Portrettfoto av kreftsjukepleiar Ida Juklestad. Iført kvit arbeidsuniform, avbilda frå brystet og opp.

YrkesintervjuKreftsjukepleiar favoritt ikon

Triste og tøffe situasjonar er ein del av jobben til kreftsjukepleiar Ida Juklestad. Ho set pris på å kunne støtte pasientane i ein vanskeleg fase av livet.

Ida Juklestad
28 år
Kreftsjukepleiar
Radiumhospitalet, Oslo

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har jobba som sjukepleiar på kreftavdelinga på Haukeland sjukehus. Eg fann ut at det var ei pasientgruppe eg likte godt å jobbe med. Eg valde derfor å spesialisere meg som kreftsjukepleiar, og har no jobba som det i eitt år. Kreftpasientar er ei veldig takknemleg gruppe å jobbe med. Alderen spenner frå 11 til 90 år, så ein møter mange ulike menneske i ulike fasar i livet. Eg treff dei i nokre tøffe månader av livet deira. Eg trur det gir meg eit perspektiv på livet som nok ikkje alle har med seg i sine yrke. 

fullsizeoutput_26bb.jpeg

Kreftsjukepleiar Ida Juklestad held på eit infusjonsstativ, iført hanskar og kvit arbeidsuniform. Avbilda frå livet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Eg jobbar på sengepost for lymfom- og sarkomkreft. Arbeidsdagen kan vere veldig variert, men den startar alltid med eit møte og ein rapport eg skal lese. Deretter er eg saman med to til tre pasientar i løpet av ein arbeidsdag. Ein dag kan det vere ein pasient som skal ha cellegiftbehandling. Då gir eg medisinar og gjer vitale målingar i forkant, og gir også cellegifta. Eg informerer om biverknader og følger med på pasienten undervegs. Vi har også pasientar som får strålebehandling og pasientar som får behandling for neutropen feber. Vi samarbeider tett med legar, fysioterapeutar, sosionomar og ernæringsfysiologar om behandlinga.

Støttesamtalar med pasientane er ein viktig del av jobben. Då pratar vi om alt ifrå kvardagslege ting, til behandling og det som følger med, korleis dei har det fysisk og psykisk, og av og til også om døden. Vi har både pasientar som skal bli friske, og pasientar som kjem til å døy av kreften. Mange samtalar kan eg kvi meg for å ta, men ofte sit eg igjen med følelsen av at det var ein fin samtale.

Eg jobbar tredelt turnus, og har både dagvakt, seinvakt og nattevakt. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– For å spesialisere seg som kreftsjukepleiar må du ha ein bachelor i sjukepleie og ha jobba som sjukepleiar i minst to år.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– Det er mange likskapar med eigenskapane du må ha for å vere sjukepleiar. Men du må ha ei interesse for kreftomsorg. Du må vere glad i å jobbe med menneske, og du må ha evna til å sjå heile mennesket – ikkje berre sjukdomen. Det kan til tider vere triste og tøffe situasjonar, så det må du vere forberedt på i dette yrket. Du må også kunne takle at det til tider er hektisk og at du må jobbe i eit høgt tempo. 

Kva liker du best med yrket ditt?

– Eg liker veldig godt å bli kjent med pasientar og pårørande. Følelsen av å vere ein tryggleik i sjukehuskvardagen til pasienten, der vi støttar og er der for dei igjennom forløpet, gjer at eg kan gå heim frå jobb og føle at eg gjer ein forskjell i nokon sitt liv. Det er også veldig hyggeleg når pasientar kjem innom på kontroll etter at dei er blitt friske. Jobben er i tillegg utfordrande og lærerik. Sjølv om mange av oppgåvene er like, blir dagane ulike fordi vi møter så ulike menneske.

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Når det er travelt og eg ikkje heilt føler at eg strekk til. Av og til får eg ikkje tid til å sette meg ned og prate like mykje med pasientane som eg skulle ønske.

fullsizeoutput_26b8.jpeg

Kreftsjukepleiar Ida Juklestad sittande på eit kontor, kor ho pratar med ein kollega og peikar ned på eit ark.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Du kan jobbe på kirurgiske og medisinske avdelingar, på poliklinikkar, kreftavdelingar og barneavdelingar. Du kan jobbe på sjukeheim, i heimesjukepleia eller som kreftkoordinator i kommunen. Du kan også jobbe i Kreftforeininga.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Som kreftsjukepleiar har du lønn som spesialsjukepleiar, og du følger tariff. Med fire års ansiennitet har eg ei grunnlønn på 455 000 kroner i året, pluss tillegg for turnus og heilagdagar.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Dei er gode. Det trengst alltid kreftsjukepleiarar, og det bur kreftpasientar i alle kommunar i landet.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Eg treff pasientane i nokre tøffe månader av livet deira. Eg trur det gir meg eit perspektiv på livet som nok ikkje alle har med seg i sine yrke. 
    • Støttesamtalar med pasientane er ein viktig del av jobben. Då pratar vi om alt ifrå kvardagslege ting, til behandling og det som følger med, korleis dei har det fysisk og psykisk, og av og til også om døden.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser