Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg starta på elektro, inspirert av søskenbarnet mitt – men visste at eg ikkje ville bli huselektrikar. Ein eg gjekk med i klassen, fekk lærlingplass i Spordrift, og eg fekk bli med han og helse på dei som jobba her. Då fekk eg eit kjempegodt inntrykk, og bestemte meg for å søke meg inn som lærling. Eg fall for det at vi jobbar mykje ute, og at dagane er varierte – i tillegg til det gode arbeidsmiljøet.  

Image
Lenke
Signe Steinnes
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg? 

– Eg kjem hit klokka 7. Då har vi først eit møte der vi pratar om det vi skal gjere i løpet av dagen. Så går eg ut i togstallen og gjer klar arbeidstoget. Eg har tatt ei tilleggsutdanning som lokførar, gjennom jobben, så eg køyrer toget i tillegg til å gjere det elektriske arbeidet på linjene. Vi har ofte ei togrute som går mellom Larvik og Drammen, kor vi driv med vedlikehald. Det vil seie kontroll av det elektriske anlegget og feilretting på kontaktledningsanlegget – ofte kalla køyretråden til toga. Då står vi på taket av arbeidstoget og i ein lift som er plassert på toget. I tillegg fiksar vi upårekna ting, som trefall på linjene og nedriving av anlegg. Då må vi først fram med motorsaga for å fjerne treet, eller fjerne tog som er på feilområdet og deretter fikse feilen. Varme og kulde kan også utløyse feil, særleg på gamle anlegg. 

Feilrettinga kan ta alt frå eit par timar til 16–24 timar. Oppå toga er det ein bøyel som toga hentar straum frå. Er det noko feil med den, kan den dra med seg mykje bortover, og då tar det lang tid å bygge opp igjen. Då må vi av og til tilkalle andre avdelingar. Sidan persontrafikken på toglinjene har førsteprioritet, må vi også ofte vente på å kome oss tilbake. Innimellom er det derfor noko overtid.

I tillegg har vi beredskapsvakt kvar fjerde veke. Det vil seie at to av oss er tilgjengelege heile døgnet. Då kan det bli både kveldsarbeid og helgearbeid. Til vanleg sluttar arbeidsdagen 14.30. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du går VG1 elektro, VG2 Elenergi og tar deretter fagbrev som energimontør etter to og eit halvt år i lære. 
Her i Spordrift må vi i tillegg ta eit fem vekers tilleggskurs innan kontaktledningskompetanse, som vi tar i læreperioden.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Du må vere glad i å vere ute, i all slags vêr. Godvêrsdagane veg opp for dagane med dårleg vêr – men viss du driv med kontroll og feilretting i mange minusgrader, blir du kald. Det kan også vere greitt å vere i god fysisk form, for du kjem ikkje unna ein del tunge løft, sjølv med hjelpemiddel. Er du engasjert og ivrig, får du også mykje meir ut av jobben. Sikkerheit er veldig viktig i denne jobben, så du må i tillegg klare å behalde roen og ikkje bli lett stressa. Når du jobbar på jernbanen og er såkalla hovudsikkerheitsvakt, er det i tillegg krav til fargesyn og hørsel. 

Kven passar ikkje jobben for? 

– Det kan passe for mange – men du må orke å stå opp om morgonen og ikkje vere altfor redd for høgde. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Eg liker at vi jobbar med varierte og utfordrande oppgåver, og at du må tenke litt for å løyse dei. Det er også fint å få vere så mykje utandørs. Og så er eg veldig glad i arbeidsmiljøet her. Det er ekstra artig å lære opp lærlingane – då reflekterer du også meir over faget ditt. Eg er i tillegg veldig glad i å køyre tog, men det er noko eg får gjere fordi eg også har tatt lokførarutdanninga.

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Eg liker i utgangspunktet å ha vakt – men i år har eg beredskapsvakt i jula. Med ei dotter på eitt år vil eg sjølvsagt helst vere heime då, men med vakt kan du då risikere å måtte jobbe. I tillegg har det vore ein del omorganiseringar her, og det ligg an til konkurranseutsetting av vår del av jernbanedrifta også. Det fører med seg litt usikkerheit, men det treng ikkje å bety at det blir noko dårlegare for oss.  

Image
Lenke
Privat
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Mange energimontørar jobbar i e-verk, som Statnett og Skagerak Energi. Det inneber ofte meir kabelarbeid, klatring i master og å legge inntak til hus. 

Du kan også gå vidare på fagskole og studere elkraft, noko eg gjer på kveldstid. Det er eit treårig nettbasert studium, eller to år på skole. Då kan du gå i meir administrativ retning. Du kan i tillegg gå vidare på ingeniørstudium, via Y-vegen. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?  

– Her i Spordrift er grunnlønna 460 000 kroner i året, utan tillegg. Beredskapstillegget er på ca. 100 000 kroner i året. I tillegg kjem overtidsarbeid, men vi har ikkje veldig mykje av det. I private firma kan du tene meir, men då jobbar du ofte turnus, med 7 dagar på og 7 dagar av.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Utdannar du deg som energimontør, får du jobb og mange moglegheiter. Det er mange stillingar ute, og stort behov for den typen kompetanse. 
 

Tekst:
Signe Steinnes
Du må vere glad i å vere ute, i all slags vêr. Godvêrsdagane veg opp for dagane med dårleg vêr – men viss du driv med kontroll og feilretting i mange minusgrader, blir du kald.
Utdannar du deg som energimontør, får du jobb og mange moglegheiter. Det er mange stillingar ute, og stort behov for den typen kompetanse.