Historikar ved Stavanger Museum, Mette Tveit

YrkesintervjuHistorikar favoritt ikon

Ein historielærar på vidaregåande fekk Mette Tveit til å bli interessert i faget. No arbeidar ho som konservator ved Stavanger Museum.

Mette Tveit
45 år
Historikar / konservator
Stavanger Museum

Kvifor valde du å bli historikar?

— Eg hadde ein veldig flink historielærar på vidaregåande. Han fekk meg til å innsjå korleis notida og framtida er styrt av korleis folk tenkte og handla før i tida. Eg innsåg at det er viktig å ha kunnskap om fortida for å kunne forstå samfunnet me lev i.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

— Arbeidsdagane mine er veldig varierte. Eg jobbar blant anna med å lage utstillingar, granske kjelder, behandle gjenstandar, formidle historie til besøkande og lage kjekke arrangement og foredrag.

historikar_mette_tveit_i_arbeid.jpg

Historikar / konservator Mette Tveit
Lisens: 
All rights reserved.

Kva utdanning og kvalifikasjonar bør ein ha for å bli historikar?

— Ein historikar er ein person som har gjennomført minimum mastergrad i faget historie. I mine auge er ein historikar ein person som er nysgjerrig på det meste og som likar å lese!

Kva er det beste ved yrket ditt?

— Å arbeide ved eit museum inneber at dagane mine er veldig varierte og innhaldsrike. Det er også stas å få arbeide med så mange spennande personar!

Kva mislikar du mest ved yrket ditt?

— Eg skulle gjerne hatt betre tid til å fullføre alt eg startar på.

Kva andre arbeidsmoglegheiter har ein innan yrket ditt?

— Sjølv har eg tidlegare jobba som lærar, vore kurshaldar for utdanningsforbundet og litteraturformidlar. Ein finn historikarar over det meste innan offentleg administrasjon, og mange vel å jobbe som lærarar.

Kva lønn kan ein vente seg innan yrket ditt?

— Lønna er avhengig av kor ein jobbar. Som historielærar tente eg rett over 600 000 kroner i året. No tener eg noko mindre.

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt?

— Eg kjenner meg trygg på at arbeidsmoglegheitene som historikar er både gode og varierte.

 

Tekst: Sigrid Hesjevoll

Tekst:  

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser