Automatikar Joachim Fossli trivst hjå Mantena AS

YrkesintervjuAutomatikar favoritt ikon

Som skuleelev visste ikkje Joachim Fossli kva det innebar å vere automatikar. No stortrivst han i yrke som feilsøkjar på NSB sine FLIRT-tog.

Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å bli automatikar?

- Årsaka til dette er tilfeldig. Då eg gjekk Vg1 elektro hadde me valfag ein gong i veka, og då kunne me velje mellom ulike typar elektrikar. Eg visste ikkje kva det innebar å vere automatikar, og derfor valde eg det, noko eg ikkje har angra på sidan. Me fekk prøve mykje forskjellig, frå å programmere heis og togbane til å programmere ein sylinder som gjekk ein spesifikk syklus. Som automatikar kan ein lage det meste, berre fantasien set grenser. 

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Eg jobbar med vedlikehald og feilsøking på dei nye FLIRT-toga til NSB. Det betyr at arbeidsdagen min er særs variert. For min del blir det mykje dataarbeid, då dokumentasjonen og teikningane eg treng ligg inne i systemet vårt. Det meste kan skje med eit tog, og derfor blir dei fleste dagar ulike. 

Kva utdanning og kvalifikasjonar bør ein ha for å bli automatikar?

- Ein går fyrst tre år på vidaregåande, eitt år på grunnkurs elektro, før ein avsluttar med to år på automatikarlinja. 

Eigenskapane ein treng for å bli automatikar får ein gjennom skulegongen. Det løner seg likevel å vere interessert i data, samt vere fascinert og interessert i automatiske styringar. 

Kva er det beste med yrket ditt?

- Eg set pris på variasjonen i arbeidsoppgåvene mine. Spennet er stort frå å sitje ved datamaskina eller ein teikning og arbeide med feilsøking, til å programmere mange ulike modular. 

Kva mislikar du mest ved yrket ditt? 

- Eg har draumeyrke, og mislikar ingenting ved yrket mitt. 

Kva andre arbeidsområde / moglegheiter finst innan yrket ditt?

- Ein kan arbeide på fabrikkar som har systemprosessar, og ein har også moglegheit til å arbeide i Nordsjøen. Fleire bedrifter har også eit system som har behov for kompetansen til ein automatikar.

Kva lønn kan ein vente seg innan yrket ditt? 

- Mi løn ligg på 430 000 kroner. Med tilleggsskift og turnus kan ein også tene eit tillegg på om lag 130 000 kroner. 

Korleis ser du på sjansen til å få seg jobb innan yrket ditt? 

- Moglegheita for å få seg jobb er stor. Automatikar er eit yrke som spenner breitt, og ein kan omtrent få seg jobb kvar som helst. 

Automatikar Joachim Fossli trivst hjå Mantena AS
Joachim Fossli
21 år
Automatikar
Mantena AS, Sundland, Drammen

Intervjuer

    • Som automatikar kan ein lage det meste, berre fantasien set grenser.
    • Eigenskapane ein treng for å bli automatikar får ein gjennom skulegongen.
    • Ein går fyrst tre år på vidaregåande, eitt år på grunnkurs elektro, før ein avsluttar med to år på automatikarlinja.
    • Moglegheita for å få seg jobb er stor.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser