Portrettfoto av IKT-medarbeidar Sebastian Meberg, avbilda frå livet og opp, iført blå skjorte.

YrkesintervjuIKT-medarbeidar favoritt ikon

IKT-medarbeidar Sebastian Meberg hjelper elevar og lærarar med å bruke IT-system i kvardagen. Han liker å jobbe med eit fag som alltid er i utvikling.

Sebastian Meberg
22 år
IKT-medarbeidar
Larvik kommune

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har alltid vore interessert i data. Som mange andre hadde eg nok inntrykk av at IKT-linja innebar mykje skruing og mekking på datamaskinar – noko som viste seg ikkje å stemme. Det dreier seg om nettverk og system, men det syntest eg også var spennande. Derfor valde eg å gå læretida for å opparbeide meg kunnskap om arbeidslivet. Etter å ha jobba her som lærling i to år med ulike arbeidsoppgåver, dukka det opp ei stilling for meg, og sidan har eg blitt her. 

fullsizeoutput_20af.jpeg

IKT-medarbeidar Sebastian Meberg held ein Apple-TV i handa. Avbilda frå livet og opp, ikledd blå skjorte.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Eg er, saman med ein lærling, ansvarleg for IKT-service på seks skolar i Larvik kommune. Som regel er eg berre innom på kontoret på morgonen for å hente bilen, før eg reiser ut til skolane. Eg har ein fast timeplan, slik at skolane veit når dei kan finne meg der. Larvik kommune er ein av dei leiande kommunane i landet innan skole-IKT, og alle elevar og lærarar har for eksempel sin eigen iPad. Jobben inneber i stor grad å lære bort bruken av ulike system, og å rette feil på desse – for eksempel på iPad, PC, smartboard, lydplankar, tv, nettverk, brukartilgangar og prosjektorar. Kanskje er det ein app som slit, ein skjerm i klasserommet som ikkje vil skru seg på, ein basestasjon som på konfigurerast eller eit passord som må settast opp på nytt. Eg får beskjed om kva som ikkje verkar, og har som regel ein idé om kva som er gale. Ofte tar det fem minutt å rette opp feilen, men innimellom kan feilsøkinga ta lang tid. Vi mekkar ikkje på utstyret – er det slike problem, sender vi det på verkstad. Eg får prøve meg på veldig mykje forskjellig. Er det noko du interesserer deg for, får du vere med og prøve, og det liker eg.

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket? 

– For å få ei fagarbeidarstilling må du ha fagbrev innan IT. Eg gjekk teknikk og industriell produksjon første året og IKT andre året, med utplassering og læretid her i kommunen. Når det gjeld det faglege, er det veldig mykje eg har lært her som eg ikkje lærte på skolen. Vi fekk ei grunnleggande forståing, men mange av løysingane vi blei lært opp i var litt gamle.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Det er ein fordel at du er tolmodig, fleksibel og løysingsorientert. Du må kunne snakke med andre menneske, for det er eit serviceyrke. Det er også ein fordel å vere hyggeleg når du skal lære bort noko. Har du dette på plass, kjem du langt. Det er også viktig at du brenn litt for faget i denne jobben, og at du har lyst til å jobbe med nye ting, for utviklinga går raskt. 

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Det er som nemnt eit serviceyrke. Eg var likevel ganske stille og tilbaketrukken då eg begynte læretida, men voks veldig i løpet av denne perioden – så ein kan forandre seg. Innimellom må ein krype og klatre litt, for eksempel når ein må bak pultar for å finne kablar eller henge opp ein prosjektor, så slike fysiske oppgåver må ein òg kunne meistre. Elles er yrket mogleg for dei fleste, så lenge du har interesse for faget.

Kva liker du best med yrket ditt?

– Faget er i utvikling heile tida, og ein blir aldri ferdig utlært. Mange kan mykje, men du kan aldri alt. Eg sit mykje på nettet på fritida for å lese om kva som kjem innan teknologi og IT-løysingar. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Misfornøgde brukarar er nok det eg liker minst, men eg har lært meg å takle det fint. Det var ikkje så gøy då eg kom rett frå skolen og ikkje hadde fått så mykje tilsnakk før, og kunne få huda full for ein jobb eg sjølv var fornøgd med. Eg har òg fått kjeft på bakgrunn av avgjerder eg sjølv ikkje har tatt – men ein må berre bite tennene saman. Stort sett er det jo ikkje deg personleg dei er sinna på. Mange kan bli frustrerte når utstyret dei treng i arbeidskvardagen, ikkje verkar eller blir erstatta av noko nytt.

fullsizeoutput_20ad.jpeg

IKT-medarbeidar Sebastian Meberg sit saman med ein lærar, med ein iPad på bordet. Læraren peikar på skjermen. Mennene er avbilda frå livet og opp.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Det er stort sett ulike supportjobbar du får med dette fagbrevet, i små og store bedrifter, og i offentleg eller privat sektor. Nokon får jobbar i elektronikkbutikkar, som Elkjøp og Komplett. Så kan ein jobbe seg oppover i systemet – eg kunne for eksempel tenke meg å prøve meg som supportkoordinator etter kvart.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket? 

– Det er veldig avhengig av kor du jobbar. Ofte tener du mindre i offentleg sektor, samtidig som det er betre pensjon, for eksempel. 350 000 kroner i året er nok ei vanlig startlønn.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Sjansane er gode. Det er IT-bedrifter som treng folk over heile landet.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Det er viktig at du brenn litt for faget i denne jobben, og at du har lyst til å jobbe med nye ting
    • Misfornøgde brukarar er nok det eg liker minst, men eg har lært meg å takle det fint.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser