Portrett av keramikar Rita Lysebo Egren.

YrkesintervjuKeramikar favoritt ikon

Sjølvstendet og lidenskapen for faget er viktig for keramikar Rita Lysebo Egren. Ho driv sin eigen verkstad, kor ho lagar vakre bruksgjenstandar i leire.

Rita Lysebo Egren
47 år
Keramikar
Galleri Brown og eget verksted, Sandefjord

Kvifor valde du dette yrket?

– Då eg var ferdig med ungdomsskolen, var eg klar for å gjere noko praktisk. Å sitte og lese teori var ikkje for meg. Er var glad i å teikne, så eg begynte på teikning, form og farge, og gjekk vidare med teikning. Etter to år ønska eg å fortsette i den retninga. Eg gjekk derfor vidare på Asker kunstskole, som var ein privat kunstskole, i to år. Der fekk eg lære om det meste innan teikning, måling, skulptur og grafikk – og det var kjempespennande. 

Etter desse åra søkte eg meg inn på Danmarks designskole, kor ein kunne søke utan studiekompetanse. Etter ei praktisk prøve kom eg inn, og tok ei bachelorgrad i keramisk design.

Eg valde keramikk fordi eg etter kvart såg at det var former eg var mest opptatt av. Det er også veldig spennande at ein eigentleg aldri blir utlært som keramikar. Det er så mange moglegheiter. Keramikk kan tilarbeidast mykje, og ideane stoppar aldri opp. 

Som nyutdanna såg eg at det var beintøft å få jobb, så eg starta derfor min eigen verkstad. Undervegs har eg også jobba i både barnehage og skole, og drive bokhandel. Det har lært meg mykje om samspel mellom menneske, sal, marknadsføring og rekneskap, som eg har god nytte av no. For tre år sidan valde eg å satse fullt på eigen bedrift. God utdanning, livserfaring og nettverksbygging har vore ein bra kombinasjon for meg. 

keramiker1.jpg

Keramikar Rita Lysebo Egren løfter lokket på ein keramikkomn og ser ned på koppane som står der. Avbilda frå låret og opp, iført mørke arbeidsglede.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Eg driv for meg sjølv og har verkstad heime. Då kan eg jobbe frå klokka åtte til fire nokre dagar, andre dagar frå ti til åtte. Då eg hadde små barn, syntest eg det var godt å ha verkstaden ute av huset, men no synest eg det er kjekt og fleksibelt å ha han i kjellaren. Det gjer at eg kan gå djupare inn i skaparrolla, samtidig som eg er tilgjengeleg og kan sjekke omnane undervegs i brenninga. 

I tillegg driv eg eit lite galleri med ei venninne, kor eg sel ting ein til to gonger i veka. Når eg er på verkstaden, er eg i den kreative bobla mi, mens eg kan fokusere på kundane når eg er på galleriet. På galleriet gjer eg også det administrative arbeidet som høyrer med når du driv for deg sjølv, som rekneskap og marknadsføring. 

Eg har dei siste åra spesialisert meg på bruksting, som koppar, mugger, skåler og vasar. Eg støyper dei, det vil seie at eg brukar flytande porselensleire som eg har farga inn med eit fargestoff, og heller den flytande leira opp i former. Der står det i åtte minutt og trekk inn i forma, før eg heller ut restane. Så skal det stå og tørke i tre til fire dagar. Deretter pussar eg på det, før eg brenn det ein gong, så glaserer eg det, og brenn det ein gong til. På ein travel dag produserer eg rundt 50 gjenstandar. Eg har jobba meg opp slik at eg no har faste butikkar og galleri som handlar av meg, og har også investert i ein omn til. 

Eg er opptatt av handverket, og at det kjem frå meg. Det er også kundane mine opptatt av. Då må eg berre akseptere at eg ikkje alltid får produsert så raskt som eg kanskje vil. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?    

– Det finst ulike vegar til å bli keramikar. I tillegg til vegen via ulike høgskolar, universitet og kunstakademi kan du ta fagbrev i keramikkfaget. Du kan også studere keramikk på folkehøgskole. 

Du får likevel fleire moglegheiter med ei bachelor- eller mastergrad når du skal søke utstillingar. Ofte krev kunstforeiningar og museum at du har ein viss CV. Ei høgare grad gjer også at du automatisk får medlemskap i Norske Kunsthåndverkere, for eksempel. 

For å jobbe som keramikar krevst det også ein del utstyr. Du må ha ein keramikkomn, som kostar 70 000 kroner ny, men som heldigvis varar i mange år. Du kan også vere heldig å få kjøpt ein brukt. Du må også ha riktig, trefasa straumkurs til omnen. I tillegg treng du ein del råmateriale. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Du må vere kreativ og glad i å jobbe praktisk. Var du glad i å bygge med Lego, kan du nok like å jobbe med keramikk. Du må også vere glad i å ta i materiale og tole å bli skitten. I tillegg må du vere glad i å jobbe fysisk, for det kan vere tunge løft. Du bør også vere nysgjerrig, open og utforskande, og kunne tenke i nye retningar. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Sjølvstendet. Det er også eit resultat av at eg har vore avhengig i tidlegare jobbar, så no set eg veldig pris på å styre dagen sjølv.

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Det administrative arbeidet, særleg rekneskapen. Du må jo ikkje gjere alt sjølv, men det er kostbart å betale andre for å gjere alle desse oppgåvene. Heldigvis har eg fått god hjelp av kompetente familiemedlemmar. Du kan også få hjelp hos ulike gründernettverk. Marknadsføringa har heldigvis blitt enklare og billigare no, gjennom sosiale medium, berre du lærer deg «språket». 

keramiker3.jpg

Keramikar Rita Lysebo Egren formar ei leireskål med hendene. Avbilda frå livet og opp, iført mørke arbeidsklede.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?    

– Dei aller fleste keramikarar er sjølvstendig næringsdrivande. Nokre få har fast jobb i større firma. Det er også vanleg å bli leid inn i prosjekt hos store leverandørar, der du for eksempel designar eit produkt.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det er veldig vanskeleg å svare på, og det er vanskeleg å samanlikne med ein vanleg åtte til fire-jobb. Du må vere innstilt på å jobbe deg opp, og at du ikkje blir millionær. Så er det veldig opp til deg sjølv og kor aktiv du er for å selje tinga dine. I ein god månad sit eg igjen med rundt 30 000 kroner. For meg handlar det om ein lidenskap for yrket. Eg har hatt yrke der eg har tent betre, men lønna er ikkje det viktigaste for meg. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Som nemnt er nokre veldig få heldige og får ein fast jobb i eit stort firma. Jobbmoglegheitene kjem også litt an på fagfeltet. Satsar du på skulptur, er det ingen firma som tilsett deg, mens satsar du på produktdesign, er nok moglegheitene større. Men dei aller fleste må skape sin eigen arbeidsplass. 

Tekst:
Signe Steinnes
    • I tillegg til vegen via ulike høgskolar, universitet og kunstakademi kan du ta fagbrev i keramikkfaget.
    • Dei aller fleste keramikarar er sjølvstendig næringsdrivande.
    • For meg handlar det om ein lidenskap for yrket.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser