Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) er ein offentleg godkjend privat høgskule som tilbyr Nordens einaste bachelorgrad i nyskaping og samfunnsutvikling, og fleksible høgskulekurs med fokus på verdiskaping og entreprenørskap.
Høgskulen ligg i Bryne sentrum i Time kommune.
Høgskulen er organisert som eit andelslag, og er eigd av regionale forvaltingsaktørar samt bedrifter og organisasjonar i landbruket, lokalt og regionalt. HLB skal vera ein leiande kunnskapsleverandør for levande og livskraftige bygdesamfunn.
Studiane ved HLB er nett- og samlingsbaserte. Dette gjer høgskulen tilgjengeleg for studentar frå heile landet. Det er kortare samlingar frå september til mai/juni, og studiane kan gjennomførast på heiltid eller deltid.
Alle studiar er godkjende for lån/ stipend i Lånekassen. Det er ei studieavgift, som Lånekassen kan dekke.