Kvifor valde du dette yrket? 

– Det er spennande og variert å vere kyrkjeverje. Eg får jobbe innanfor ein organisasjon som har stor betyding i lokalmiljøet, og som speler ei viktig rolle for veldig mange i Noreg. Eg har tidlegare jobba som dagleg leiar i ei meinigheit, og treivst godt med det. Tidlegare har eg også jobba ein kort periode som kyrkjeverje i ein liten kommune med 500 innbyggarar, medan eg nå jobbar i ein mellomstor kommune med eit aktivt meinigheitsliv. 

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Som kyrkjeverje er ein den øvste administrative leiaren i eit kyrkjeleg fellesråd. Det inneber at eg har ansvar for både kyrkjebygga, gravplassane, økonomi og budsjett i fellesrådet, innkjøp, det administrative rundt gravferder, i tillegg til å ha det øvste personalansvaret. Kyrkjeverja har også ansvar for at alle dei andre tilsette kan gjere jobben sin på ein god måte. Det vil seie at lokale og utstyr er på plass og fungerer. Eg har felles møte med alle tilsette på tvers av meinigheitene dei jobbar i, og er opptatt av å vere tilgjengeleg for dei tilsette. 

Ein vanleg arbeidsdag er frå 8 til 16, men nokre møter og samlingar er på ettermiddag og kveldstid. Men som i alle leiarstillingar må du jamleg jobbe utover vanleg arbeidstid for å rekke over oppgåvene. Ein arbeidsdag kan variere mykje i innhald, og eg er innom mange ulike oppgåver og fagfelt i løpet av ei veke. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Det finst ingen «kyrkjeverjeutdanning», så det jobbar folk med ulik bakgrunn i dette yrket. Sjølv er eg utdanna sosionom, og har vidareutdanning innan organisering og leiing. Det er ein fordel å ha kunnskap om økonomi, personalleiing og bygg – så mange utdanningsbakgrunnar kan fungere. Det viktigaste er å vere allsidig, ha administrative ferdigheiter og å synast at nye utfordringar er spennande – for dei kjem heile tida. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– For å trivast i denne rolla må du vere strukturert og tole å ha mange ballar i lufta samtidig. Allsidigheit er eit viktig stikkord, og det er ein fordel å trivast med menneske. 

Kven passar ikkje jobben for? 

– Eg trur mange kan trivast i rolla, men dersom du ikkje ønsker ansvar, har problem med administrasjon og ikkje liker stadig nye utfordringar, bør du nok styre unna denne jobben.

Kva liker du best med yrket ditt?    

 – Eg liker å ha ein variert kvardag, og å få jobbe med motiverte og dyktige medarbeidarar mot eit felles mål. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Det eg liker minst, er nok ein til tider stor arbeidsmengd, og at økonomien ikkje tillèt altfor store sprell. 

Image
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Det finst mange moglegheiter innanfor kyrkja som organisasjon – men som kyrkjeverje er det nok ikkje så mange val, bortsett frå å skifte fellesråd.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Mellom 450 000 og 800 000 kroner i året, alt etter størrelsen på fellesrådsområdet og eiga utdanning eller yrkesbakgrunn. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Det finst rundt 400 fellesråd i landet, så det er ikkje så veldig mange ledige stillingar – men dei dukkar opp innimellom.

Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter intervjuet ble publisert.