Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg har alltid vore glad i naturen. Som landbruksrådgjevar får eg jobbe med og i naturen, og samtidig bidra til ein berekraftig matproduksjon som ikkje går ut over klima og naturmangfald. 

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Noko av det eg liker best med jobben, er at ingen dagar er like. Som landbruksrådgjevar har du varierte oppgåver som endrar seg med sesongane. I vinterhalvåret er eg mest på kontoret og hjelper medlemmer med planlegging for neste års vekstsesong. Vi er også mykje på kurs for å få fagleg oppdatering. I sommarhalvåret er eg mykje utandørs, og mykje ute hos medlemmer, altså bøndene. Eg jobbar som rådgjevar innan plantekultur, med korn som hovudområde. Vi har fleire feltforsøk som vi følger med på gjennom sesongen. Dette kan for eksempel vere eit forsøk der nye kornsortar testast til dyrking i Noreg. I forsøka gjer vi registreringar og observasjonar undervegs. 

Det skjer mykje nytt i landbruket, og ein viktig del av jobben er å formidle vidare kunnskap ut til medlemmene. Dette kan vere munnleg formidling på større møte, kurs og markvandringar, eller mindre møte i grupper eller heime på gardsbesøk. Eg skriv også mykje fagartiklar til nettsider, fagblad og nyheitsbrev, og lagar ulikt innhald til sosiale media. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du må ha utdanning innanfor landbruk, enten bachelor eller master. Annan kompetanse og erfaring innan landbruk kan kompensere for utdanning. Sjølv har eg ein bachelor i plantevitskap frå NMBU. Eg har også pedagogikkutdanning, som eg synest eg får god bruk for, men det er ikkje eit krav. 

Det er mange utdanningar som passar til ei stilling som landbruksrådgjevar. Innanfor plantekultur jobbar vi med alle kulturar på friland og i veksthus, og med matplanter, fôrplanter og prydplanter. Det er også landbruksrådgjevar-stillingar innanfor HMS, økonomi, administrasjon, bygg, ingeniørfag, husdyrfag, teknikk, politikk og landbruksjuss. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Som landbruksrådgjevar er vi ofte i kontakt med menneske. Det er nok ein fordel å vere sosial og serviceinnstilt, og like formidling i ulike former. Du må også vere nysgjerrig og trivast med å vere mykje ute. 

Kven passar ikkje jobben for? 

– Jobben passar ikkje for deg som ønsker ein roleg og føreseieleg kontorjobb. Landbruk er eit fagområde som alltid er i utvikling. Vi må tilpasse oss ny forsking og praksis heile tida, og stelle oss til vêr- og sesongvariasjonar. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Eg liker at eg kan jobbe med både fagkunnskap og menneske samtidig. Eg jobbar med mange kunnskapsrike bønder, og det gir meg mykje motivasjon! Landbruk er også eit fagområde som alltid er i utvikling, og det er alltid noko nytt. Ingen dagar eller sesongar er like. 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Når du arbeider med forsøk, må du vere veldig nøye og detaljert, og det kan vere mykje gjentakande arbeid. Det er eg mindre glad i – men det er alltid gøy til slutt, når du ser resultatet av jobben du har gjort. 

Image
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Som landbruksrådgjevar kan du også jobbe med saksbehandling, sal, forsking og undervisning.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Du kan forvente gjennomsnittslønna for utdanning, ansiennitet og yrke. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Det er gode sjansar for å få jobb som landbruksrådgjevar. Matproduksjon er viktig, og det blir stadig større etterspurnad etter folk med interesse og utdanning innanfor landbruksrelaterte fag. 

 

Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter intervjuet ble publisert.