Portrettfoto av Julie Eikemo Prestø

YrkesintervjuMarknadssjef favoritt ikon

Marknadssjef Julie Eikemo Prestø forstod raskt at har ein fyrst fått smaken på bokbransjen, er ein komen for å bli.

Julie Eikemo Prestø
47 år
Marknadssjef
Tiden Norsk Forlag

Kvifor valde du dette yrket?

— Eg har jobba med litteratur i mesteparten av min yrkesaktive karriere. Eg jobba to år som norsklærar på ungdomstrinnet, og jobba i bokhandel i og etter studietida. Eg las mykje bøker som born og ungdom. Eg har hovudfag frå Universitetet i Bergen i religionsvitenskap og nordisk grunnfag som ein del av graden. Eg har jobba med alle typar bøker, men dei fyrste åra som heiltidstilsett i Norli Galleriet i Bergen, der eg jobba med fagbøker. Etter å ha arbeida meg oppover alle ledd i bransjen, vart eg oppfordra til å søke sals- og marknadssjef-stilling i Kagge og Stenersens Forlag i november 2011. Sidan då har eg arbeidd på denne sida av bransjen.

julie_eikemo_presto_1.jpg

Bilde av Marknadssjef Julie Eikemo Prestø.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

— Tiden Norsk Forlag er eit lite forlag med fokus på norsk skjønnlitteratur, så eg er litt potet. Eg har ansvar for alt av sal til bokhandlarar og kjedenivå. Eg sender ut bøker til innkjøparar som alltid skal ha eit eksemplar av kvar bok me gir ut. Eg sender også leseeksemplar direkte til bokhandel slik at dei kan få lese bøkene som dei skal selje. I tillegg inneber jobben mykje fokus på økonomi, opplag og utgjevnadar. Ein er med i alle ledd og deltek på redaksjonsmøte, planlegging av arrangement, diskuterer omslag og jobbar nært med forfattarane slik at økonomien skal gå rundt. Bokmarknaden stadig vanskelegare fordi det gjevast ut veldig mange bøker — og ikkje minst gode bøker — så konkurransen er hard og det er beinhardt å få innpass i bok-kjedene. Både forlaga og forfattarane har boksal som levebrød, så me må berre stå på!

Kva krevjast av utdanning og eigenskapar for å kunne jobbe innan dette yrket?

— Ein burde gjerne ha bokhandelserfaring, ein grad i litteratur og ein grad i økonomi, dette dersom ein ynskjer å arbeide som marknadssjef innan bokbransjen. Ein grad innan marknadsføring er også gunstig. Ein bør ha store mengder kreativitet, audmjukskap, tolmod, stå på -vilje, god samarbeidsevne og kapasitet til å arbeide hardt og ikkje gi seg. Ein må like menneske og ha stor arbeidskapasitet!

Kven vil du seie ikkje passar til å jobbe innan yrket ditt?

— Jobben er nok vanskeleg dersom ein er innadvendt og lite tolmodig. Ein er avhengig av godt samarbeid med kollegaer og forfattarar. Dersom ein søkjer seg spesifikt til bokbransjen, bør ein så absolutt like å lese bøker!

julie_eikemo_presto_2.jpg

Portrettfoto av Julie Eikemo Prestø
Lisens: 
All rights reserved.

Kva likar du best med yrket ditt?

— Eg set pris på varierte arbeidsoppgåver og det å møte mange spennande, og ikkje minst flinke, menneske. Og sjølvsagt litteraturen! Sjølv om det kan vere vanskeleg å selje nok titlar, formidlar ein samstundes kultur, leseglede og leselyst ut til folket.

Kva likar du minst ved yrket ditt?

— I løpet av eit heilt arbeidsår blir det sjølvsagt visse oppgåver som ein gjennomfører igjen og igjen, noko repetisjon er uunngåeleg. Det er sjølvsagt også frustrerande når ein har eit særs godt produkt som får strålande kritikkar, men som ikkje sel. Då kan motivasjonen dale både hjå marknadssjef og forfattar. Då er det viktig å kunne motivere seg sjølv og andre, bite tennene saman og gå på på nytt.

Kva slags type folk vil du anbefale dette yrket for?

— Ein marknadssjef innan bokbransjen bør vere formidlings og litteraturinteressert.

Kva andre arbeidsmoglegheiter finst innan yrket ditt?

— Ein kan jobbe som redaktør eller skrive bøker sjølv. Mange i bransjen er sjølve forfattarar. Ein marknadssjef kan også jobbe innan PR, då som informasjonskonsulent eller informasjonssjef, salskonsulent eller marknadskonsulent. Mange bransjar har mange ulike stillingar, så også i forlagsbransjen.

Kva kan ein vente seg i lønn innan yrket ditt?

— Dette vil variere, ofte ut frå kor omsetning ein har ansvar for. Slik omtrent kan ein tene frå 550 000 kroner i året.

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt?

— Det er nok ikkje heilt lett. Bokbransjen er ikkje så stor og geografisk føregår omtrent 90 prosent av all forlagsverksemd i Oslo. Rekruttering skjer som regel innanfor bransjen og særs mange har som eg, starta i bokhandel som heiltids- eller deltidsmedarbeidar. Nokre har også bakgrunn som språkvaskar og manuskonsulent.

 

Tekst: Sigrid Hesjevoll

    • Ein burde gjerne ha bokhandelserfaring, ein grad i litteratur og ein grad i økonomi, dette dersom ein ynskjer å arbeide som marknadssjef innan bokbransjen.
    • Bokbransjen er ikkje så stor og geografisk føregår omtrent 90 prosent av all forlagsverksemd i Oslo.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser