Gjennomgått i samarbeid med Samtext, Kreativt Forum 07. april 2022

Tekstforfattar

Ein tekstforfattar formar idear og skriv tekstar til alt frå reklameannonsar til scene og TV-program.

Arbeidsoppgaver

Tekstforfattarar kan arbeide med svært ulike ting avhengig av kvar ein er tilsett, men felles for alle er at ein skal skrive gode tekstar. Tekstane er ofte korte.

Som tekstforfattar i reklamebransjen er målet ofte å få mottakaren til å ønske å kjøpe ulike produkt. Det handlar gjerne om å fortelje ein allereie kjent bodskap på ein fengjande og annleis måte, men samstundes presist og lett forståeleg. Arbeidet handlar mykje om å lage annonsar, plakatar, emballasje, reklamefilmar og anna materiale. Oppdraga treng ikkje berre å handle om kjøp og sal, men kan òg dreie seg om å endre haldningar. I dag handlar ikkje reklame berre om sal av materielle produkt, men òg om arbeid med eksempelvis ideelle organisasjonar. 

Som tekstforfattar kan du også forme tekst til TV-program, skrive taler, revy, songar eller tekst til nettsider.

Tekstforfattarar kan samarbeide tett med andre medarbeidarar, til dømes art director, grafisk designar og andre som jobbar med kommunikasjon.

Ein tekstforfattar kan ha som oppgåve å arbeide med kommunikasjon både innetter i ei verksemd, og utetter mot produktet eller tenesta si målgruppe.

Kor jobbar tekstforfattarar?

Ein tekstforfattar vil du finne i eit reklamebyrå og i store verksemder si marknads- eller kommunikasjonsavdeling. Fleire arbeider frilans og er sjølvstendig næringsdrivande. 

Intervjuer

Tekstforfatter Hanne Elisabeth Lia portrett

Tekstforfatter

Hanne Elisabeth Lia

– Språk og grammatikk går hånd i hånd, og selv er jeg en råtass på grammatikk, sier Hanne Elisabeth som alltid har vært interessert i tekst.

Viktige eigenskapar

Som tekstforfattar bør du vere kreativ, idérik og kunne uttrykke deg skriftleg. Vidare bør du ha kjennskap til ulike målgrupper, og evna til å formidle bodskapen til målgruppa. 

Lønn

Utdanning

Ofte har tekstforfattaren bakgrunn som journalist, kommunikasjonsrådgjevar, eller innan reklame og marknadsføring.

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 412301 - Tekstforfatterutdanning, toårig
  • 612302 - Bachelor, tekst og skribent, treårig
  • 612301 - Forfatterutdanning, lavere nivå
  • 712302 - Master of Philosophy, documentary and fiction
  • 712301 - Master of Philosophy, screenwriting
  • 615215 - Bachelor, manus – scenetekst og tv-drama, treårig
  • 535207 - Fagskoleutdanning, manus og tekst for TV, ettårig

Bedrifter som ansetter tekstforfattarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med tekstforfattarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3419135 - TEKSTFORFATTER (REKLAME)
  • 2551123 - MANUSKONSULENT
  • 2551122 - TEKSTFORFATTER
  • 2551120 - MANUSFORFATTER
  • 2551117 - SKRIBENT
  • 2551108 - FILMMANUSFORFATTER (FILMFORFATTER)

Andre yrke

En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Fotojournalist tar bilde av en kvinne på en bro

Fotojournalist

Som fotojournalist formidlar du situasjonar, hendingar og nyheiter gjennom bilde og video.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Illustrasjonsbilde av en mann foran en datamaskin.

Interaksjonsdesignar

Interaksjonsdesignaren formar ut brukargrensesnitt for nettstader, programvare og andre tekniske system vi nyttar i kvardagen.
Journalist intervjuer kvinne

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.
Kommunikasjonsrådgiver i møte.

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgjevar har ansvaret for å kommunisere bodskapen til bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar medium.

Relaterte lenker