Marinbiolog Kristina Øie Kvile

YrkesintervjuMarinbiolog favoritt ikon

Marinbiolog Kristina Øie Kvile har alltid vore oppteken av naturen og fann raskt ut at havet freista mest.

Kristina Øie Kvile
30 år
Marinbiolog
Postdoc ved Woods Hole Oceanographic Institution (USA)
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du dette yrket?

— Eg har alltid vore oppteken av naturen og favorittfaget mitt på vidaregåande var biologi. Eg valde difor å studere biologi på universitetet, og fann fort ut at livet i havet var det mest spennande! Så dermed vart det ein mastergrad i den retninga. Då eg likar å studere og utforske nye ting, heldt eg fram med ein PhD, og no jobbar eg som postdoc med fokus på arktiske økosystem, spesielt korleis klimaendringar påverkar dyreplankton i Arktis. 

marinbiolog_kristina_kvile_1.jpg

Marinbiolog Kristina Kvile
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

— Det varierer mykje, men som dei fleste biologar i dag jobbar eg mest framfor datamaskina. Ulike arbeidsoppgåver i løpet av ei veke kan vere å analysere data, lese nye publiserte artiklar, arbeide med eigne manuskript, diskutere ulike prosjekt med kollegaer og å rettleie studentar. Eg har vore med på fleire forskingstokt, og neste tur går til Arktis (nord for Alaska) i august. Det er kjekt å komme seg ut frå kontoret og sjå økosystemet eg jobbar med på ordentleg.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

— Ein må vere nysgjerrig og glad i å lære seg nye ting. Studieprogrammet i biologi krev mykje lesing, så det passar ikkje for ein som er skikkeleg skulelei. Men marinbiologar kan brukast til så mangt, så kva som krevjast vil variere mykje frå jobb til jobb. Det vanlegaste er å ta ein bachelorgrad i biologi og fortsetje med ein mastergrad innan marinbiologi, eventuelt ein doktorgrad etter det. I andre land er det mogleg å spesialisere seg i marinbiologi allereie på bachelornivå. Eg vil anbefale å arbeide flittig under studiet, men også å vere aktiv utanom! Skaff deg vener og kontaktar i studiemiljøet eller gjennom frivillig arbeid, reis på utveksling. Vis at du er engasjert i faget! Det kan gjere det lettare å skaffe jobb seinare. 

Kven passar ikkje dette yrket for?

— Dersom det viktigaste er å skaffe ein sikker jobb med god inntekt vil eg anbefale noko anna. Ein vel ikkje å studere biologi for å bli rik. 

marinbiolog_kristina_kvile_3.jpg

Marinbiolog Kristina Kvile
Lisens: 
All rights reserved.

Kva likar du best med yrket ditt?

— At det er variert, at eg stadig vekk lærer noko nytt og interessant, og at eg kan reise mykje, både korte turar som konferansar og tokt, eller over lengre periodar, som t.d. opphaldet mitt som postdoc her i USA.

Kva likar du minst med yrket ditt?

— At det er vanskeleg å få fast jobb, i alle fall innan forsking, og at ein difor må bruke mykje tid på å søke om pengar til neste prosjekt for å sikre seg lønn.

Kva slags type folk vil du anbefale dette yrket for?

— Dette er eit yrke for folk som er glade i naturen og nysgjerrige rundt korleis alt heng saman. Biologar er ofte folk som er glad i friluftsliv, men i dag stiller folk som er flinke i matematikk, informatikk eller liknande også sterkt. Rettleiaren min på masternivå sa at det var lurt å bruke tid på å lære seg statistikk, modellering eller liknande, då dette tek mykje tid. Færre har denne kompetansen, og den kan brukast til det meste. Det var derfor eit godt råd!  

Kva for andre arbeidsmoglegheiter finst innan yrket ditt?

— Det er ikkje flust av jobbannonsar som søkjer etter marinbiologar, men dersom ein er litt kreativ, kan ein likevel gjere mykje forskjellig. Eg kjenner marinbiologar som jobbar i konsulentfirma, i offentlege etatar (til dømes i Miljødirektoratet og Statens vegvesen), i kommunar, som lærarar og innan turisme. Og så har ein jo forsking, anten på universitet eller andre forskingsinstitusjonar (Havforskningsinstuttet, NIVA eller liknande). 

Kva kan ein vente seg i lønn innan yrket ditt?

— Det vil variere. I offentleg sektor er lønna fast ut frå utdanning og arbeidserfaring. I private bedrifter, til dømes i konsulentfirma, kan ein tene ganske bra. 

Korleis ser du på sjansane for å få seg jobb innan yrket ditt?

— Det er ikkje slik at arbeidsgivarane står og ventar med opne armar på alle utdanna biologar, men dei fleste eg kjenner har fått relevant arbeid etter kvart. Med auka fokus på å ta vare på naturen, også på livet i havet, trur eg at det vil vere god bruk for marinbiologar i framtida. 

 

Tekst: Sigrid Hesjevoll

    • Eg vil anbefale å arbeide flittig under studiet, men også å vere aktiv utanom!
    •  Det vanlegaste er å ta ein bachelorgrad i biologi og fortsetje med ein mastergrad innan marinbiologi, eventuelt ein doktorgrad etter det.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser