Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg er eigentleg utdanna tømrar, og jobba i mange år på eit smelteverk i Hardanger. Der søkte eg meg etter kvart over til transportavdelinga og tok kransertifikat. Det er noko spennande med dei store og tunge kranene, og faren min er også kranførar. 

Då smelteverket flytta produksjonen, søkte eg jobb på Larvik Havn. Her har eg vore sidan 2002, og eg elskar å køyre kran den dag i dag. 

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Her har vi ei vaktordning kor vi er på vakt ei veke og deretter har tre vanlege veker. I dei vanlege vekene er arbeidstida frå 7 til 15. Larvik Havn er Noregs nest største offentlege konteinarhamn, så vi har store anløp med mange konteinarar som skal handterast. Eg sit i krana og lossar konteinarane av skipa, og lastar tilbake. Vi lossar og lastar også stykkgods, for eksempel armeringsjern og diverse andre ting. I konteinarkranene er arbeidsstillinga ganske slitsam, så her køyrer vi to timar av gongen før vi byter med ein annan kranførar. 

I tillegg gjer vi det meste av vedlikehaldet sjølv, som å skru, smørje og spyle, og vi har ein eiget verkstad. Kranførarane her har litt ulik bakgrunn, noko som er nyttig. Sjølv er eg tømrar, og kan for eksempel reparere brygger. Vi har også blant anna ein elektrikar og ein mekanikar her. 

I vaktvekene er vi to mann på vakt. Då må vi stille opp når det trengst, også midt på natta. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du må ha kransertifikat. Det finst ulike sertifikat for ulike krantypar, men vel så viktig er det å få erfaring med, og opplæring i, kranene som brukast der du skal jobbe. Når du har 75 tonn med deg på jobb, må du ha respekt for det du driv med, for det er ikkje eit leiketøy. Du må kjenne dine eigne avgrensingar og vere vaken, slik at ting blir gjort på ein sikker måte. 

Det finst også ei eiga fagutdanning innan kran- og løfteoperasjonsfaget, men ofte kan det vere ein fordel at kranførarane har ulik fagkompetanse i botn. Då eg fekk jobben her, blei det søkt etter ein kranførar med tømrarbakgrunn og trucksertifikat. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Du må ha eit ønske om å køyre kran, viss ikkje har du ikkje noko oppe i ei kran å gjere. Viss du brenn for noko, blir du god, derfor er interesse er viktig. Du må også ha evna til å jobbe til alle døgnets tider, også i helger og på heilagdagar. Du må vere villig til å stå på ekstra når det trengst. Vi er ei servicebedrift, og må gjere det ytste for at kundane våre får det dei treng. Du bør også vere litt praktisk av deg og ha ei viss romforståing – men alle utviklar ein eigen måte å køyre på.

Kven passar ikkje dette yrket for?   

– Du kan ikkje ha høgdeskrekk. Eg er likevel ikkje spesielt tøff i høgda, og kunne aldri tenke meg å hoppe i fallskjerm eller strikk – men eg føler meg trygg i kranene.

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Eg elskar krankøyring, og det er det eg brenn for. Eg liker korleis ingen konteinarskip er like, og synest det er fascinerande korleis ulike skip krev ulike løft – det er på mange måtar som eit puslespel som skal leggast. I tillegg har du veldig god utsikt frå krana, og vi er på ein måte ein del av gjengen både om bord og på land. 

Eg liker også fleksibiliteten vi har her. Samanlikna med smelteverket eg jobba i tidlegare, følast dette veldig fritt. Når vi ikkje sit i krana, fartar vi rundt for å gjere vedlikehald eller få tak i ulike delar. Eg får også snikra litt innimellom, og eg liker å kunne bruke den ferdigheita, sjølv om eg ikkje ville ha vore snikkar på heiltid. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Det er når arbeidet blir veldig monotont og kvart løft er identisk. Det er kjedeleg.

Image
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Det finst mange ulike typar kraner i ulike bransjar, for eksempel tårnkraner, mobilkraner og lastebilkraner. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Avhengig av erfaring og fagbakgrunn, tener du nok ein plass mellom 400 000 og 500 000 kroner i året. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Godsmengda aukar i takt med befolkninga og forbruksmønsteret, så behovet for kranførarar er der. Yrket kan nok likevel vere ein utdøyande art, for meir og meir blir automatisert. Etter kvart vil kanskje langt færre kranførarar kontrollere fleire kraner i eit kontrollrom, og på sikt vil vi kanskje bli flytta på bakken. Men det tar nok litt tid. 

Du har veldig god utsikt frå krana, og vi er på ein måte ein del av gjengen både om bord og på land. 
Når du har 75 tonn med deg på jobb, må du ha respekt for det du driv med, for det er ikkje eit leiketøy.