Kvifor valde du dette yrket?
– Eg elska å gå og bade her sjølv, og kom i prat med ei badevakt. På den tida hadde eg eigentleg begynt på lærarskolen, men syntest det verka hyggeleg å arbeide i eit svømmemiljø. Dei trong folk, og eg fekk til å begynne med ei lita stilling. Etter kvart blei stillinga større, og nå har eg vore her i 22 år.
Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?
– Når vi kjem på jobb, gjer vi først klart for opning. Vi sjekkar garderobar og dusjar, og spyler og vaskar der det trengst. Så tar vi vassprøver for å sjekke pH- og klorverdi. Deretter låser vi opp billettluka, gjer klar kassa og sett på kaffi. På morgonsvømminga og pensjonistsvømminga gjer vi i tillegg klart frukt og julekake som vi serverer. Når publikum kjem, rullerer vi på å stå i billettluka og å vere ved bassenget. Vi er tre badevakter på jobb om gongen, og to skal heile tida vere ved bassenget.
Hovudfokuset vårt er å følge med og sjå etter faresituasjonar. Kanskje skal nokon hoppe frå 5-meteren, samtidig som eit barn er på veg i den retninga. Kanskje blir nokon slitne. Kanskje blir nokre barn litt for ivrige i leiken, og dytter kvarandre under. Vi ser etter forandringar i ansiktsuttrykk og teikn på panikk, og trenar mykje på ulike scenario. I dei fleste situasjonar klarer vi å gripe inn før det skjer noko alvorleg – på alle dei åra eg har jobba her, har det berre skjedd ein gong at eg har hoppa uti.
Rettleiing er også ein viktig del av jobbing – vi gir råd om svømming, stuping og hopping. Vi deler også ut leiker og legg opp til utfordringar i vatnet. Vi driv innanfor servicebransjen – her skal det vere hyggeleg å kome og plass til alle innbyggarar, både unge og gamle.
Når kvelden kjem og vi stenger for publikum, tar vi den same runden igjen og tømmer søppel, samlar saman ting som er gløymde igjen, tar kassaoppgjeret og sløkker.
Svømmehallen ligg vegg i vegg med ein idrettshall, og vi har også ansvar for å rydde og klargjere idrettshallen før treningar. Då køyrer vi over med ein elektrisk «moppebil».
Skifta er stort sett på sju timar. Vi jobbar turnus, som inneber noko dagtid, men mest kveld og helg. Vi har også ei vakt annakvar veke kor vi gjer reinhald. Dei fleste jobbar annakvar helg – fredag kveld og laurdag føremiddag, og søndagar i vinterhalvåret.
I tillegg til å vere badevakt held eg livredningskurs for badevaktene og andre grupper her i kommunen.
Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?
– Du treng i utgangspunktet ikkje ei utdanning for å søke deg inn som badevakt. Men du må ha gode svømmeferdigheiter og vere komfortabel med å dykke. Så får du dei nødvendige livrednings- og førstehjelpskursa når du begynner i jobben. Du stiller sjølvsagt sterkare viss du har desse kursa i forkant, men ikkje så mange har det. Det finst også ein såkalla kompetansestige som heiter «Badestigen». Den inneber delkurs innan reinhald, vassbehandling, klima- og ventilasjon, service og personaladministrasjon, livredning og beredskap, drift og internkontroll, HMS og FDV (forvaltning, drift og vedlikehald). Det er også eit eige instruktørkurs i livredning og beredskap, som eg har tatt. Når du jobbar som badevakt, må du i tillegg ta livredningskurs ein gong i året for å friske opp kunnskapane og øve deg på ulike situasjonar. Er du instruktør, må du på instruktørsamling annakvart år for å oppdatere deg på ny kunnskap.
Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?
– Du må vere glad i menneske, imøtekommande og serviceinnstilt – flink til å lese folk og sjå kva dei treng. Du bør også vere glad i idrett og svømming, og å halde deg i form. I tillegg bør du vere litt kreativ og løysingsorientert, for du møter stadig på ulike utfordringar. Og så må du vere glad i å jobbe turnus.
Kven passar ikkje jobben for?
– Viss du får plager av å jobbe i eit varmt og fuktig miljø, er det ikkje for deg. Det passar heller ikkje om du er veldig sensitiv for klor og kjemikaliar – sjølv om det er eit veldig moderat nivå i moderne svømmebasseng. Og viss du ikkje er glad i vatn, passar jobben sjølvsagt heller ikkje.
Kva liker du best med yrket ditt?
– Eg trivst veldig i svømmemiljøet. Det er varmt og deilig, ein triveleg atmosfære, og du treff folk i ein positiv setting: Dei har fri, det er roleg, barna gler seg, og alle slår av ein prat. Eg har gode kollegaar, og det er mykje variasjon når du jobbar med menneske på denne måten. I tillegg er eg veldig stolt av å representere eit lågterskeltilbod som alle kan ta del i, og som bidrar til god folkehelse. Eg er også veldig glad i å jobbe turnus. Det passar familiesituasjonen min, og eg liker fridomen det gir på dagtid. Du seier ifrå deg ein del sosiale ting på kveldstid – men eg får dekka mykje av dei sosiale behova i jobben. I tillegg har du moglegheit til å bytte på vakter viss det trengst.
Kva liker du minst med yrket ditt?
– Det kan bli litt mykje vasking til tider.
Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?
– Kompetansen du får, er attraktiv også for andre – tar du instruktørkurs, kan du halde kurs for ulike grupper innan for eksempel livredning, førstehjelp, hjartestart og svømming. Kompetansen vår trengst også innan andre fritidsaktivitetar for barn og unge, og til arrangement kor det trengst personar med livredningsprøven. Eg har sjølv blitt leigd inn av skolar, svømmeklubbar og Politihøgskolen, og det har vore veldig spennande. I tillegg til å jobbe i ulike svømmehallar, kan du også arbeide i badeland.
Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?
– Det kjem an på ansiennitet og kompetanse. Med full ansiennitet og kveldstillegg kan du forvente 450 000–460 000 kroner i året. Jobbar du i kommunen, har du i tillegg gode pensjonsordningar og ein veldig trygg jobb – det er ein viktig grunn til at eg har blitt verande her.
Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?
– Det er ikkje så mange av oss – men viss du har interessa og følger med når det dukkar opp stillingsutlysingar, er sjansen der. Det kan vere lurt å få ein fot innanfor gjennom ei lita deltidsstilling først, for då er sjansane store for at stillinga blir større etter kvart.
Eg trivst veldig i svømmemiljøet. Det er varmt og deilig, ein triveleg atmosfære, og du treff folk i ein positiv setting: Dei har fri, det er roleg, barna gler seg, og alle slår av ein prat.
I dei fleste situasjonar klarer vi å gripe inn før det skjer noko alvorleg – på alle dei åra eg har jobba her, har det berre skjedd ein gong at eg har hoppa uti.