Kvifor valde du dette yrket?    

– Eg har jobba i mange år med ungdomsarbeid og teatergrupper – og vurderte eigentleg å bli frilansar innan teater. Tilfeldighetene ville ha det til at mor mi er kyrkjetenar, og eg hadde fått eit veldig godt inntrykk av gravferdskonsulentane som no er kollegaane mine. Så eg sende ein e-post for å høyre om eg kunne prøve det ut. Eg fekk eit vikariat, som ein ofte gjer til å begynne med – og sidan både eg og kollegaane mine har trivst med at eg jobbar her, har eg blitt verande. 

Image
Gravferdskonsulenten står sammen med en kunde foran tre kistemodeller

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Ein del av arbeidsdagen er samtalar med pårørande som har mista nokon. Vi er bindeleddet mellom familien og seremonistaden, enten den er kyrkjeleg eller livssynsopen. Vi sørger for at familien får minst mogleg jobb utover dei vala dei sjølv må ta når det gjeld dødsfallet og gravferda. 

Vi pyntar seremonirommet i tråd med ønska, og vi sørger for at kista er på riktig plass til seremonidagen. 
Vi hentar også den døde og gjer avdøde klar for å bli lagt ned i kista. Det er ein veldig verdig prosess, der vi steller dei – noko som inneber at vi tar på dei pent tøy, legg håret fint, og i nokre få tilfelle legg på noko sminke, særleg dersom det har vore ei ulykke. 

Andre arbeidsoppgåver er vedlikehald av utstyr, bilvask og pussing av lysestakar. 
Vi rullerer på å vere hovudvakt og bakvakt. Hovudvakta tar alle telefonar døgnet rundt, og må ein ut og hente nokon, gjer bakvakta det. Det er ikkje så ofte du må ut og hente nokon på natta, men dersom det skjer ei ulykke, eller nokon døyr aleine og må obduserast, må vi vere på plass innan ein time. 

Det er gravferdsloven som set premissane for kva som må gjerast når. Den døde skal vere kremert eller jordfesta i løpet av 10 verkedagar. Det betyr at du må ta nokre val ganske fort. Vi skal også melde inn dødsfallet og ulike opplysningar til Tingretten, for eksempel det som gjeld arv eller testament, og saksgongen i det offentlege skal begynne å gå. Nokon har gjort ting klart og tatt vala sjølv før dei gjekk bort, særleg i moderne familieformer, medan i andre tilfelle må familien ta alle vala. Det er mange gode grunnar til å snakke litt om slike ting på førehand.

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?     

– Det finst inga formell utdanning – det viktigaste er at du er personleg eigna. Tradisjonelt har mange kome frå helsesektoren, men gravferdskonsulentar kan ha veldig ulik bakgrunn. 
Sjølv om det ikkje finst nokon formelle krav, er det fleire kurs du bør ta gjennom Virke – innan for eksempel hygiene, arverett og gravferdslova. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?     

– Dei empatiske evnene er veldig viktige. Du må kunne lese ein situasjon og sjå an dei ulike pårørande. Nokon vil berre ha ting unnagjort, medan andre har eit stort behov for å prate. Nokon har mista nokon utan å ha førebudd seg, kanskje også i ung alder, medan andre er takknemlege for at den avdøde fekk leve eit langt og godt liv. 

Det er også viktig at du er strukturert, for det er mange ulike arbeidsoppgåver du skal koordinere. 

Sjølv hadde eg aldri sett et dødt menneske då eg begynte i jobben, og eg var spent på korleis det kom til å gå. Men eg har gode kollegaar, og når du opplev sterke inntrykk, er det viktig å snakke mykje om det med dei. Vi får ikkje gjort noko med årsaka til at den avdøde har hamna der, men vi kan legge til rette for at dei som står igjen, får den støtta dei treng. Det er dei som lever, som er mitt fokus – det er dei vi skal hjelpe. Samtidig skal vi sørge for at dei som har gått bort, blir handtert med verdigheit og respekt.

Det er også viktig å kunne skilje mellom andre si sorg og eigen sorg. Du må kunne distansere deg frå det, slik at du får gjort jobben din ordentleg. Du får innblikk i nokre skjebnar som er ganske tøffe – som når folk blir liggande døde i månadar utan at nokon merker det. Det gjer meg nok meir bevisst på min eigen omgangskrets, og på å sjå dei rundt meg. 
Det er dei sterkt avvikande tilfella som gjør mest inntrykk personleg. Heldigvis gjeld det eit mindretal.

Kven passar ikkje jobben for? 

– Dersom du ikkje klarer å distansere deg frå skjebnane, er det vanskeleg å halde fokuset som trengst for å gjere jobben.

Kva liker du best med yrket ditt?       

– Det er eit veldig meiningsfullt yrke, og du møter mykje takknemlegheit. Det beste er når du får tilbakemelding om at prosessen har blitt mykje lettare enn dei pårørande frykta. 
Eg liker også at eg får brukt bakgrunnen frå teater og kunst. Sjølv om drama og denne bransjen er langt frå kvarandre, er det mykje frå kunsten si verd du får bruk for når du skal ta avskjed, og nokre gonger feire et liv. Alle som skal fungere på seremonidagen, treng tryggleik i det dei skal gjere. Då er det viktig å vere godt førebudd, og å ha ein plan B for alt. 

Kva liker du minst med yrket ditt?   

– Det er heilt klart dei tilfella når folk mistar nokon uventa, og i ung alder. Det er unaturleg og bryt med forståinga vår av livet sin gong. Det er også då vår evne til å halde hovudet kaldt for å kunne hjelpe, er på sitt viktigaste. 

Image
André sitter bak skrivebordet og snakker med en kunde.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?      

– Du kan ta kurs som gravferdstalar, noko eg planlegg å gjere. Då kan du også halde livssynsnøytrale seremoniar, dersom folk ikkje ønsker ein kyrkjeleg seremoni. 

Med denne bakgrunnen har du også ei grunnforståing for andre yrke knytt til kvardagen vår – som kyrkjetenar, for eksempel. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det kjem litt an på kor mange vakter du har, men ei årslønn på 500 000–550 000 kroner er vanleg. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Det er ikkje så stor utskifting i denne bransjen, og det forstår eg godt – folk vil stort sett ikkje slutte i jobben sin. Jobbane går nok også mange gonger via kjende, og det er ikkje ofte du ser ei stillingsutlysing. 

Samtidig blir det eit stadig større behov for ein litt annan kompetanse enn det gravferdskonsulentar tradisjonelt har hatt. Å vere synleg på nett, for eksempel, og å kunne strøyme seremoniar, blir stadig viktigare. 

Dersom du begynner som tilkallingsvikar, for eksempel til transport, aukar sjansane for å bli spurt dersom det blir behov for ei fast tilsetting.

Tekst:
Signe Steinnes
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter intervjuet ble publisert.
Dei empatiske evnene er veldig viktige. Du må kunne lese ein situasjon og sjå an dei ulike pårørande. Nokon vil berre ha ting unnagjort, medan andre har eit stort behov for å prate.
Vi får ikkje gjort noko med årsaka til at den avdøde har hamna der, men vi kan legge til rette for at dei som står igjen, får den støtta dei treng.