Kunstnar Hans Ragnar Mathisen

YrkesintervjuKunstnar favoritt ikon

Kunstnaren Hans Ragnar Mathisen synest han har eit utruleg spennande yrke som han aldri ville byta med noko anna.

Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du dette yrket?

- Heilt sidan eg var ganske liten har eg interessert meg for kunstnaryrket. Dersom slikt kan ligge i slekta kan eg nemne at eg har ein bror og to søstrer som også er kunstnarar. Då eg var yngre vart eg litt erta for det fordi mange meinte at kunst berre var hobby. Seinare då eg fekk fortalt at det å vera kunstnar var skikkelig arbeid, bestemte eg meg med ein gong for at det var det eg ville bli. Det er mange greinar innan kunst, så sjølv om eg i hovudsak driv med biletkunst er eg også interessert i musikk og tekstskriving.

Kva oppgåver består arbeidsdagen din av?

- Som kunstnar er ein sin eigen herre og bestemmer sjølv kva ein skal gjere. I mitt yrkesliv har eg hatt mange forskjellige fokus og brukt fleire ulike kunst-teknikkar. Elles jobbar ein kunstnar mest prosjektorientert, der hovudprosjekta som regel er utstillingar. Då jobbar ein anten mot ei bestemt utstilling eller ein vel å ha ei utstilling når ein har mange nok bilete. I forhold til arbeidsprosessen har eg vore velsigna med ein veldig aktiv kreativitet, så eg har ikkje måtte vente på at inspirasjonen skal koma til meg.

Dersom ein vert teken ut til eit oppdrag står ein som regel veldig fritt. Ein vert beden om å koma med eit forslag til ein dekorasjon som viser korleis du har tenkt å løyse oppdraget. Dette gjer ein som regel på akvarell. No har eg akkurat fått eit oppdrag frå pasienthotellet ved sjukehuset i Tromsø, der eg har fått ein flate på 3 gonge 1,8 meter som eg skal dekorere. Då kjem eg til å bruke ulike trematerial som eg måler, lakkerar og set opp i eit mønster. Denne teknikken er kalla tresnitt. Elles er det planlegging, produksjonssal, utstillingar og slike ting arbeidskvardagen består av. Det er eit utruleg spennande yrke som eg aldri ville ha byta med noko anna.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er nødvendig for å bli kunstnar?

- Det er fullt mogleg å oppnå dei same kvalifikasjonar gjennom eigen læring, men eg trur ein kunstnar vil koma lengre med litt formell utdanning. Den kunstnariske utdanninga gjer deg ikkje til kunstnar, men den gjer deg til ein betre kunstnar. Ein må vera kunstnar allereie før ein byrjar på utdanninga. Med dette meiner eg at ein kjenner inne seg at ein har noko å bidra med og at ein har eit uttrykksbehov som er så stort at ein berre må gjere det. Eg hadde debutert både på den regionale og nasjonale utstillinga før eg begynte på utdanninga. Eg begynte på kunst- og handverkskulen i 1971 i Oslo. Etter dette tok eg fem år på kunstakademiet. Eg meiner at grunnlaget for kunst, uansett kva slags visuell og kreativ kunst, er frihandsteikning. At du kan teikne det du ser og uttrykke deg med blyant, penn eller kva som helst. Den kunnskapen er eg veldig glad for å ha, då den går som ein raud tråd gjennom heile kunsten slik eg ser det.

Kva er det beste ved yrket ditt?

- Det er at eg sjølv har ansvaret og friheita til å bestemme kva tid, kvar og kor mykje eg vil jobbe.

Kva misliker du mest ved yrket ditt?

- Det er ikkje ein økonomisk tryggleik. No har eg vore så heldig at eg har hatt statens garantiinntekt i nesten 20 år, noko som gjorde at eg kunne ta opp lån og bygge eige atelier og slikt.

Kva andre arbeidsområde/moglegheiter finst innanfor ditt yrke?

- Eg jobbar blant anna også med grafisk design og lagar logoar og illustrasjonar til forskjellige ting. Sidan eg interesserer meg for musikk og litteratur kan det også vera veldig interessant å kombinere desse tinga med biletkunsten.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

- Dersom ein vel dette yrket så må ein berre gløyme å bli rik. Det er berre unntak eller flaks om det skjer. Det er veldig opp til deg sjølv, så det er utruleg vanskeleg å sei. Om ein vert malar så sel ein sjeldnare, men til høgare pris. Om ein jobbar med grafikk sel ein oftare, men for ein mykje lågare pris. Det går på ein måte opp i opp. Gjer ein begge tinga er det kanskje betre, då kan ein justere det eine med det andre. Dei fleste kunstnarar i Noreg har ein annan jobb ved sida av. Det er svært få som kan leve berre som kunstnar, men eg har vore så heldig å vera ein av dei. Eg trur løna kan ligge på alt frå 300.000 til 500.000.

Korleis ser du på sjansane for å få jobb innan dette yrket?

- Dersom ein skal kunne leve av det, så må ein markere seg og skaffe seg oppdrag. Ein bør også vera med i ein kunstarorganisasjon. Slik kan ein skape seg eit nettverk og samarbeide med andre kunstnarar. Alt bygger på kvaliteten på det du gjer. 

Tekst: Anita Finne

Kunstnar Hans Ragnar Mathisen
Hans Ragnar Mathisen
69 år
Kunstnar
Tromsø

Intervjuer

    • Dersom ein vel dette yrket så må ein berre gløyme å bli rik. Det er berre unntak eller flaks om det skjer.
    • Den kunstnariske utdanninga gjer deg ikkje til kunstnar, men den gjer deg til ein betre kunstnar. Ein må vera kunstnar allereie før ein byrjar på utdanninga.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser