Kvifor valde du dette yrket? 

– Det var veldig tilfeldig. Eg hadde jobba på sentralbordet her i Jotun i mange år, då det blei lyst ut ei ledig stilling i ei av kantinene. Eg hadde berre erfaring med vanleg, heimelaga mat, men hadde lyst til å prøve noko nytt – og syntest det verka spennande. Eg er kreativ og liker å skape ein triveleg atmosfære, og å presentere mat på ein delikat måte. I tillegg hadde eg lang erfaring med kundebehandling og liker kontakt med menneske. No har eg jobba i kantine i 13 år.  

 

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Eg begynte i denne kantina for nokre veker sidan, fordi den tidlegare Jotun-avdelinga eg jobba på, blei flytta hit til det nye hovudkontoret. Her lagar vi mat til 300 personar, medan det berre jobba 70 personar på den tidlegare lokasjonen. Arbeidsoppgåvene er litt ulike på små og store kantiner – i den førre kantina gjorde eg alt, også varebestillingar frå matleverandørane og kassaoppgjer. Her har eg ikkje bestillingsansvar. 

Eg jobbar frå halv åtte til halv fire. Når eg kjem på jobb, har nokon allereie vore i gong sidan klokka seks med å førebu varmmaten som skal ut til ei anna Jotun-kantine i nærleiken. På morgonen kuttar eg gjerne ein haug med grønsaker, som agurkar, tomatar og løk. Eg blandar også saman nøtteposar som skal leverast ut til kontora. Når varmmaten frå kokkane er klar til å serverast, har eg den utåtvende rolla, som er den eg trivast best med. Då står eg ved disken og møter kundane. Kantina stenger klokka 14, og etter det vaskar vi slik at alt er klart til neste dag. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket? 

– Kokkane i kantina må vere kokkeutdanna, men det er mange arbeidsoppgåver du kan gjere i ei kantine utan fagbrev. Å vere faglært opnar likevel fleire dører, og det er nok vanskelegare no enn før å få jobb som ufaglært. Sjølv tok eg fagbrev som institusjonskokk (no ernæringskokk, red.anm.) som 60-åring. Det gjer også at eg tener meir. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– Mange personlegdomar kan passe for dette yrket – berre du ikkje er sur. Det er ein del rutineoppgåver, og då hjelper det å ha litt humor og eit lyst sinn. Når det er regnar ute, tenker du heller at det er godt å ha det tørt og varmt inne! Du må også kunne sjå an kundane og møte alle på ein hyggeleg måte. Sjølv liker eg å møte blikket og prate med dei – og kjenner namna på mange. Det er likevel også mange oppgåver du kan gjere meir i bakgrunnen, viss du ikkje er så utåtvend. 
Hygiene er viktig i alle ledd, så det er ein fordel om du har god orden og kan ha fleire ballar i lufta samtidig. Du må sjonglere litt ulike arbeidsoppgåver, avhengig av kor det er behov for deg, samtidig som det er viktig å vere strukturert og fullføre det du kan fullføre. 

Kven passar ikkje jobben for? 

– Viss du er ustrukturert og ikkje kan halde avtalar, er det ikkje ein jobb for deg – for då går det ut over alle dei andre i kantina. Det er også ein del tunge løft, så viss du har helseplager, kan det gi problem. Det same kan nok ein del allergiar. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Kontakten med menneske er det er liker aller best. Det å få fornøgde folk på andre sida av disken, og å få gode tilbakemeldingar på maten. Eg trivast veldig i jobben min. 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Rutineoppgåver og vasking er ein del av denne jobben, men det er ikkje noko poeng i å tenkje så mykje på det. Eg prøver å ha ei positiv innstilling til alt, og med gode kollegaar blir det meste greitt. 

Image
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Når du jobbar i kantine, kan du både stige i gradene til kantineleiar eller kjøkkensjef, eller du kan ha ei rolle meir i «periferien». Det finst kantiner og kjøkken på ulike stadar, både små og store og med ulike arbeidstider: sjukehus, skolar, barnehagar eller andre institusjonar, større arbeidsplassar, ferjer, plattformer og hotell. Har du fagbrev som ernæringskokk, har du også spesialkunnskap om ulike allergiar og helse, så du kan også velje å gå meir i den retninga – for eksempel som rådgivar. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det varierer noko, men rundt 400 000 kroner er ei vanleg årslønn for kantinemedarbeidarar. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Dei trur eg er gode.

Det er mange arbeidsoppgåver du kan gjere i ei kantine utan fagbrev. Å vere faglært opnar likevel fleire dører, og det er nok vanskelegare no enn før å få jobb som ufaglært.
Mange personlegdomar kan passe for dette yrket – berre du ikkje er sur. Det er ein del rutineoppgåver, og då hjelper det å ha litt humor og eit lyst sinn.