Veronika Andersen, lysteknikar ved Brageteatret

YrkesintervjuLysteknikar favoritt ikon

Veronika Andersen valde yrket som lysteknikar for å kunne kombinere fritidsinteresse og jobb.

Kvifor valde du dette yrket?

— Eg valde yrket for å kunne kombinere interesse og jobb, samt flette inn kulturopplevingar på jobb.

lysteknikar_veronika_andersen_2.jpg

Lysteknikar Veronika Andersen
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

— Arbeidsdagen består av å førebu seg til turné eller førestilling, samt å vere på turné i regi av Brageteatret.

Kva krevst av utdanning og eigenskapar for å kunne jobbe innan dette yrket?

— Når det gjeld utdanning, bør ein vere utdanna lys eller sceneteknikar. Utdanninga kan ein gjennomføre fleire stadar her i landet, men også i utlandet. Med tanke på eigenskapar, bør ein ha teknisk kompetanse, fleksibilitet når det gjeld arbeidstid og fysisk pågangsmot. Det er også ein fordel å kunne sjå kreative moglegheiter innan lysdesign og i oppbygging og utvikling av ei førestilling eller konsert. Ein bør også ha evna til å samarbeide med alle menneska som er involvert i den aktuelle prosessen.

Kven vil du seie ikkje passar til å jobbe innan yrket ditt?

— Eg vil ikkje anbefale yrket til nokon som ynskjer seg ein standard måndag til fredag-jobb på dagtid. Yrket passar heller ikkje for personar som ikkje er glad i fysisk arbeid. Ein bør også vere interessert i kultur.

lysteknikar_veronika_andersen_3.jpg

Lysteknikar Veronika Andersen
Lisens: 
All rights reserved.

Kva likar du best med yrket ditt?

— Eg set pris på alt eg får vere med på å skape, og den kjensla ein har etter ein premiere. Eg får alltid lære noko nytt og treffe nye menneske.

Kva likar du minst ved yrket ditt?

— Det kan til tider bli stressande med deadline, men det blir alltid eit show til slutt. Varierande kvalitet på lysutstyr som frilansar kan også føre til at noko rigging tek lenger tid.

Kva slags type folk vil du anbefale dette yrket for?

— Eg vil anbefale yrket til dei som vil vere med på å skape gode kulturopplevingar for eit publikum, samt dei som vil jobbe teknisk og utfordrande utan å bli sitjande bak ein pc/på kontor. Yrket er også å anbefale til menneske som likar å treffe og jobbe med alle typar menneske.

Kva andre arbeidsmoglegheiter finst innan yrket ditt?

— Ein kan til dømes bli lysdesignar, lysriggar, lysmeister, prosjektleiar og teknisk leiar. Ein kan også arbeide som frilansar innan alle desse arbeidsområda.

Kva kan ein vente seg i lønn innan yrket ditt?

— Nett det er eg ikkje så kjent med. Det varierer nok ut frå kor vidt ein har fast stilling, arbeidar prosjektbasert eller er frilansar. Ein kan jobbe så mykje ein vil, men også så lite ein vil dersom ein er frilansar.

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt?

— Eg ser på arbeidsmoglegheitene som gode dersom ein verkeleg veit kva ein vil og jobbar for å oppnå det. Det er sjølvsagt store forskjellar i dei største byane og elles i landet med tanke på arbeidsmoglegheiter, men som frilansar arbeidar ein overalt og er med det særs fleksibel.

 

Tekst: Sigrid Hesjevoll 

Veronika Andersen, lysteknikar ved Brageteatret
Veronika Andersen
30 år
Lysteknikar
Brageteatret i Drammen, samt noko frilansar

Intervjuer

    • Min arbeidsdag består av å førebu seg til turné eller førestilling, samt å vere på turné i regi av Brageteatret.
    • Eg ser på arbeidsmoglegheitene som gode dersom ein verkeleg veit kva ein vil og jobbar for å oppnå det.

Yrkesbeskrivelser