Gjennomgått i samarbeid med Høyskolen Kristiania 08. desember 2022

Webdesignar

Som webdesignar lagar du internettsider og kan arbeide med både innhald og design.

Arbeidsoppgaver

Ein webdesignar kan arbeide med både innhald og design på nettside, og mange webdesignarar har òg mykje kompetanse på programmering. Nokre gonger skil ein mellom webdesignar og webutviklar  eller systemutviklar når det gjeld desse arbeidsoppgåvene. Webutviklaren har gjerne meir kompetanse på programmering, medan webdesignaren kan mykje om utforming av nettsider.

Korleis arbeidsdagen ser ut kjem an på kvar du arbeider. Dersom du driv eige selskap vil ein del av tida gå til å ha kontakt med kundane og marknadsføre firmaet. Er du derimot tilsett i eit større firma som leverer tenester innan webdesign vil du i hovudsak arbeide med utvikling og design.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein webdesignar:

  • lage spesifikasjonar av bestillingar
  • teikne skisser, skjermbilde, prototypar med meir
  • designe brukarvennlege nettsider og applikasjonar
  • gjennomføre brukartestar, overvake og analysere bruk av nettsider
  • kundemøte og kundekontakt

Ein webdesignar må ha forståing for brukarane sin åtferd på internett, og vere i stand til å lage nettsider som gjør brukaropplevinga best mogleg.

Webdesignaryrket er i rask utvikling. Det er viktig å halde seg oppdatert, både når det gjeld teknikk og programvare, og på korleis internettbrukarar navigerer og leiter etter informasjon på nettsider.

Kunnskap om interaksjonsdesign er ein fordel. Yrket webdesignar har fellestrekk med mediegrafikargrafisk designarmediedesignar, front end-utviklar og interaksjonsdesignar. Mange webdesignarar er utdanna som interaksjonsdesignar.

 

Kor jobbar webdesignarar?

Som webdesignar kan du vere tilsett i verksemder som sel webdesigntenester til andre verksemder, eller i store verksemder som treng sine eigne webdesignarar. Du kan òg drive eige føretak, som sjølvstendig næringsdrivande.

Intervjuer

Portrettbilde av webdesigner Tommy Gamst Vitikka. Han har på seg grå genser over en grå skjorte og et fjell i bakgrunnen.

Webdesigner

Tommy Gamst Vitikka

Å være UX-designer handler mye om å finne ut av behovet til kunden, forteller Tommy Gamst Vitikka som driver Europas nordligste digitalbyrå.

Viktige eigenskapar

Som webdesignar må du ha estetisk sans og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Du bør vere strukturert og kunne takle tidspress og eit høgt arbeidstempo.

Lønn

Utdanning

Webdesignarar kan ha svært ulik utdanningsbakgrunn. Nokre er sjølvlærte, medan andre har høg formell kompetanse innan til dømes webdesign, multimediadesign, grafisk design, macdesign eller programmering. Du kan utdanne deg både på høgskole- og universitetsnivå, samt på fagskole.

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 516409 - Fagskoleutdanning, interaksjonsdesign, toårig
  • 654108 - Høgskolekandidat, informasjonsteknologi, treårig
  • 554136 - Fagskoleutdanning, web- og multidesign, toårig
  • 554167 - Fagskoleutdanning, webdesign, ettårig
  • 554137 - Fagskoleutdanning, webkandidat, ettårig
  • 654124 - Bachelor, webbaserte tjenester, treårig

Bedrifter som ansetter webdesignarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med webdesignarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3471129 - WEBDESIGNER
  • 3471118 - WEB-DESIGNER
  • 3471140 - UX-DESIGNER

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Ein dataelektroniker installerer, kontrollerer, held ved like og reparerer elektroniske installasjonar og utstyr.
Dataingeniør som jobbar på datamaskin.

Dataingeniør

Som dataingeniør jobbar du med systemutvikling og drift av maskiner eller system.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Forsker studerer isformasjon i en hule

Geofysikar

Geofysikarar skal forklare, og nokon gangar føresjå, det som skjer i jorda sitt indre og ytre.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Gullsmed i arbeid

Gullsmed

Som gullsmed skapar du smykke og andre gjenstandar av edle metall.
Ung IKT-servicemedarbeidar jobbar på PC.

IKT-servicemedarbeidar

Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift og vedlikehald av nettverk og programvare, brukarstøtte og service.

Relaterte lenker