Kvifor valde du dette yrket? 

– Det var ganske tilfeldig. Eg er utdanna hjelpepleiar og har jobba fleire år i helsevesenet. Eg treivst med å jobbe med folk, men var samtidig hageinteressert. Då eg melde meg på eit kurs om tresorten pil, blei eg «tvungen» til å flette ei korg. Eg blei fascinert med ein gong og syntest det var fantastisk å kunne lage noko så fint av berre nokre pinnar. I 2007 hoppa eg i det og starta mitt eige firma som korgmakar. Etter å ha jobba nokre år tok eg sveinebrevet i korgmakarfaget. 

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Den mest vanlege arbeidsdagen min består av undervisning i korgfletting, gjerne på kveldstid. Det er det som gir pengar i kassa, og som gjer at eg kan drive med dette. Utfordringa i dette yrket er at du må finne din eigen veg. Eg har utvikla ulike kurs, noko som har vore vellykka. Som regel har eg to kurs i veka. Eg har både korte kurs på fire timar som er for alt og alle, ein korgskole som går over tre år og helgekurs. Målet er at folk skal føle seg bra og oppnå noko konkret. Det gjer at dei synest det er gøy, og at dei kjem tilbake.

Akkurat nå har eg ein periode kor eg har sat av tid til å flette korger for meg sjølv. Då går eg på verkstaden min i 9-tida og lagar spennande korger og tasker, i tillegg til å reparere produkt. Eg jobbar mest med pil, men også andre materiale når eg reparerer gjenstandar. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?    

– Det er ikkje ein beskytta tittel, men du blir sett på som meir seriøs med sveinebrev i korgmakarfaget. Når det gjeld utstyr, er det ikkje mykje du treng – saks, kniv og pil. Fordi faget krev få investeringar, var det tradisjonelt eit supplement til anna næring. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Dei aller fleste må starte eiga verksemd, så du bør vere nokså sjølvgåande og ha ein indre driv – og å vere evig optimist er også ein fordel. Du må heile tida dytte deg sjølv i gang. Du må også ha ein viss estetisk sans og formsans, men mykje handlar samtidig om smak. Du får eit veldig personleg preg, og eg kan ofte sjå kven som har laga ulike korger. Driv du med undervisning, er det viktig å vere omgjengeleg og trivast med folk. Når du har folk på kurs, etablerer du ein unik kontakt, noko dei fortel vidare om. Det er noko heilt anna enn berre å møte folk på eit galleri. Undervisning er derfor taktisk smart, og noko fleire korgmakarar driv med. 

Du bør også kunne ta i eit tak, for materialet kan vere litt gjenstridig å arbeide med – men det er ikkje veldig tungt. 

Kven passar ikkje dette yrket for?   

– Du jobbar ofte variert, og både med store og små produkt, så det er ikkje så mykje slitasjeskadar i dette yrket. Etter kvart opparbeider du deg styrke i fingrane og blir teknisk flink. Men det kan nok vere utfordrande viss du har leddplagar.

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Noko av det kjekkaste med jobben er å kunne gjere ein forskjell for menneske. Eg gir andre opplevinga av å skape noko, og det er gjerne litt fråverande i samfunnet. Det at du kan sette i gong med nokre pinnar og lage noko fysisk, synest mange er avkoplande. Du må vere heilt til stades i det du gjer, og ingen andre tankar slepp til. Eg får tilbakemeldingar frå kursdeltakarane om at dei synest det er luksus å kome hit. 

Eg liker også veldig godt at eg jobbar så variert, med både å undervise og å lage og reparere ulike produkt. Ved å ha kurs på ulike nivå får eg brukt breidda av kunnskapen min. I tillegg blir eg aldri ferdig utlært, og det er veldig gøy. Eg elskar å gå på kurs sjølv og lære om nye måtar å gjere ting på.

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Det som er mest utfordrande, er kampen om ei viss inntekt. Det kan vere vanskeleg å finne riktige salskanalar, og mange ordningar er laga for større bedrifter. Elles gjer eg mest oppgåver som eg liker godt. 

Image
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– At du har eit handverk i botn, gir ein basis også for andre yrke – som aktivitør og museumsformidlar – men ofte vil du trenge anna utdanning i tillegg. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Eg tar ut ei lønn på 240 000 kroner i året, som er ei god inntekt for ein korgmakar. 

At eg kan tene såpass, skyldast at eg har funne ein nisje gjennom undervisning, og bur i eit område kor folk er villige til å betale. Omsetninga er på 700 000–800 000 kroner, men det er mykje utgifter til drift. Uansett er det ikkje eit yrke kor du blir rik på kroner og øre. Men pengar er ikkje alt, eg får også mykje livskvalitet. Slik er det for mange små handverk.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Det er ikkje mange firma som tilsett korgmakarar. Dei aller fleste har si eiga verksemd og må finne sin nisje. Det er samtidig eit fag som blir meir og meir aktuelt, i takt med at fleire ønsker seg tilbake til naturen og å jobbe med naturmateriale.

Eg gir andre opplevinga av å skape noko, og det er gjerne litt fråverande i samfunnet.
Det som er mest utfordrande, er kampen om ei viss inntekt. Det kan vere vanskeleg å finne riktige salskanalar, og mange ordningar er laga for større bedrifter.