Gjennomgått i samarbeid med NSF - Norsk sykepleierforbund 15. september 2023

Sjukepleiar

Som sjukepleiar jobbar du med menneske. Du førebygger og behandlar sjukdom.

Arbeidsoppgaver

Som sjukepleiar kan du jobba med dei som er akutt eller kronisk sjuke og personar med psykiske lidingar og/eller rus.

Sjukepleiarar jobbar med menneske i alle aldrar, frå fødsel til alderdom og død, og menneske frå alle kulturar og samfunnslag. Derfor er det viktig med gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling.

Ein sjukepleiar skal ha kompetanse og haldningar som dannar grunnlag for likeverdige tilbod om helsehjelp for alle grupper i samfunnet.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein sjukepleiar:

  •  helsefremjande og førebyggande arbeid gjennom undervisning, råd og rettleiing
  • behandla sjukdom, og lindra plager og ubehag, gi omsorg og redde liv
  •  observera og vurdera pasientar tilstand og behov
  •  administrera medikament og utføra prosedyrar
  • læra folk å leva eit liv med sjukdom, meistring og rehabilitering
  • utføra helsekontroll
  • vareta både pasienten og dei pårørande
  • delta i fagutvikling, betrings- og endringsarbeid
  • bruka teknologi og digitale løysingar som støttar ressursane i pasientar- og pårørande, meistringsmoglegheiter og medverknad

Ein viktig del av arbeidet til ein sjukepleiar er samarbeid med andre, både pasientar, pårørande, anna helsepersonell, politi, brannvesen, teknisk personell og liknande. Som sjukepleiar må du kunna leiga og ta ansvar for samarbeidet.

Når du har bestått alle eksamenar og praksisperiodar inkludert bachelorgrada, må du søka om autorisasjon for å jobba som sjukepleiar. Dette får du gjennom Helsedirektoratet.

Nokre sjukepleiarar vel å ta vidareutdanning og spesialisera seg. Då kan du blant anna bli jordmor, helsesøster, barnesjukepleiar, anestesi-, operasjons- eller intensivsjukepleiar.

Kor jobbar sjukepleiarar?

Sjukepleiarar jobbar på alle avdelingar på sjukehus, slik som akuttmottak, fødestuer og kirurgiske og medisinske avdelingar. 

Sjukepleiarar jobbar også på sjukeheimar, bu- og rehabiliteringssenter, helsestasjonar, i skolehelsetenesta, psykisk helsevern, i bedriftshelsetenesta, rådgivingstenester og i Forsvaret. Sjukepleiarar har hovudansvaret innanfor helsetenesta i kommunane og leier sjukeheimane og heimesjukepleia. 

Det er også mogleg å jobbe med forsking og undervising. Dersom du har lyst til å jobbe i utlandet, kan du til dømes søke jobb i ein hjelpeorganisasjon. 

 

Intervjuer

Med et stort smil åpner Christina Livgard til Prindsen Mottaksenter i Oslo. Et lavterskeltilbud for den hardeste rusen i hovedstaden.

Spesialsykepleier innen psykisk helse og rus

Christina Livgard

Skadereduksjon og overdoseforebygging er selve kjernen i jobben til Christina Livgard. På mottakssenteret i Oslo sentrum er døra åpen for de som trenger det.
Portrettbilde av en internsivsykepleier. Hun har blå uniform, grått hårnett og smiler i kamera.

Anestesisykepleier

Lisa-Mari Øyre

De fleste sykepleiere flyr mellom pasienter, men når vi har én pasient, så sitter vi med den helt til de er ferdige med operasjonen sin, sier Lisa-Mari Øyre, anestesisykepleier på Diakonhjemmet.
Sykepleier Erik Tørud står med hendene i siden iført hvitt arbeidstøy med navneskilt. Han har tatoveringer på armene, mørkblondt, kort hår, litt skjegg og bart. Han smiler til kameraet. Bak ham er det skjermer og apparater som han benytter i jobben.

Sykepleier

Erik Tørud

Erik Tørud var aktiv som barn, og det ble noen turer til legevakten. Det var der han fikk ideen om å bli sykepleier.
Portrett av sykepleier Sille Næsheim

Sykepleier

Sille Næsheim

– Da jeg var nyutdannet søkte jeg på 20 jobber som sykepleier, og fikk 19 av de, sier Sille Næsheim.

Viktige eigenskapar

Ein sjukepleiar må vere omgjengeleg, snarrådig, sjølvstendig, og i stand til å ta leiinga i kritiske situasjonar. Du må tørre å ta ansvar og kunne setje deg inn i pasientens situasjon, slik at du klarar å hjelpe pasienten på best mogleg måte. Du må også vere flink til å kommunisere både med pasient, pårørande og kollegaer. Du må òg vere innstilt på å lære å bruke datateknologi og teknisk utstyr, og følge med på forsking innan det du jobbar med. 

Lønn

Utdanning

Viss du ikkje har studiekompetanse kan du på nokon høgskular og universitet søka på sjukepleieutdanninga på grunnlag av realkompetanse. (Kravet til gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk og matematikk gjeld òg ved opptak gjennom realkompetanse.)

Vidareutdanningane stiller krav til fullført grunnutdanning, autorisasjon som sjukepleiar og vanlegvis å ha jobba eitt til to år som sjukepleiar. Dette kan du lesa meir om på den enkelte viderutdanning.

Dei som jobbar som sjukepleiarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant sjukepleiarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 6611 - Sykepleiefag
  • 7611 - Sykepleiefag

Det finst mange sjukepleiespesialiseringar.

Sjå oversikt

Bedrifter som ansetter sjukepleiarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med sjukepleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3231114 - SYKEPLEIER (PSYKISK HELSEAREID)
  • 3231113 - FAGKONSULENT (SYKEPLEIER)
  • 3231112 - OPPLÆRINGSSYKEPLEIER
  • 3231111 - LEDENDE SYKEPLEIER
  • 3231110 - DAGSENTERLEDER (SYKEHJEM)
  • 3231109 - SYKEPLEIER
  • 3231108 - POLIKLINIKKSYKEPLEIER
  • 3231107 - DISTRIKTSLEDER (SYKEPLEIER)
  • 3231106 - ASSISTERENDE OVERSYKEPLEIER
  • 3231105 - HYGIENESYKEPLEIER
  • 3231104 - ASSISTERENDE AVDELINGSSYKEPLEIER
  • 3231103 - OFFENTLIG GODKJENT SYKEPLEIER
  • 3231102 - HJEMMESYKEPLEIER
  • 3231101 - BEDRIFTSSYKEPLEIER
  • 2230128 - LEDENDE SPESIALSYKEPLEIER
  • 2230127 - RØNTGENSYKEPLEIER
  • 2230124 - AVDELINGSSYKEPLEIER
  • 2230123 - ANESTESISYKEPLEIER
  • 2230122 - PSYKIATRISK SYKEPLEIER
  • 2230121 - PEDIATRISYKEPLEIER
  • 2230119 - PEDRIATISK SYKEPLEIER
  • 2230117 - NARKOSESYKEPLEIER
  • 2230116 - BARNESYKEPLEIER
  • 2230115 - FAGUTVIKLINGSSYKEPLEIER
  • 2230114 - KREFTSYKEPLEIER
  • 2230112 - KLINISK SPESIALIST (SYKEPLEIE)
  • 2230110 - GERIATRISYKEPLEIER
  • 2230107 - SPESIALSYKEPLEIER
  • 2230106 - OVERSYKEPLEIER
  • 2230104 - OPERASJONSSYKEPLEIER
  • 2230103 - ONKOLOGISYKEPLEIER
  • 2230101 - INTENSIVSYKEPLEIER
  • 1228146 - SJEFSSYKEPLEIER (OFFENTLIG VIRKSOMHET)

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.