, ikkje passar. Men så er det jo som nemnt ein veldig god følelse når problemet er løyst! Dei fleste problem kan bli løyst, og du har også moglegheit til å ringe ein leiar for å diskutere deg fram til ei løysing.

mobelsnekker3.jpeg

Møbelsnikkar Christine arbeider med ei trelist på verkstaden
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?    

– Du kan ta meisterbrev som møbelsnikkar. Du kan òg ta fagbrev som CNC-operatør, som er den datastyrte fresen vi bruker her. Så har du moglegheit til å bygge vidare med teknisk fagskole. 

Nokon jobbar i bedrifter som berre lagar ein type produkt – som trapper, vindauge eller kjøkken. I tillegg startar nokon opp for seg sjølv. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det varierer frå arbeidsplass til arbeidsplass, og med kor stort ansvar du har. Men ei vanleg lønn er ein plass mellom 350 000 og 450 000 kroner.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Viss du er flink og påliteleg og har viljen, er det nok gode sjansar. Det er viktig å gjere eit godt inntrykk i læretida. Då får du ofte fortsette der du gjekk i lære – og viss du av ulike grunnar ikkje får moglegheit til det, får du gode attestar som er verdifulle når du skal søke jobb vidare. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • Dette er ikkje eit yrke du vel berre for å ha noko å gjere. Først og fremst bør du vere fagleg interessert – du bør like å lage ting og å finne løysingar i samarbeid med andre.
    • Ein dag kan eg stå i produksjonen og skjære delar, pusse delar, prøvemontere produkt og løyse problem som oppstår på verkstaden. Dagen etter monterer eg kanskje noko heilt anna ute hos kunden.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser