Gjennomgått i samarbeid med Norsk skuespillerforbund 14. januar 2022

Skodespelar

Som skodespelar jobbar du med innspelingar til film og TV eller på ein teaterscene. Du kan også opptre i høyrespel eller som stemme i dataspel.

Arbeidsoppgaver

Skodespelaren bruker kropp og stemme til å spele ei rolle for eit publikum.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein skodespelar:

  • analysere manuset til teaterstykket eller filmen du jobbar med
  • lære replikkar og scenar utanåt.
  • sette seg inn i kjenslene og tankane til karakteren, for så å kunne uttrykke dette for publikum 
  • samhandle med instruktøren og dei andre skodespelarane og avgjere korleis du skal framføre rolla di

Kor jobbar skodespelarar?

Dei fleste skodespelarar jobbar tar ulike oppdrag utan å ha ein fast arbeidsgivar. Det vanlegaste er at skodespelarane er engasjerte innanfor teater, film, reklame eller TV. Mange frilansarar jobbar med egne produksjonar. 

Nokre skodespelarar jobbar ved institusjonsteater, der det kanskje mest kjente er Nationaltheatret i Oslo. Dei fleste regionane har eigne teater, som Hålogaland Teater i Tromsø, Trøndelag Teater i Trondheim, Den Nationale Scene i Bergen og Rogaland Teater i Stavanger. Mange skodespelarar er også engasjerte i frie teatergrupper som blir drivne av enkeltpersonar eller kompani.

Skodespelarar jobbar også med film- og TV-produksjonar i Noreg eller utlandet. 

Skodespelaren kan også opptre berre med stemma – for eksempel i høyrespel på radio, i lydbøker, eller som stemme i teiknefilm, reklame eller dataspel.

Intervjuer

En mann i svart hettegenser

Skuespiller

Kim Jøran Olsen

– Ti dager før premiere stiger hjerterytmen betraktelig. Men å være nervøs før hver forestilling, betyr for meg at jeg fortsatt bryr meg, forteller Kim Jøran.

Viktige eigenskapar

Som skodespelar bør du vere utåtvend og ikkje redd for å opptre framfor eit publikum. Du bør ha talent, vere kreativ og ha evne til å setje deg inn i ulike roller. I tillegg til å kunne lese og fortolke litteratur, er det ofte ein fordel å kunne noko innanfor dans og song.

Skodespelaren bruker kroppen mykje, og det er ein fordel å vere i god fysisk form. Du må også takle uregelrett arbeidstid, sidan framføringar og innspelingar kan gå føre seg både på dag- og kveldstid. 

Lønn

Utdanning

Det finst tilbod om skodespelarutdanning fleire stader i Noreg. Innhaldet i utdanninga kan variere frå studiestad til studiestad. Skodespelarutdanning er ofte svært praktisk retta, mens ei generell dramautdanning ofte er teoretisk og pedagogisk retta. 

Ei rekke folkehøgskolar har eittårige teaterlinjer. Alle over 18 år kan søke på folkehøgskole, og nokre skolar tar også mot elevar under 18 år. Mange skolar i utlandet tilbyr også skodespelarutdanning. Det kan vere lurt å sjekke at utdanninga er godkjent av Lånekassen, og at ho fører fram til ein grad. 

Merk at ikkje alle utdanningar kvalifiserer til medlemskap hos Norsk Skuespillerforbund. 

Etter- og vidareutdanning

Kunsthøgskolen i Oslo tilbyr praktisk-pedagogisk vidareutdanning i teater for skodespelarar og regissørar. Fleire skolar i utlandet tilbyr mastergradar i skodespel. 

Dei som jobbar som skodespelarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant teater- og filmutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 6152 - Teater- og filmutdanninger
  • 415202 - Teaterskole, linje for skuespillere, treårig

Bedrifter som ansetter skodespelarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med skodespelarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2555102 - SKUESPILLER
  • 2555107 - INNLESER (ROMANER O.L.)
  • 3473109 - STAND-UP KOMIKER

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
En voksen og et barn ser sammen i en åpen bok. Begge holder en blyant.

Lingvist

Ein lingvist er ein person som forskar på, eller jobbar med språk og tale. Lingvistar kan også kallast språkforskarar eller språkvitarar. Som lingvist har du utdanning innan språkvitskap.
Lydtekniker i arbeid

Lydteknikar

Som lydteknikar er du ansvarleg for at opptak, avspeling og formidling av lyd går føre seg på ein god måte.
Musikere

Musikar

Musikarar skaper, framfører og koordinerer musikk innan ei rekke sjangrar og stilarter.
Musikkpedagog underviser elevene i å spille fiolin.

Musikkpedagog

Musikkpedagogen underviser i musikk. Som musikkpedagog må du ha ei evne til å inspirere og til å formidle vidare kunnskap.
En dame sitter foran en PC, foran skjermen ligger en åpen bok med tekst

Omsetjar

Omsetjarar omset skrifter frå eit språk til eit anna.