Idrettstrenar Gaute Schei hjå Viking FK

YrkesintervjuIdrettstrenar favoritt ikon

Trenar Gaute Schei arbeidar saman med dedikerte utøvarar som ynskjer å nå toppen.

Gaute Schei
28 år
Analyseansvarleg for Viking sitt A-lag og trenar for G14 i Viking
Viking stadion og Stavanger Stadion
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å bli idrettstrenar? 

- Eg har så lenge eg kan hugse vore særs interessert i idrett. Eg ynskte meg derfor inn i eit yrke der eg kunne bidra til å utvikle nye utøvarar, noko fotballen gir meg. 

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av? 

- Eg analyserer kampar for A-laget for Viking, der eg hovudsakeleg finn punkt der laget kan bli betre. Det eg finn blir brukt til å arbeide vidare med under treningsøktene. Eg analyserer også motstandarane til A-laget. Dette går fyrst og fremst ut på å finne svake sider hjå motstandaren som laget må vere obs på, og som ein så kan nytte til sin fordel. Arbeidet mitt består også av å planlegge og gjennomføre treningsøktene til G14.

Kva utdanning og kvalifikasjonar bør ein ha for å bli idrettstrenar? 

- Når det gjeld utdanning, bør ein ta bachelorgrad i idrett. Ein må sjølvsagt vere sportsinteressert og engasjert, samt like å arbeide og samarbeide i grupper, der både trivsel og fokus er viktig. Ein må også like lange arbeidsdagar.

Kva er det beste ved yrket ditt? 

- Det beste ved mitt yrke er at eg får jobbe med dedikerte idrettsutøvarar som ynskjer å få ut det maksimale av eige potensial. 

Kva mislikar du mest ved yrket ditt?

- For meg er det ingenting som utmerker seg på ein negativ måte, men ein må som sagt akseptere at det blir lange arbeidsdagar. 

Kva andre arbeidsområde / moglegheiter finst det innan yrket ditt? 

- Ein kan til dømes arbeide som idrettslærar eller gymlærar ved ein skule. 

Kva lønn kan ein vente seg innan yrket ditt? 

- Løna vil i stor grad variere ut frå arbeidsoppgåvene ein har som trenar, men ein kan nok samanlikne løna med ei standard lærarløn. 

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt?  

- Eg har inntrykk av at moglegheita for å få seg jobb som trenar er god. 

trenar_gaute_schei_2.jpg

All rights reserved.
    • Eg har så lenge eg kan hugse vore særs interessert i idrett.
    • Eg ynskte meg inn i eit yrke der eg kunne bidra til å utvikle nye utøvarar.
    • Når det gjeld utdanning, bør ein ta bachelorgrad i idrett.
    • Eg har inntrykk av at moglegheita for å få seg jobb som trenar er god.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser