Nøkkelinformasjon

Du lærer å reparere og vedlikeholde landbruksmaskiner og redskaper.

Læreplan

Læreplan i landbruksmaskinmekanikerfag

Landbruksmaskinmekanikarfaget skal medverke til å utvikle kompetanse for reparasjon og vedlikehald av landbruksmaskiner og reiskapar. Vidare skal faget medverke til sikker drift av manuelle og automatiserte maskiner og reiskapar gjennom å setje søkjelys på helse, miljø og tryggleik. Faget skal medverke til å oppfylle krav om reduksjon av utslepp av miljøfarlege væsker og gassar.

Opplæringa skal medverke til at lærlingen utviklar kompetanse i feilsøking og diagnose, reparasjon og vedlikehald av alt maskinelt utstyr som blir nytta i landbruket. Vidare skal opplæringa medverke til at lærlingen utviklar evne til sjølvstendig tenking og vurdering. Opplæringa skal fremme evne til fagleg utvikling og fleksibilitet og medverke til at den einskilde utviklar forståing for heilskapen i faget. Opplæringa skal også fremme samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Opplæringa skal leggje til rette for trening i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og kvalitetsarbeid. Opplæringa skal omfatte hovudtypar av maskiner og ulike typar reiskapar. Respekt for maskiner, menneske og miljø skal stå sentralt.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er landbruksmaskinmekanikar.

Yrker og arbeidsliv i hele landet
Hele landet

Samarbeidsavtaler

FORSVARET Vis avtale
Det finnes 1 samarbeidsavtaler mellom skoler og bedrifter, hvorav 1 passer dine kriterier.