Gjennomgått i samarbeid med Norsk Industri 01. september 2016

Sveisar

Ein sveisar fører metalliske materiale saman ved press eller ved hjelp av varme.

Arbeidsoppgaver

Som sveisar er jobben din å utføre sveisearbeid på ulike konstruksjonar av metalliske materialar. I dag går om lag halvparten av stålproduksjonen i verda til sveisa konstruksjonar og produkt. Dagens sveisemetodar gjer det mogleg å sveise dei aller fleste metall.

Ein sveisar jobbar med å sveise saman metallkonstruksjonar, alt frå små elektronikkdelar til store konstruksjonar. Du kan jobbe med sveising av båtar, bygg, maskinar og delar til industrien. Arbeidet varierer etter kvar du jobbar og med kva produkt. Arbeidstida kan og variere.

Det finst mange sveisemetodar, men det er to hovudgrupper:

  • pressveising, der du må bruke press for å føre delane saman
  • smeltesveising, der delane blir smelta saman ved hjelp av varme, men utan å bruke press

Vanlege arbeidsoppgåver for ein sveisar:

  • jobbe etter arbeidsinstruksjonar, teikningar og sveiseprosedyrer (WPS)
  • handtere materialar, hjelpestoff og verktøy for materialhandsaming
  • utføre sveiseprosessar etter ein gitt metode
  • vedlikehald og feilsøking på sveiseutstyr

Du kan kombinere sveisaryrket med klatring og dykking.

Kor jobbar sveisarar?

Som sveisar jobbar du innan mellom anna kjemisk og mekanisk industri, skipsbygging, treforedling og i oljeverksemd både på land og til havs.

Intervjuer

Portrettbilde av en dame med langt, svart hår. Hun har rød jakke på seg. I bakgrunnen er en grå, uklar bakgrunn.

Sveisetekniker

Nathalie Hayes

– Min ambisjon strakk seg utover det å være sveiser, jeg ønsket å mestre både det praktiske og det teoretiske som ligger til grunn, forteller Nathalie.
Portrettbilde av sveiser Ann-Kristin Vaagen, en ung kvinne med langt lyst hår, hjelm og hørselsvern og gul arbeidsjakke

Sveiser

Ann-Kristin Vågen

– Jeg anbefaler å bli sveiser til personer som synes det er artig å bygge og se at et prosjekt blir ferdig, forteller Ann-Kristin Vågen.

Viktige eigenskapar

Som sveisar må du vere i stand til å arbeide sjølvstendig, men òg kunne samarbeide med andre. Du treng anlegg for praktisk arbeid og evne til å jobbe nøyaktig og planmessig. Det er viktig å vareta eigen og andre sin tryggleik når du arbeider.

Lønn

Utdanning

Etter- og videreutdanning
Med godkjent utdannings- og erfaringsbakgrunn kan du vidareutdanne deg til sveiseinspektør i regi av Norsk Sveiseteknisk Forbund. I tillegg er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Dei vanlegaste jobbane blant sveisarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 455239 - Sveisefaget, Vg3
  • 555224 - Fagskoleutdanning, sveiseteknikk, toårig
  • 555214 - Fagskoleutdanning, sveiseteknikk
  • 555206 - Teknisk fagskole, linje for sveiseteknologi
  • 455234 - Plate-, sveise- og stålkonstruksjonsfag, videregående, avsluttende utdanning
  • 555235 - Fagskoleutdanning, sveising for leverandørindustrien, 10 studiepoeng

Bedrifter som ansetter sveisarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med sveisarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7212108 - SVEISER
  • 7212113 - SPESIALARBEIDER (SVEISING)
  • 8281105 - MONTØR (TEKNISKE HJELPEMIDLER)
  • 8281101 - MONTØR (PRODUKSJON AV TRANSPORTMIDLER)
  • 7212119 - MPI-KONTROLLØR (SVEISING)
  • 7212118 - SENIOR SVEISEINSPEKTØR
  • 7212117 - SVEISEINSPEKTØR
  • 7212112 - FORMANN (SVEISING)
  • 7212110 - FAGARBEIDER (SVEISING)
  • 7212107 - RØRSVEISER
  • 7212103 - GASSVEISER
  • 7212121 - SVEISEKOORDINATOR (FAGARBEIDER)

Andre yrke

Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Betongarbeider støper gulv

Betongfagarbeidar

Ein betongfagarbeidar produserer betongkonstruksjonar til bygg- og anleggsverksemd.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
En brannforebygger klargjør feierutstyret sitt ved bilen

Brannførebyggar

Ein brannførebyggar, eller feiar som det heitte tidlegare, reingjer piper og ventilasjonsanlegg og har tilsyn med fyringsanlegg.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.