Zoolog som merker fugl.
Yrkesskildring

Zoolog

favoritt ikon

Zoologar studerer åtferda og samhandling til dyr. Det kan vere alt frå blåkvalar til mikroorganismar.

Zoologi er eit av fleire spesialfelt innan fagområdet biologi. Zoologi er eit stort fagfelt. Forskingsområda er mange og komplekse. Dei fleste zoologar har svært høg kunnskap om eit lite område.

Zoologar skal lære mest mogeleg om oppførselen til dyr: deira eigenskapar, mønster og forhold til omgjevnad og andre dyr. Zoologen forskar mellom anna på sjukdomar og korleis desse spreier seg dyr imellom.

Vanlege arbeidsoppgåver for zoologen:

  • gjere undersøkingar og samle inn prøver gjennom feltarbeid eller laboratoriearbeid
  • analysere og skrive rapportar om resultata

Arbeidsdagen for zoologar kan vere nok så ulik. Mange er engasjert i prosjektarbeid i laboratorium, kor ein forskar på rotter, insekt og andre dyr. Andre zoologar arbeider ute i naturen, kor ein mellom anna studerer og loggfører aktivitetsmønsteret til eit eller fleire dyr over ein gitt periode. Ein kan også sjå på paringsritual, aggresjonsåtferd og gruppementaliteten hos dyr.

Ofte arbeider zoologen saman med andre biologar eller også andre yrkesgrupper, som for eksempel naturforvaltarar.

Kvar arbeider zoologar?

Zoologar er som oftast tilsett ved universitet eller høgskolar, innan offentleg forvalting, i dyr- og miljøvernorganisasjonar, museum og dyrehagar.

Personlege eigenskapar

Som zoolog må du vere interessert i mangfaldet i naturen. Du må vere nyfiken og like å undersøke ting. Laboratoriearbeid og feltarbeid krev god konsentrasjon og tolmod. Du må kunne tileigne deg ny kunnskap basert på fysiske bevis. Som zoolog er du elles mykje ute i naturen.

Utdanning

Utdanninga er ei treårig bachelorgrad, kor du spesialiserer deg i zoologi.

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

masternivå finst det fleire typar zoologifag, til dømes marinzoologi.

Kva jobbar zoologiutdannede som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Lønna til ein zoolog vil avhenge av utdanningsnivå, ansennitet, arbeidsplass, arbeidsoppgåver og ansvarsområde.

Som forskar med doktorgrad ved ein statleg institusjon vil lønna ligge på 490 900 – 650 200 kroner i året. Ved oppnådd professorkompetanse vil du tene frå 611 700 kroner i året. (Kilde: Hovedtariffavtalen i staten 2016-2018)