Kvifor valde du dette yrket?

– Eg hadde køyrt langtransport i elleve år og var interessert i å prøva noko nytt. Eg kom i dialog med ein eg kjente som jobba i Mesta fjellsikring. Yrket verka interessant, og dei hadde behov for folk.

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Vi jobbar overalt der det er behov for sikring mot nedfall. Vi kan ikkje styra gongen til naturen, men vi kan vera med å endra utfallet. Vi sikrar mellom anna mot nedfall av is, stein, vegetasjon, jord, sørpe og snøskred. Det kan vera langs veg, tunnel, jernbane, sjakter og ved hustomter for å nemna nokon.

Arbeidsdagane i fjellsikring kan vera veldig varierande. Det kan vera å henga i tau 200 meter over vegen å reinska fjellsider med spett, trefelling, montering av fanggjerde og sikringsnett, boring av sikringsboltar frå tau, arbeid med liftar og fjernstyrte boreriggar.

Dei første åra i Mesta jobba eg for det meste frå tau. Tau blir i hovudsak brukt på plassar der ein ikkje kjem til med maskinelt utstyr. Dette er på grunn av høgde, tilkomme bak tronge bygg eller utanfor allfarveg.

Vi utfører spettrensk, boring, bolting, oppheng av nett og fangjerde, og vegetasjonsrydding for å nemna nokre arbeidsoppgåver ifrå tau. Helikopter blir eit viktig hjelpemiddel for oss, med tanke på transport og innflyging av materiell til dei ulike arbeidsoppgåvene.

Etter fem år hadde eg nok relevant praksis til å gå opp som praksiskandidat. Då tok eg fagbrev i fjell- og bergverk.

Det siste året har eg stort sett jobba på bakkenivå eller frå lift, då eg er ein av førarane på ei Magni teleskop-truck. Denne har påmontert boretårn og ei rekkevidd på rett over 30 meter. Den har ein utruleg bra borkapasitet og ikkje minst unngår ein slitasje på folk, som til dømes vibrasjonsskadar.

Som BAS (leiar for eit arbeidslag) på prosjekta, er det oppgåva mi å sørga for at arbeidslaget mitt får utført prosjekta i samsvar med framdriftsplan. Eg har òg dialog opp mot anleggsleiar. Eg må rapportera inn dagleg produksjon og dokumentera kva som har vore utført.

Kva blir kravd for å kunna jobba med dette yrket?

Ein må vera sjølvstendig, ansvarsbevisst, god til å samarbeida og vera opptatt av sikkerheit både for seg sjølv og kollegaene rundt. Ein må tenka seg godt om i enkelte situasjonar, for følgja av å ta snarvegar i dette yrket kan bli katastrofale.

For å komma inn i yrket som lærling kan ein gå fjell- og bergverksfaget.

Kven passar ikkje yrket for?

– Dei som har høgdeskrekk, blir lett stressa og dei som ikkje set eigen og andres sikkerheit først. Det passar heller ikkje for dei som har behov for å komma heim til eiga seng kvar kveld.

Fjellsikring er tungt fysisk arbeid. Det er alt ifrå å gå frå foten til fjellet og til topps for å utføra reinsk – med 200 meter taubag på ryggen – til å tre ein 100 meter lang 22 millimeter stålwire igjennom fangjerdestolper i ulendt terreng. Materialet vi bruker for å stoppa nedfall av tunge steinblokker, treng å vere solid, og derfor kan det bli ein del tunge løft i løpet av ei arbeidsveke.

Kva liker du best med yrket ditt?

– Varierte arbeidsoppgåver, å kunne reisa rundt i Noregs land å oppleva plassar ein gjerne ikkje hadde reist til på fritida, og å kunne styra dagane sine sjølv utan at nokon står bak ryggen å følgjer med.

Kva liker du minst ved yrket ditt?

– Når ein kjem fram til arbeidsstaden og vindaugsviskarane går på full maskin, då veit du at du må byte underbukse til kvelden.

Image
Lisens
1

Kva slags type folk vil du tilrå denne jobben for?

– Folk som ikkje er redd for å ta i eit tak, og som er praktisk anlagt. Ein treng ikkje gå idrettslinja før ein går vidare på fjellsikring, men ein smule fysisk god form er nødvendig. For deg som liker spenning i kvardagen, liker å jobba utandørs og oppleva den flotte vestlandsnaturen frå ei lita hylle 400 meter oppi fjellveggen, kan dette vera draumejobben.

Kva andre moglegheiter finst innanfor dette yrket?

– Innan fjell- og bergverk kan ein velja å jobba med anlegg, stikning og oppmåling, bergsprenging og generelt alt som omhandlar grunnarbeid og bygging av infrastruktur. Du kan òg jobba som gravemaskinførar.

Det er mykje HMS (helse, miljø og sikkerheit) innanfor yrket. Etter nokre års erfaring kan det vera moglegheiter for å gå vidare i den retninga. Ein kan og gjerne gå vidare som anleggsleiar når ein har fått med seg nok arbeidserfaring frå ute i felten.

Kva kan ein forventa i lønn?

– Vi har bra grunnlønn med tanke på den ganske korte utdanninga. Vi har òg ein del tillegg. Det er ein enorm variasjon på kva man tener i denne bransjen. Det kjem veldig an på kven du har som arbeidsgivar, kva type jobb du har, kva for eit ansvar du har og kor mykje erfaring du har.

Lønna kan starta på rundt 430 000 for ein som er fersk, men å tena mellom 500 000 og 700 000 er meir vanleg. Har du akkordlønn innan tunneldriving, kan du fort tena ein million i året.

Korleis ser du på sjansane til å få jobb?

– Eg byrja som nr. 13 på fjellsikringsavdelinga for sju år sidan. No er vi 55 stykke. Vi har tilsett 42 nye på desse åra, det er i snitt seks per år. Så det ein god sjanse.

Fjellsikring er litt sesongbasert med tanke på oppdragsmengde, då vinteren kan setja ein stoppar for kva jobbar som er mogleg å kunna utføra. På sommarhalvåret kunne vi sikkert hatt 20 mann til i arbeid.

Denne balansen prøver ein å utlikna med å leiga inn erfarne arbeidarar som har vore borti liknande arbeid tidlegare. Slik unngår ein permisjonar om vinteren så godt det let seg gjera.

Tekst:
Hege Enersen Bjerkelien