Anna Einemo Frøysland er dansar. Ho jobbar frilans og har base i Oslo.

YrkesintervjuDansar favoritt ikon

Anna Einemo Frøysland (25) har eit klart tips til deg som vil bli dansar: – Du vere sjølvgåande og ha stå på-vilje! Vidare fortel ho at nettverksbygging er noko av det viktigaste du gjer for å auke jobbsjansane.

Anna Einemo Frøysland
25 år
Dansar
Frilanser, Oslo

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har alltid likt å vere aktiv og utfordre kroppen min fysisk, men eg valde å drive med dans framfor idrett fordi det stimulerte dei kreative interessene mine. Eg begynte å trene ballett for alvor i tenåra og søkte meg inn på eittårsstudium i dans på Spin Off. Etter dette studerte eg på universitetet. Eg likte det godt, men behovet for å danse på fulltid blei so sterkt at eg enda opp med å trene hardt ved sidan av studiet. Målet var å bli tatt opp på Kunsthøgskulen i Oslo for å bli profesjonell dansar.

t34c1832.jpg

Anna Einemo Frøysland jobbar frilans som dansar i Oslo.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Når eg jobbar i førestillingsproduksjon startar arbeidsdagen gjerne klokka ti med ein times oppvarming, som for eksempel yoga. Det er viktig å førebu kroppen godt på den fysiske belastinga som ventar for å unngå skadar. Resten av dagen går med til prøvar: vi jobbar fram bevegelsesmateriale gjennom improvisasjon, o gå skape eller lære koreografi. Kvar prosess er ulik, det er vanleg at dansarar er medskapande saman med koreografen. I periodar med førestillingar og turne jobbar eg ofte på kveldstid. Som frilansar vil det dukke opp periodar utan jobb. Då går dagane med til eigentrening, og å få nye prosjekt gjennom å kontakte koreografar eller gå på auditions.

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du må vere sjølvdrivande, og ha stå på-vilje! Det er rift om jobbane og det tar tid å bygge opp eit nettverk. Men du må finne ein balanse. Du må ikkje vere for hard med deg sjølv, då blir du lett utbrend. Det er sjeldan krav om formell utdanning for å bli engasjert i ein produksjon, men det er ein betydeleg fordel. Då veit arbeidsgivar at du har vore gjennom mykje grunnleggjande trening og refleksjon omkring fagfeltet. Andre kvalifikasjonar som krevst er ein sterk og uthaldande fysikk som toler ulike typar av belastning. I nokre konseptuelle arbeid må du til dømes ha evne til å vere i ro over lengre tid. Det kan vere vel so utfordrande som det å vere mykje fysisk aktiv. Som dansar må du ofte vere kreativ og kunne skape koreografi sjølv, i tillegg til å ha god formidlingsevne og fokus på scena. 

Kven passar ikkje dette yrket for?

– Yrket er ikkje eigna for personar som ikkje liker å jobbe fysisk med kroppen, eller har mykje problem med belastningsskadar. Du må også vere klar over at det kan vere mykje økonomisk uvisse involvert. Elles vil eg sei at kven som helst kan drive med dans! 

Kva likar du best med yrket ditt?

– Eg liker best kontakten eg får med kroppen. Gjennom arbeidet kan eg hente enormt med energi, både fysisk og mentalt. Dette er eit privilegium i mitt yrke! Eg er veldig glad i å improvisere Då føler eg den tette forbindelsen mellom intuisjon, kjensler, tankar og bevegelse veldig sterkt.

Kva likar du minst med yrket ditt?

– Den økonomiske uvissa er definitivt den mest stressande delen med denne jobben. Det har vore tider der eg knapt har hatt råd til å kjøpe nok ingrediensar til å lage ein normal middag. At kunstnarar må vere ulukkelege og fattige for å prestere er ei myte. Du treng ikkje uavgrensa tilgang på pengar, men ein stabil grunnleggjande inntekt har aldri skada nokon. Tvert i mot, det frigir meir tid og overskot til å fokusere og yte sitt beste.

corridor._avgangsforestilling.jpg

Dansar Anna Einemo Frøysland på scenen med ein kollega.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Dei som har ein glødande interesse for dans, og føler at det ikkje er nok å berre ha det som hobby. For å vere utøvar bør du kjenne deg uthaldande og villig til å jobbe hardt. Frilans- tilværet passar godt for dei som liker variasjon og trivst med prosjektbasert arbeid.

Kva slags andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Det er mange moglegheiter, du kan til dømes skape eigne prosjekt, jobbe som pedagog eller med dans som terapi. Nokre jobbar og som produsentar, koreografiassistentar eller har andre administrerande roller i førestillingsproduksjonar.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Tariffløn for dansarar med ein bachelorgrad i dans er ei årsløn på 433.322 kroner i året. Lønna stig med ansiennitet. Dette er ifølgje fagforeininga Norske Dansekunstneres vegleiande satsar. Men dette er løna du får dersom du har full jobb heile året. Det er ikkje så vanleg å ha full jobb heile året, men nokon er tilsett med fast kontrakt i eit dansekompani.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Sjansane for å få fast stilling i eit dansekompani i Noreg er relativt små. Det finst berre tre kompani med fast løyving: det nasjonale samtidsdanskompaniet Carte Blanche, Nasjonalballetten og eit heilt nytt dansekompani i Akershus med oppstart til hausten. Det er utfordrande, men heller ikkje umogleg å greie seg som frilansar. Det er mykje som skjer innan dans i Noreg og aktiviteten aukar for kvart år. Oslo har etablerte scener som Dansens hus og Black Box som sett opp produksjonar frå både det frie feltet og faste kompani. Det er også mykje aktivitet regionalt på dei mange kompetansesentera for dans. Organisasjonar som Norske Dansekunstnere, Skuespiller- og danseralliansen, samt stipendordningane til Kulturrådet, gjer også vilkåra til dansekunstnar betre. Jobbane landar derimot ikkje i fanget ditt, du må vise interesse og vere aktiv i miljøet. Eg vil påstå at nettverksbygging er noko av det viktigaste du gjer for å auke dine jobbsjansar som dansar. 

 

Tekst: Ingvild Hegge Eriksen

    • Det er sjeldan krav om formell utdanning for å bli engasjert i ein produksjon, men det er ein betydeleg fordel.
    • Nettverksbygging er noko av det viktigaste du gjer for å auke dine jobbsjansar som dansar. 

Yrkesbeskrivelser